Det er krise i Hongkong, og fleire norske institusjonar har bede studentane sine om å reisa frå byen. Her eit bilete frå ein av campusane i Hongkong, der ein gjeng protestantar er ikonflikt med politiet. Foto: Todd Darling / NTB Scanpix

Situasjonen forverra for studentane i Hongkong

Opprør. Dei skandinaviske landa har kalla inn til felles informasjonsmøte for studentar i Hongkong fredag. Det er for tida minst 59 norske studentar i den kriseramma byen.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag klokka 11.00 inviterer Utanriksdepartementet (UD) og det svenske generalkonsulatet til felles informasjonsmøte for svenske, norske og danske studentar i den svenske kyrkja i Hongkong,

Fleire unviersitet har no bede studentane sine om å kome heim til Noreg.

— Situasjonen i Hongkong har eskalert veldig.

Det skriv ANSA (Associaton of Norwegian Students Abroad) på Facebook torsdag føremiddag.

59 norske studentar i Hongkong

Ifølgje Lånekassen er det 59 norske studentar i Hongkong. Dette talet inkluderer ikkje eventuelle utvekslingsstudentar frå vidaregåande skule, understrekar kommunikasjonsrådgjevar Benedicte Borchgrevink i Lånekassen overfor Khrono.

Fredag har Utanriksdepartementet, saman med det svenske generalkonsulatet, invitert til eit felles informasjonsmøte for svenske, norske og danske studentar i den svenske kyrkja i Hongkong. Møtet startar klokka 11.00.

Ifølgje ANSA vil ein tilsett frå den norske ambassaden i Beijing koma til Hongkong neste veke for å møta norske studentar som eventuelt er igjen i den kriseramma byen.

— Dette vil mest truleg skje på måndag, kan ein lesa i informasjonsskrivet på Facebook.

NTNU vil ha studentane heim

Onsdag blei det kjent at Universitetet i Bergen oppmodar dei ti utvekslingsstudentane sine i Hongkong til å reisa heim. NTNU har gjort det same.

— Me vil også tilby økonomisk støtte, uttalte viserektor ved UiB, Oddrun Samdal, til Khrono.

Same kvelden gjekk også Utanriksdepartementet ut og bad norske studentar i Hongkong om å gjera fortløpande vurderingar av tryggleiken i byen. Les meir her.

Torsdag melder Jan Erik Kaarø i kommunikasjonsavdelinga ved NTNU at også dei oppmodar studentane sine til å forlata Hongkong. NTNU har fem studentar i byen, og skriv i ei pressemelding at dei har vore i kontakt med alle fem. To av dei er for tida på reise i Vietnam.

— Alle fem har det bra, men som følgje av dei usikre forholda meiner NTNU-leiinga at det er best at dei reiser frå Hongkong.

Demonstranter på universitetsområdet

Onsdag samlet flere demonstranter seg inne på universitetsområdet til Hongkong Baptist University. Ifølge NRK laget de små bomber av ølbokser og olje.

Universitetet frykter sammenstøt hvis politiet marsjerer inn på området.

Elina Neverdal Hjønnevåg og andre utvekslingsstudenter ble i all hast bedt om å pakke alle sakene sine og raskt flytte seg vekk fra universitetet.

— Folk gikk ute med koffertene sine. Mange gråt, forteller Hjønnevåg til NRK.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS