Forskingsrådet set for første gong krav til kjønnsbalanse i ny utlysing
Kjønnsbalanse. Forskingsrådet trappar opp arbeidet med å betre kjønnsbalansen i toppen av norsk forsking. I 2020 vil dei ha 40 prosent kvinnelege senterleiarar blant søkarane til Senter for framifrå forsking (SFF).
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det første tiltaket er lansert, etter at Forskingsrådet like før sommaren i fjor lanserte ein ny policy for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i forskning og innovasjon.
Forskingsrådet set inn eit ekstra gir for å betre kjønnsbalansen i toppsjiktet og set no krav til at institusjonar som sender inn fem eller fleire søknader til Senter for framragande forsking (SFF) i 2020, har minst 40 prosent kvinnelege senterleiarar i sine søknader.
Det er fleire gode, kvinnelege forskarar å ta av i veldig mange miljø. Så dette skal vere både realistisk og godt mogleg å gjennomføre.
John-Arne Røttingen
Ved førre tildelingsrunde i 2017, var delen kvinnelege senterleiarar på berre 10 prosent.
— Vi ser at vi ikkje fekk til ein god kjønnsbalanse i førre tildelingsrunde, difor vil vi gjere noko med dette no, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, til Khrono. Han legg til:
— Det er viktig med gode rollemodellar i sektoren og det å vere leiar for eit SFF er ei synleg og tydeleg forskingsleiarrolle som kan bidra til å inspirere andre. Det er fleire gode, kvinnelege forskarar å ta av i veldig mange miljø. Så dette skal vere både realistisk og godt mogleg å gjennomføre.
— Kvifor stiller de ikkje dette kravet til dei som sender inn færre søknader?
— Det vil alltid vere tilfeldig variasjon både i fagmiljø og ekspertise. Difor er det krevjande å stille eit slikt krav til institusjonar som berre sender inn eit par søknader. Men vi ønskjer at det skal vere god kjønnsbalanse blant senterleiarane i den totale søknadsbunken. Vi håper denne auka bevisstheita og forventningane til dei store institusjonane vil bidra til det, seier Røttingen.
Positiv utvikling i kjønnsbalanse — men ikkje blant senterleiarane
Det er etter å ha sett på utviklinga i kjønnsbalansen på ulike nivå i SFF-sentera opp gjennom åra, at Forskingsrådet har kome fram til at det er på senterleiar-nivå dei no vil sette inn tiltak.
For medan kjønnsbalansen blant stipendiatar og forskarar i SFF-sentera har utvikla seg positivt, fell kvinnene framleis av på veg mot toppen.
I 2018 var 45 prosent av PhD-stipendiatane og 41 prosent av postdoktorane i sentera kvinner. Og frå 2008 til 2018 auka delen kvinnelege forskarar, førsteamanuensar og professorar i sentera frå 20 til 37 prosent.
Når det kjem til senterleiar-nivået, så er fasiten slik: Blant senterleiarane for SFF-sentera som starta opp i 2013 er det i dag 38 prosent kvinner. Då fjerde generasjon av SFF-senter vart oppretta i 2017, var delen kvinnelege senterleiarar som nemnt på låge 10 prosent.
Ønskjer god kjønnsbalanse i søknadsbunken
Trass i det nye tiltaket, vil Forskingsrådet framleis velje ut SFF-sentera etter vitskapeleg kvalitet og ei vurdering av senterleiarane sine tidlegare vitskapelege resultat.
Det er altså ved innkomsten av søknadene at Forskingsrådet no meiner dei kan utgjere ein skilnad.
— Det er ein tøff konkurranse i denne søknadsprosessen og vi ønskjer difor at det er god kjønnsbalanse i søknadsbunken ved inngangen til denne evalueringa. Det er ein kompleks evalueringsprosess og vi vil ha fokus på og prøve å få til ein god kjønnsbalanse også ved tildeling. Sjølvsagt skal det vere kjønnsnøytrale evalueringar, seier Røttingen til Khrono.
— Kan kjønnsbalanse vere eit utslagsgjevande kriterium dersom ein må prioritere mellom to like gode søknader?
— Ved elles like vilkår vil vi også kunne tillegge kjønnsbalanse vekt. Men med ei så brei knippe vurderingskriterier, så er det sjeldan at fagekspertar og panel kjem til at søknadane står heilt likt, seier Røttingen.
Fleksibelt krav
Forskingsrådet sitt nye krav er fleksibelt. Ein søknad innfrir nemleg kravet om kvinneleg senterleiar dersom ei kvinne er senterleiar frå start, eller det er planlagt bytte til ein namngitt kvinneleg senterleiar når minst halvparten av senterperioden står att.
— Her kan ein lage modellar med delt leiarskap eller at ein delar på leiarrolla i sentertida. Hovudpoenget er at i løpet av perioden skal det vere kvinnelege leiarar i senteret, seier Røttingen.
Han understrekar at det er eit leiaransvar ved institusjonane å følgje opp forventningane om kjønnsbalanse i SFF-utlysinga.
— Vi har bede rektorane ved dei største institusjonane om å sende oss ei samla liste over sine søknader før søknadsfristen. Dersom lista frå dei med fem eller fleire søknader ikkje har minst 40 prosent kvinnelege senterleiarar, vil vi be om ein plan frå institusjonen for korleis ein har tenkt å oppnå god kjønnsbalanse, seier Røttingen.
Og dette skal omverda få vite om, forklarer han.
— Etter søknadsfristen vil vi offentliggjere korleis dei ulike institusjonane har møtt forventningane frå Forskningsrådet, seier Røttingen.