SIO

Nye studentbustader: Studie­­støtta dekker ikkje ein gong den billigaste hybelen

Det kan bli dyrt om du ønsker deg inn i Studentsamskipnaden SiO sine heilt ferske fabrikkleilegheiter i Oslo.

Dette gamle spinneriet, Væveri B som ifølgje Aftenposten husa 742 arbeidskvinner i 1909 i Nydalen i Oslo, har blitt totalrenovert og gjort om til 75 studentbustader.
Publisert

Studentsamskipnaden SiO har sett opp 75 nye studentbustader i Nydalen i Oslo, som er innflyttingsklare i juni.

Prislapp? Mellom 8600 og 9100 kroner i månaden om du skal ha eit ein-persons krypinn på 21-28 kvm.

Altså minst 179 kroner meir enn den månadlege studiestøtta frå Lånekassen på 8421 kroner, sett vekk frå storstipendet i august og januar.

— Det heng ikkje på greip. Det er eigentleg ekluderande, seier OsloMet-student Marte Myhr til Universitas, som først skreiv om saka.

— Heilt sjuke prisar

Prislappen er noko lågare om ein skal dele ei leilegheit på mellom 29 og 41 kvm. Då kostar leilegheitene mellom 9100 og 13600 kroner.

Likevel reagerer fleire Universitas har prata med på prisane.

Blant dei Merita Fjetland i aktivistkollektivet Reduser Husleia, som så seint som i november i fjor stod bak eit opprop for å få SiO til å redusere husleiga.

—⁠ Det er heilt sjuke prisar. SiO høyrer verken på oss eller studentane når vi seier at vi vil ha billige studentbustadar som gjer det mogleg å vere fulltidsstudent, seier Fjetland til Universitas.

Ho meiner at SiO bør revurdere kva slags type bustader dei bygger, om dei til slutt ender opp med å koste studentane så mykje i månaden.

Heller studiestøtta som må auke

SiO seier på si side at prisane har blitt så høge, fordi dette er studentbustader dei har bygd utan statleg tilskot.

— Vi har sett husleiga så lågt vi kan ut i frå kva det kosta å bygge bustaden, skriv styreleiar Stine Johannessen i ein e-post til Universitas.

Ho forstår at studentar synst det er dyrt å bo i Oslo, men peiker på at også studentar har ulike ynske og behov når det kjem til val av bustad.

Styreleiaren er også uroa for dei auka bustadprisane i Oslo, men seier at det heller er studiestøtta som bør endrast på.

—⁠ Studiestøtta har ikkje følgt same hastigheit som bustadprisane har gjort. Dette gjer at det blir ei skeivfordeling for dei fleste studentar som bur i Oslo, uansett om dei bur hos SiO eller private aktørar, skriv Johannessen i e-post til Universitas.

Powered by Labrador CMS