Kom, seier høgskulen. Men kjem dei? 

Lærer i Nordvest. Lærerrekruttering i regi av Høgskulen i Volda, på besøk i Brattvåg.
Iris Hansen (til venstre) og Kristin Johnsen Eide har jobba fleire år i barnehage, men utan pedagogisk utdanning. Dei har møtt opp til Høgskulen i Volda sitt lokkemøte i Brattvåg for å høyre om korleis dei kan ta steget.

På leiting etter ein lærar

Ho hamna der litt tilfeldig. 

Ho hadde jobba som vikar i barnehage tidlegare, før ho kom til kommunen, før ho gjekk inn i mammapermisjon med tvillingar. Planen var derimot ikkje å jobbe i barnehage vidare. Men jobb trengde ho, og så dukka det opp eit engasjement, det var ikkje unaturleg å legge inn ein søknad. 

Ho fekk jobben, og det gjekk ikkje lang tid før framtidsplanane endra seg. 

— Eg blei tatt så godt imot, forklarer Iris Hansen. 

Etter snart 10 år som assistentjobb i barnehagen i Brattvåg, kommunesenteret i Haram kommune i Møre og Romsdal, er ho klar til å ta neste steg. Eller i alle fall snuse på det, finne ut om det lar seg gjere å legge det inn den store timeplanen, som heiter kvardagen, livet. 

To representantar frå Høgskulen i Volda er i rommet, i eit seminarrom i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, der dei gjer sitt beste for å lokke dei frammøte inn på lærar- og barnehagestudia. 

— Det handlar om å gjere ein forskjell, er refrenget. 

Bakom syng den etter kvart mykje omtalte lærarkrisa, og barnehagelærarkrisa. Høgskulen treng studentar, kommunen — skulane og barnehagane — manglar kvalifiserte medarbeidarar. 

— Kvifor er vi her?

Inspirert av eit allereie utprøvd konsept i dei nordlege landsdelane, har Høgskulen i Volda sett i gang sitt eige forsøk på å turnere seg til høgare søkartal på lærar- og barnehagelærarutdanningane sine. 

Lærar i Nordvest, heiter tiltaket. I løpet av seinvinteren reiser representantar frå høgskulen rundt til kommunar i fylket for å legge fram gode grunnar til å søke og bli student. 

Pilene peikar nedover, og brattare skal dei bli.

Lærar i Nordvest. Høgskulen i Volda, kampanjetur til Brattvåg.
Kom til Volda og bli tatt godt imot, oppmodar studieleiar Kathrine Skarseth. Forfattaren, NRK-mannen — og læraren — Ingebrigt Davik smiler frå veggen.

For barnehagelærarutdanninga i Volda går 50 studentar ut med utdanning i handa i år. Neste år blir det 40, og året etter der ligg det an til 30. Tendensen er lik for utdanningane til grunnskulelærar 1—7 (trinn) og grunnskulelærar 5—10. 

— Kvifor er vi her? Jau, fordi altfor få vil til Volda for å bli lærarar, seier Elisabeth Welle, studieleiar for barnehageutdanninga. 

— Færre og færre går rett på studiar etter vidaregåande. Eg forstår godt at mange vil ha eit friår etter så mange år med skule og eit gjennomorganisert liv. Det vi ser, er at mange «dett» inn i yrket som vikar i barnehagar eller skular. 

Det er nettopp mange av dei LærariNordvest-prosjektet vil nå, dei som ikkje heilt veit, som dei kan få til å dette, rett veg. På barnehagestudiet er derfor fleksibiliteten skrudd opp:

Du kan studere på fulltid i tre år, den tradisjonelle varianten. Du kan ta det på deltid, med samlingar undervegs, på fire år. Eller du kan ta ei såkalla arbeidsplassbasert utdanning, også denne over fire år, med seks samlingar supplert med digitale møte. 

For å utdanne deg til grunnskulelærar i Volda, må du derimot vere der på fulltid, for å ta den femårige mastergraden. Men — for å lokke dei ubestemte, dei som lurer, eller manglar desimalar på vitnemålet — akkurat i år er det dispensasjon frå karakterkrav. Generell studiekompetanse held, uansett. 

Land, strand og studentar

Dei utgjer om lag ei halv skuleklasse i talet, dei som har møtt opp på Ingebrigt Davik-huset i industribygda Brattvåg denne tysdagskvelden — i tillegg til representantane frå Volda og frå Haram kommune. 

Lærer i Nordvest. Lærerrekruttering i regi av Høgskulen i Volda.
Pizza, drops og kortstokk er med i bagasjen når Høgskulen i Volda reiser rundt i regionen for å rekrutterer lærar- og barnehagelærarstudentar.

Kommunen har rikeleg med argument for å samarbeide med høgskulen. Å halde dei 205 årsverka i barnehagar og skular i kommunen oppe, går ikkje av seg sjølv. Og som elles i samfunnet, det blir raskt fleire pensjonistar også i denne sektoren. 

— Behovet er her og no. Eg er også litt bekymra for framtida, seier Lill-Therese Eidsvik i sitt innlegg, og legg til at kommunen ønsker å legge til rette for at folk skal kunne vere i arbeid og studere på same tid.

Det allereie utprøvde konseptet, som Volda har blitt inspirert av, kjem frå Nord universitet. 

I eit par år har dei gjennomført kampanjar og samarbeidd med kommunane og tråla land og strand i Nordland og Trøndelag for å snakke opp, oppmuntre og rekruttere potensielle studentar, på vidaregåande skular og samfunnshus. 

— Mediebildet som er teikna av lærar- og barnehagelæraryrka har vore negativt over nokre år. Det er viktig for oss få fram det positive, dei gode historiene frå dei som jobbar der ute i dag, seier Elisabeth Welle. 

Sjøsjuk? Bli lærar!

Det blir sett fram pizza. På bordet har høgskulen dryssa utover litt merch, reklameartiklar: sjokolade med logo, brosjyre og ein original kortstokk med studietilbod på korta. 

Lærar og barnehagelærar er spar ess. 

Tuva Bigseth, på møte med LærariNordvest
Tuva Bigseth er tilbake på vidaregåande, etter kokkeutdanning og teneste i Forsvaret. No vurderer ho å satse på læraryrket.

Tuva Bigseth er 20 år og går på vidaregåande, fjerde år påbygging. Ho begynte på ein kabal, men no er ho usikker på kva kort ho skal legge. Etter to år med yrkesfag, kokkelinje, fekk ho læretid om bord på fregatt, i marinen. Det var ei strålande tid, men med eit vesentleg minus.

Ho blei sjøsjuk. Så no vurderer ho å bli lærar. 

— Eigentleg veit eg ikkje om eg vil det, heller. Men eg trur det kan vere eit givande yrke. Eg liker å jobbe med barn, og har jobba som støttekontakt, seier ho. 

Denne typen, tilsynelatande litt ubestemmelege ruta mot målet, er verdifull, påpeikar Elisabeth Welle, studieleiaren. 

FAKTA

Lærar i Nordvest

  • LærariNordvest er ei ny satsing ved Høgskulen i Volda (HVO), og er eit samarbeid mellom kommunane i regionen og høgskulen.
  •  Målet for satsinga er å rekruttere og utdanne dyktige lærarar, som igjen skal sikre at grunnskular og barnehagar på nordvestlandet har nok kvalifiserte lærarar i framtida (kjelde: Høgskulen i Volda)

— Vi treng fleire typar lærarar. Ungane og ungdommane er ulike med ulike bakgrunnar. Derfor treng vi også ulike lærarar med ulike bakgrunnar. 

Nasjonale, men …

Så langt Khrono kjenner til, er Nord universitet med sitt pionerprosjekt og Høgskulen i Volda med sin oppfølgar, dei einaste som har satsa på kampanjar av typen LæreriNord og LærariNordvest

Men no kjem fleire etter: 

I løpet av våren skal også Høgskulen på Vestlandet sjøsette sin versjon, LærariVest, i samarbeid med Karmøy, Sogndal og Årdal kommunar.

Leiar i Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering, Ingvild Brekke Myhre, seier til Khrono at utdanningsinstitusjonane er nøydde til å tenke nytt om rekrutteringsarbeidet. 

— Arbeidsgivarane må også tenke nytt og vise seg fram som attraktive for nye kandidatar, utan at dei treng å prise kvarandre ut med ulike kronetillegg frå kommune til kommune. Utdanningsinstitusjonane er konkurrentar, men også samarbeidspartnarar, seier ho. 

Lærar i Nordvest på besøk i Brattvåg
Pensjonsbølga er i gang, og dei som tar lærar- eller barnehagelærarutdanning har gode kort på jobbmarknaden. På bildet, studieleiar Kathrine Skarseth (til venstre) og styrar i barnehage i Brattvåg, Ragnfrid Vidnes.

Myhre peikar også på, at sjølv om utdanningsinstitusjonane ynskjer å rekruttere nasjonalt, rekrutterer dei fleste i stor grad regionalt til lærarutdanningane.

Langs kysten er Høgskulen i Volda den einaste lærarutdanninga mellom Trondheim og Bergen. 

Sjå og bli sett

På Ingebrigt Davik-huset nærmar det seg ei oppsummering. 

Ingebrigt Davik (1925-1991), ein av Brattvågs store søner, er kjent for dei som har levd ei stund. Han var i tillegg til å vere kjent som NRK-mann og forfattar av barnebøker som Taremareby, utdanna lærar.

Frå eit digert portrett på veggen kikar han ut på dei potensielle studentane med sitt milde blikk. Tar dei steget? Hit eit steg? Dit eit steg? 

— Eg har allereie kome inn, seier Kristin Johnsen Eide. 

Ho sit ved sidan av Iris Hansen, dei jobbar saman i same barnehage. Eide er ein av dei som «datt» inn i jobben. Ho meiner læraryrket, i alle fall barnehagelæraryrket, har fått eit ufortent dårleg rykte. 

— Mange har sagt det, når eg fortel kvar eg jobbar. «Jobbe i barnehage? Aldri!». 

Sjølv har ho landa på for alltid — fordi jobben gir meining, å jobbe med ungane. Og fordi ho liker seg med kollegaene. 

«Å gjere ein forskjell», er slagordet til Lærar i Nordvest. Kva er meir meiningsfylt enn det, å kunne gjere ein forskjell for eit ungt menneske, på veg inn i livet og framtida? 

Lærer i Nordvest. Lærerrekruttering i regi av Høgskulen i Volda, på besøk i Brattvåg.
Dei vil ha fram dei positive historiene frå læraryrket, Elisabeth Welle (til venstre) og Kathrine Skarseth frå Høgskulen i Volda.

Kristin Eides kollega, Iris, smiler, ho kan skrive under på det med gode kollegaer. 

— Eg kjende meg sett på arbeidsplassen, seier ho, faktisk var det gode arbeidsmiljøet meir enn at det akkurat var barnehagejobb som gjorde at ho blei der. 

Når ein blir sett, kan ein også sjå, meiner ho — sjå ungane, sjå kvarandre. Ho meiner at ho har utvikla seg som menneske i åra som assistent i barnehagen ho har jobba i Brattvåg, i Haram kommune. Ungane gir tilbake. 

— Eg var sjølv eit stille barn, ei som ikkje stakk seg fram. Eg ser dei barna, dei som ikkje så lett blir sett, seier Iris Hansen. 

Snart blir ho kanskje å sjå i Volda. 

Powered by Labrador CMS