Nye læreplanar – er universiteta klare?
Lektorutdanning. Dei nye læreplanane stiller nye krav til universiteta. Dei må ta oppgåva som lektorutdannar meir alvorleg, skriv Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik, begge lektorar og mangeårige tillitsvalde.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Mot slutten av fjoråret presenterte dåverande kunnskapsminister Jan Tore Sanner nye læreplanar for grunnskulen og for dei gjennomgåande faga i vidaregåande skule. Dei sistnemnde er fag som startar i grunnskulen og held fram i vidaregåande. Planane skal takast i bruk til hausten. Læreplanar for resten av faga i vidaregåande vil vere klare for bruk i løpet av det neste året.
Planane følgjer malen for kompetansebaserte læreplanar, som blei etablert gjennom Kunnskapsløftet i 2006. Prinsippet er at planen skal seie kva som er målet, utan å konkretisere innhaldet, medan det er læraren som skal velje ut lærestoffet som fører til målet.
Kritikarar var raskt ute og meinte at planane svikta kunnskapen, og frykta at elevar vil forlate skulen med dårleg og ulikt kunnskapsgrunnlag. Det er gode grunnar til å reise spørsmål om dette er ein god læreplanstrategi, og vi er langt på veg samde i at planane ber i seg ein risiko.
Skal vi redusere denne risikoen, er det eitt absolutt krav som må stillast: Læraren må ha god utdanning og kompetanse i faga, tilpassa det nivået han eller ho underviser på.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik
Skal vi redusere denne risikoen, er det eitt absolutt krav som må stillast: Læraren må ha god utdanning og kompetanse i faga, tilpassa det nivået han eller ho underviser på.
Eit anna krav er at universiteta, som utdannar for dei studieførebuande programma i vidaregåande, skaffar seg betre innsikt i denne læreplanstrategien. Lektorutdanninga må vere på høgde med læreplankrava og innretta slik at elevar i neste omgang blir godt studieførebudde.
Lied-utvalet, som i 2018 og 2019 har levert to NOUar om vidaregåande opplæring, peikar på svake sider ved dagens studiekompetanse, og foreslår endringar som skal førebu elevane betre til å studere. Samstundes legg utvalet opp til å vidareføre og styrke ordninga med generell studiekompetanse.
Lied-utvalet viser elles til at samspelet mellom vidaregåande og høgre utdanning er for dårleg. Utvalet foreslår at det skal opprettast eit nasjonalt fagråd for studieførebuande utdanningsprogram og høgre utdanning. Dette kan bøte på situasjonen. Vi oppmodar universiteta til å gå i front for å få fagrådet på plass.
Å velje ut lærestoff som er fagleg godt forankra, og som gir elevane kunnskap og varig forståing, er ei krevjande oppgåve. Dette vert forsterka av at dei nye planane legg opp til både djupnelæring og arbeid med tverrfaglege tema. Begge delar krev både fagkunnskap og evne til fagleg og kollegialt samarbeid. Utan det, kan både djupnelæring og tverrfagleg arbeid ende opp med undervisning med svakt innhald og dårleg samanheng, særleg no når nettbaserte og kommersielle tilbod pressar seg på.
Det er bra at regjeringa har gjort grunnskulelærarutdanninga til ei masterutdanning, og at arbeidet med å fastsette kompetansekrav for undervisning i fag er i gang.
Situasjonen er langt meir usikker i den vidaregåande skulen, særleg i dei studieførebuande retningane. Berre omlag ein tredjedel av lærarane i vidaregåande har såkalla lang universitetsutdanning, fire år eller meir. Samstundes ser vi at også fag med stor fagleg fordjuping blir dekt av lærarar med minimumskompetanse (60 studiepoeng).
Det har vore lagt opp til at den såkalla integrerte femårige lektorutdanninga skal vere hovudvegen for undervisning, også i dei studieførebuande faga. Normalt gir den plass til to fag, der berre eitt av faga har meir enn 60 studiepoeng. Utdanninga skil seg noko frå lærarutdanninga for grunnskulen, men gir likevel ikkje utan vidare tilstrekkeleg fagleg tyngde - og breidde -for undervisning i dei studieførebuande programma. Når heile 70 prosent av studentane ikkje fullfører det integrerte lektorstudiet (NOKUT), tyder det på at innhaldet ikkje held mål eller at opplegga ikkje er gode nok.
Den «gamle» lektorutdanninga, der praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på eitt år kjem i tillegg til ei rein fagutdanning på minimum fem år, er eit alternativ som framleis eksisterer. Med nye læreplanar og sterkare krav til fagleg kompetanse, bør det satsast tyngre på denne lektorutdanninga, rett og slett fordi den gir rom for meir fagleg fordjuping. Universiteta har litt for lett kjøpt tanken om at «kort er godt nok».
Dessutan, i ei tid då «kunnskapen» nærsagt er å finne over alt, vil kjeldekritikk, kritisk vurdering og refleksjon vere avgjerande.Nettopp det ein øver seg på i eit langt fagstudium.
Både dei nye læreplanane og Lied-utvalet sine forslag peikar mot forsterka kompetanse for lærarar i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Dette stiller nye krav til universiteta. Dei må ta oppgåva som lektorutdannar meir alvorleg. Det handlar både om å halde oppe og å vidareutvikle PPU, og om å styrke dialogen og samarbeidet med den vidaregåande skulen. Her har det svikta. Universiteta må sjå alvoret i at fagleg fordjuping taper terreng.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut