Jørgen Randers i klimadebatt. Bård Vegard Solhjell i bakgrunnen. Foto: Siri Øverland Eriksen

Jørgen Randers: «Vi har løysingane klare. Om eg var diktator ville eg ha innført dette med det same.»

Klima. Tverrfagleg forsking, meir samfunnsforsking og klimavennelege innkjøp var blant stikkorda som kom fram på årets forskingspolitiske seminar. For korleis skal forsking og høgare utdanningssektoren rigge seg for å løyse klimakrisa?

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire forskarar, rektorar og andre i sektoren møtte i dag fram på Forskarforbundet sitt årlege forskingspolitiske seminar i Oslo. Det 42. i rekka, fekk tilhøyrarane vite.

Tittel på seminaret: «Kan forsking redde verda? Berekraftig forsking i det postfaktuelle samfunn».

Leiar i Forskarforbundet Guro Elisabeth Lind opna det heile med å slå fast at vi kan stanse klimaendringane, men ikkje utan hjernekraft eller forsking. Likevel står spørsmåla i kø: Er forskinga rigga for oppgåva? Går midla dit dei skal? Brukar vi stor nok del pengar på forsking?

Men vi har sjokkerande lite kunnskap om kva slags konsekvensar ein annleis oljepolitikk hadde hatt.

Bårs Vegard Solhjell

Solhjell: — Sjokkerande lite kunnskap

Statssekretær for forsking og høgare utdanning, Rebekka Borsch (V) var der for å svare på vegne av regjeringa. Påtroppande sjef for Norad, Bård Vegar Solhjell, professor emeritus Jørgen Randers, John Arne Røttingen frå Forskingsrådet og rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen var blant dei som var der for å kommentere og kome med sine innspel for korleis rigge systemet vidare.

Solhjell meinte at vi har mykje kunnskap og forsking, men at det er viljen til å gjennomføre det kunnskapen fortel oss som manglar.

— Men vi har sjokkerande lite kunnskap om kva slags konsekvensar ein annleis oljepolitikk hadde hatt. Kva veit vi om konsekvensane for økonomien dersom vi skulle gi færre utvinningsløyver, til dømes? spør Solhjell frå scena.

Professor emeritus og tidlegare rektor ved Handelshøyskolen BI, Jørgen Randers, som har engasjert seg i klimaspørsmål i ei årrekke, var heilt samd med Solhjell.

— Vi treng meir tverrfagleg forsking. Mitt bodskap er at vi treng ikkje meir teknisk innovasjon og forsking, men vi treng meir samfunnsvitskapleg forsking for korleis vi skal møte og handtere klimakrisa. Vi veit meget godt og har lenge visst kva som er problemet. 70 prosent peiker seg mot bruken av kull, olje og gass. Det er ikkje vanskeleg å løyse klimaproblemet — det er berre å halde oppp med å bruke desse. Vi har allereie dei tekniske løysingane for å erstatte dei, sa Randers, med det han omtalte som utestemme.

Randers: — Hvis jeg var diktator...

Vi er altså så store innkjøparar at vi kunne ha utgjort ein stor skilnad. Kan ikkje departementet setje tøffe krav om innovative innkjøp.

Dag Rune Olsen

Statssekretær Borsch meinte på si side at vi framleis ikkje er i mål med å få på plass alle tekniske løysingar og meinte at vi framleis treng forsking både på ny teknologi og på den store samfunnsmessige omstillinga. Korleis kan vi få den kunnskapen vi har på bordet om til handling, spurte statssekretæren.

Det kunne Randers svare på:

— For at forsking skal kunne virke vidare, så vil det vere viktig å forstå kvifor det ikkje har virka tidlegare. Klimaløysingane er dyrare enn dei gammaldagse løysingane, og ingen vil velje dei dersom dei ikkje er i ein konkurranseutsatt økonomi. Men dersom politikk skal rette rammeføresetnadane mot det klimevennelege, som til dømes høgare skatt eller bensinpris, då røyste folk i mot det. Ein må finne ut korleis ein kan få fleirtalet i befolkninga til å ynskje dei klimavennelege løysingane, sa Randers, og la til:

— Vi har løysingane klare. For eksempel drivstoff til tungtransport som fly. Vi har kabonfri hydrogen. Men det er fire gonger dyrare enn vanleg flybensin. Om eg var diktator ville eg ha innført dette med det same, men i eit demokrati ser det heilt umogleg ut å få det til, sa Randers med etterfølgande latter, jubel og diverse andre reaksjoner i salen.

Røttingen: Klar for tverrfaglegheit

Sjølv om administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen meinte Randers tok fundamentalt feil i at vi har den teknologien vi treng for å få til det grøne skifte enno, så kunne han avsløre at dei er i dialog med både universitet, høgskular og instituttsektoren om korleis fremje meir tverrfagleg forsking.

— Vi ynskjer å bidra til eit fellesløft for tverrfaglegheit og vil mobilisere denne interessa. Vi er i dialog med sektoren om prosjekt der vi stiller med halvparten av midla, dersom vi får meir av departementa, medan institusjonane sjølve skyt inn den andre halvparten. Så ynskjer vi at forskingsmiljøa sjølve skal peike på prosjekt der tverrfaglegheit og desse midla er mest naudsynte, sa Røttingen frå scena.

Olsen: — Kan utgjere ein skilnad

Eit anna stikkord i diskusjonen var systemforståing. Det innspelet kom rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, med. Universitetet i Bergen har vore i klimavinden den siste tida, spesielt etter at dei meldte at dei skulle ha eit kjøtfritt julebord. Men Olsen sjølv har tidlegare vore på offensiven med klimatiltak som at ein burde bruke meir av oljefondet på forsking.

Rektoren kom med enno eit tiltak som han oppmoda statssekretær Borsch om å ta med seg vidare til forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

— Vår sektor utgjer om lag ein tredjedel av den komande norske stat. Vi er store aktørar som driv massivt statleg innkjøp. Kva om vi som ein del andre bedrifter, stille klimakrav til leverandørane våre? Vi er altså så store innkjøparar at vi kunne ha utgjort ein stor skilnad. Kan ikkje departementet setje tøffe krav om innovative innkjøp? spurte Olsen statssekretær Borsch.

— Dersom alle institusjonane sjølve kjem med initiativet, så blir det lettare for statsråd Nybø å ta denne alvorspraten, svarte Borsch.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS