Kortnytt

Praksis på plass i Bergen

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå måndag 15. februar vil studentar i høgare utdanning få koma tilbake i praksis igjen. Det melder Bergen kommune på sine nettsider.

— Det er fint at dette no er på plass og at aktuelle studentar, praksisfelt og me som høgskule får dette avklart no før helga. Det har vore jobba godt og alle partar har vore løysingsorienterte, seier rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.

Han rosar studentane.

— Ein takk óg til studentane våre som har vore tolmodige, seier Yttri.

Fredag deltok han på eit møte med Bergen kommune, Statsforvaltaren og Helsedirektoratet, i tilegg til andre utdanningsinstitusjonar i Bergen og Utdanningsdirektoratet. Her blei ting avklart.

Dermed kan studentane igjen få den praksisen på Bergen kommune sine ulike arbeidsplassar.

– I går fekk me ei god avklaring frå Kunnskapsdepartementet, og i dag har me fått på plass ei god løysing i lag med Bergen kommune, seier Gunnar Yttri.

(Tor Arne Fanghol / Khrono)

Powered by Labrador CMS