Fem vil bli ny direktør ved Kulturhistorisk museum
Direktør. Både noverande direktør og ein tidlegare avsett historieprofessor er blant dei som kjempar om direktørstillinga ved Kulturhistorisk museum.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert)
Søknadsfristen for åremålsstillinga som direktør for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, gjekk ut førre fredag. Det skriv Uniforum.
Fire menn og ei kvinne ynskjer toppstillinga.
Mine sjansar på å få jobb er mindre enn Veronica Orderud sine.
Nils Rune Langeland
Blant søkarane er både noverande direktør Håkon Glørstad, men også tidlegare historieprofessor, Nils Rune Langeland. Langeland søkte også på direktørstillinga i 2014, ifølgje Uniforum.
I fjor fekk Langeland avskil frå stillinga si ved Universitetet i Stavanger blant anna på grunn upassande oppførsel. Han gjekk også til rettssak mot universitetet og tapte.
Desse ønskjer jobben:
1 Filippo Olari, 41, Arkeolog, Steinhugger, IT Exkpert PR
2 Håkon Glørstad, 49, Direktør Kunsthistorisk museum, Oslo
3 Ellen Marie Sæthre-McGuirk, 43, Professor, Bodø
4 Nils Rune Langeland, 55, Forfatter, Voss
5 Kjetil Jakobsen, 54, Professor i historie, Nord universitet, Bodø, Oslo
— Har mindre sjansar enn Veronica Orderud
Khrono har spurt både noverande direktør, Håkon Glørstad, og Nils Rune Langeland om kvifor dei har søkt på stillinga.
— Eg har ingen illusjonar om at eg vil få denne stillinga, men søkte den mest som ei symbolsk markering overfor meg sjølv, seier Langeland til Khrono.
Han seier at denne typen stillingar ofte er eigde av bestemte nettverksmiljø.
— Dei er ofte politiske stillingar i realiteten. Mange er uaktuelle uansett kor kompetente dei er, seier Langeland.
Langeland har tidlegare sagt til Khrono at han meiner det er god grunn til å seie at han har fått yrkesforbod. Dette står han ved:
— Mine sjansar på å få jobb er mindre enn Veronica Orderud sine, seier Langeland og held fram:
— Mediestormen initiert av Khrono har vore ekstremt øydeleggande for meg. Det er ein forklaringsfaktor for yrkesforbodet.
Håkon Glørstad fortel at han framleis har mykje å bidra med og store ambisjonar for Kulturhistorisk museum og at det var nokre av grunnane til at han valte å søke på åremålsstillinga på ny.
— Museet er no i ein ganske krevjande situasjon, der vi skal byrje på eit byggeprosjekt i milliardklassa (red. anm. det nye Vikingtidsmuseet) og renovere historisk museum i sentrum. Dette er store, tunge prosessar det er viktig å ha kontinuitet i og lande på ein god måte, seier Glørstad til Khrono.
Han meiner museet har hatt gode resultat både med tanke på byggesaker, publikumstal og forsking på hans vakt.
- Les også: Vikingskipene får 35 millioner
Norsk eit kvalifikasjonskrav
I stillingsutlysinga står det at direktøren sitt hovudansvar er «strategisk og fagleg leiing av ein unik forskingsinstitusjon i ei tid der nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy skal realiserast, kor utstillingane i Historisk museum skal fornyast og museet si rolle i utviklinga av Campus sentrum og kunnskapshovudstaden skal meislast ut.»
Eit sentralt kvalifikasjonskrav for stillinga er god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. I tillegg er stillinga berre lyst ut i Noreg og på norsk.
— Sidan arbeidsspråket hovudsakeleg er norsk og dette ikkje er ei fast stilling, vil det ikkje vere hensiktsmessig å tilsette kandidatar som ikkje meisterar språket, har personaldirektør Irene Sandlie tidlegare sagt til Uniforum.
Då stillinga vart lyst ut i 2014 utan like strenge språkkrav, var det tolv søkarar til stillinga, ifølgje Uniforum.
(Saka er oppdatert 14.11 kl. 14.55 med kommentarar frå Langeland og Glørstad)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!