Universitetet i Bergen

Opna første norske karriere­senter for unge forskarar

Å planlegga ein karriere er å planlegga ei ferd, seier HR-direktør. No skal eit eige karrieresenter læra unge forskarar det dei ikkje lærer nokon stad.

Ein stor dag - feiringa av at ein har levert godkjend doktoravhandling. Men kor går vegen for unge forskarar etterpå?
Publisert Oppdatert

Med 700 stipendiatar, 250 postdoktorar og 200 forskarar i mellombels stilling, har Universitetet i Bergen (UiB) mange tilsette som ikkje har ein fast jobb i staten. Nokre av dei kjem til å få det etter kvart. Men kva kan ein elles bruka ei doktorgrad til?

UiB Ferd er UiB sitt ferske karrieresenter for unge forskarar. Her skal dei etter planen kunne få hjelp til det som ikkje handlar om sjølve faget deira.

— Å vera ung forskar er krevjande, og det er ikkje alltid lett å vita kor ein kan få hjelp. Det er ein tøff konkurranse om vitskapelege stillingar, og fleire enn tidlegare skal jobba utanfor universiteta, sa rektor Margareth Hagen i sin opningstale då senteret offisielt opna 15. februar.

— Unge forskarar brenn for faget sitt, men dei må ikkje brenna ut! Me skal syta føre så gode vilkår som mogleg.

CV og arbeidsmarknad

— Eg håpar senteret kan hjelpa oss med det me treng å vita, som me ikkje lærer nokon stad, sa Peter Hatlebakk.

Han er stipendiat og i tillegg universitetsstyrerepresentant for vitskapeleg tilsette i mellombels stilling.

Hatlebakk lista opp nokre punkt:

— Korleis skriv ein god CV? Kva dugleikar er det lurt å få dokumentasjon på at ein har? Korleis er arbeidsmarknaden innan mitt fagfelt?

Møteplassar, akademisk skriving

Unge forskarar sine kår har vore på dagsorden under pandemien, og særleg internasjonalisering har vore vanskeleg. Mange har vorte forseinka med prosjekta sine, mellom anna fordi det har vore vanskeleg å reisa ut.

Nettopp kompensering for det som har gått tapt under ein pandemi er det unge forskarar sjølv peikar på som noko av det dei ønskjer hjelp til. I tillegg kjem hjelp til å bygga nettverk, til å få gode møteplassar og hjelp til akademisk skriving og publisering.

— Eigentleg kunnskap om livet som ung forskar, sa Hatlebakk etter at ein filmsnutt med fleire unge forskarar hadde vorte vist.

Hjelp til sjølvhjelp

I 2019 fekk UiB status som HR Exellence in research. Gjennom denne statusen gjorde universitetet seg pliktige til å utvikla kvalitet i HR i forsking, og karriererådgiving for stipendiatar stod på lista over det som skulle utviklast.

— Å planlegga karriere er ei ferd. Me ønskjer å gi praktisk støtte, på mange måtar hjelp til sjølvhjelp, sa HR-direktør Sonja Dyrkorn.

Liknande karrieresenter finst internasjonalt, og senterleiar Ellen Hagen sa under opninga at UiB har sett dit.

— Me ønskjer å vera eit supplement til det arbeidet som allereie skjer på fakulteta, sa ho.

Endringslogg: Senterleiar Hagen hadde fått feil etternamn. Dette er endra 16.februar kl 8.30

Powered by Labrador CMS