Anne Birgitta Nilsen vart utsett for grov hets etter å ha kritisert Siv Jensen. Foto: David Engmo

Eit klapp på skuldra i akademia

Formidling. Kunnskapsformidling og å vere synleg er viktig for høgskule- og universitetssektoren, men mange kvir seg for å delta i det offentlege ordskiftet. Det bør vi kanskje gjere noko med, skriv Anne Birgitta Nilsen frå OsloMet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For eit demokrati er ein levande offentleg debatt viktig. I debatten er akademikarane si kunnskapsbaserte deltaking viktig. Samfunnet treng kunnskapen frå universitets- og høgskulesektoren for å ta gode avgjersler. Ikkje minst er kunnskapsbasert deltaking viktig i ei tid der falske nyhende florerer. Men å kaste seg ut i debatten er ikkje heilt risikofritt.

I akademia er vi flinke til å diskutere og kritisere. Å gje kvarandre ros og eit klapp på skuldra kan vi verte flinkare til.

Anne Birgitta Nilsen

Då eg deltok på «Program for framifrå forskingsformidling» for to år sidan, kritiserte eg Siv Jensen for bruk av ordet snikislamisering. Den dagen debattinnlegget stod på trykk i Aftenposten, ringde ein kollega om kvelden: «Hei, det er Lars. Eg berre lurer på om du treng litt trøyst? Ja, du har vel sett kommentarfeltet?»

Her er nokre stikkord frå dette kommentarfeltet:

  • universitetsbroiler
  • ubrukelege skrivebordteoriar
  • nasjonalt sjølvmord
  • landsforræderi
  • stikk hovudet i sanden
  • falsk, løgn, uærleg
  • propaganda som villeiar
  • herskeretorikk vi kjenner frå tradisjonell venstreside.

Noko av det ein må forhalde seg til som skribent i media, er kommentarfelta. Skriv ein innanfor brennbare tema der kjenslene rår, som til dømes innvandring, så bør ein på førehand ha tenkt igjennom kva som kan kome i kommentarfelta, og om ein skal svare og delta. Sjølv brukar eg å svare på det som gjeld saka. Avsporingar ignorerar eg. Personangrep svarar eg aldri på. På ein dårleg dag les eg heller ikkje kommentarfelt.

Er ein i tvil om kva ein skal gjere, så kan ein søkje råd hos dei som veit betre. Ved OsloMet har vi heldigvis høg kompetanse på media og kommunikasjon. Så er det viktig å vite kva ein sjølv toler av motbør, både i kommentarfelta og elles. Nokre toler hets og usakleg kritikk ganske godt. Andre toler det dårleg. Her er vi ulike.

Men det er ikkje berre kommentarfelta som held ein del akademikarar unna alt anna enn vitskaplege tidsskrift. Det gjer òg at forenklingar er naudsynt. Vi er redde for ikkje å framstå som flinke og for å bli kritisert for å ikkje skrive kunnskapsbasert, eller i verste fall å framstå som vitlause synsarar. Det veit kvar og ein som til dømes har freista seg på kronikksjangeren, for den skil seg vesentleg frå den vitskaplege artikkelen. Her er det ikkje plass til heile argumentasjonsrekka, og heller ikkje til alle referansane.

For ei tid tilbake skreiv eg eit essay som eit innlegg i ein debatt. Ein av Facebook sine store «moromenn» delte essayet og sette i gang ein veldig harselas blant sine mange følgjarar. Det var sjølvsagt ikkje noko morosamt for meg. Det som overraska meg var kor raskt eg vart kvitt ubehaget som vart utløyst av raljeringa, då ein av leiarane mine komplimenterte essayet på sosiale medier: What a wonderful essay! I hovudet mitt vart moromannen og tilhengarane hans brått utan betydning. What a wonderful comment! Min eigen reaksjon fortel meg kor viktig det er å få støtte når ein står i krevjande situasjonar i media.

I akademia er vi flinke til å diskutere og kritisere. Å gje kvarandre ros og eit klapp på skuldra kan vi verte flinkare til. Vi treng kanskje heller ikkje å berre anerkjenne dei synspunkta vi er samde i, men òg dei vi er usamde i, fordi også dei bringer debattane og diskusjonane vidare, og kan vere vel så viktige bidrag som våre eigne. Vi har alle behov for støtte og for å bli sett. Det er inspirerande å føle at ein vert sett og at arbeidet ein gjer vert lagt merke til.

Universitets- og høgskulesektoren treng aktive og synlege forskarar som ledd i omdømebygginga si. Men dersom tilsette i akademia skal bidra i det offentlege ordskiftet, så må fleire leiarar på bana. Alt for mange opplever at det går leiarane deira og kollegaer hus forbi, når dei opptrer i media. No kan vi ikkje forvente at alle leiarane skal delta blant sine medarbeidarar i sosiale media, men eit retriever-abonnement, det bør alle leiarar ha. Med eit slikt abonnement kan ein følgje med på kva medarbeidarane sine skriv i media, og kanskje av og til kome med nokre muntre tilrop, og på den måten inspirere. Andre gonger bør ein kanskje ta ein telefon for å høyre korleis det går: «Hei, det er Lars. Eg berre lurer på om du treng litt trøyst».​

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS