— Det hjelp ikkje kva vi som forskarar seier, dersom ingen høyrer etter. Oppdraget vårt strekker seg lengre enn det vitskapelege arbeidet, seier Sandra M. Diaz, ein av verdas fremste ekspertar på biologisk mangfald og berekraft. Foto: Njord V. Svendsen
— Det hjelp ikkje kva vi som forskarar seier, dersom ingen høyrer etter. Oppdraget vårt strekker seg lengre enn det vitskapelege arbeidet, seier Sandra M. Diaz, ein av verdas fremste ekspertar på biologisk mangfald og berekraft. Foto: Njord V. Svendsen

Verdsleiande biolog: «Det er fortsatt håp. Men timeglaset renn ut».

Berekraft. — Forskarane må kjempe for sanninga. Men vi treng ikkje vere nøytrale, seier biologen Sandra M. Díaz, ein av verdas mest siterte forskarar i sitt felt.

Publisert   Sist oppdatert

Trondheim (Khrono): Ho er ein av verdas mest siterte forskarar på sitt felt. Ho er rangert av Nature som ein av topp fem verd å følgje med på i 2019. Ho har ein heil stabel av internasjonale forskingsprisar, seinast Gunnerusprisen som ho tok imot under vitskapsfestivalen The Big Challenge i Trondheim nyleg.

Det hjelp ikkje kva vi som forskarar seier dersom ingen høyrer etter.
Sandra M. Díaz
Biolog

Professor Sandra Díaz er kort og godt ein av dei viktigaste biologane på kloden. For henne er dette den største utfordringa:

— Livsveven raknar. Vi må handle, og vi har dårleg tid.

Må kople seg på samfunnet

Fakta

Sandra M. Diaz

Sandra Diaz. Foto: NTNU

Utdanna ved Universidad Nacional de Córdoba i Argentina der ho tok doktorgraden i 1989. Ho er i dag professor ved same universitet. Ho har vore gjesteforskar og professor ved fleire andre universitet.

Ekspert på biologisk mangfald (biodiversitet) med planteøkologi som spesialitet.

Medlem av det franske vitskapsakademiet, National Academy of Sciences og Royal Society. Ho har motteke ei rad forskingsprisar, seinast Gunnerusprisen i bærekraft, som blir delt ut av Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab og NTNU.

Er ein av leiarane for FNs naturpanel, som i 2019 la fram sin første rapport om tilstanden for naturmangfaldet i verda. Ho er tidlegare medlem av FNs klimapanel.

Kjelder: NTNU, The Big Challenge Science Festival, Wikipedia

Ho brukar ofte dette omgrepet, the fabric of life, livsveven, for å understreke korleis alt liv og alle artar heng i hop og ikkje kan eksistere uavhengig av kvarandre, oss menneske inkludert. Samstundes er menneska dei som i størst grad påverkar og endrar vilkåra for alt liv på jorda.

No skjer det i eit dramatisk og farleg høgt tempo.

— Kvar dag mister vi naturmangfald i ein rasande fart. Det er ei stor utfordring, for på mange område veit vi enno ikkje kva vi skal gjere for å stanse det. På andre felt har vi kunnskapen, men manglar evna til å skape handling. Mektige særinteresser står i vegen. Vi som forskarar er viktige, men om ikkje samfunnet respondererer, er vi like langt.

Derfor, meiner Díaz, er det ikkje nok at forskarane produserer vitskap. Dei må også kople seg på samfunnet rundt seg og bli pådrivarar for å skape engasjement og handling. Før det er for seint.

— Det hjelp ikkje kva vi som forskarar seier dersom ingen høyrer etter. Oppdraget vårt strekker seg lenger enn til det vitskapelege arbeidet. Dette er ikkje tida for forskarar å vere nøytrale, seier Díaz.

Frå klimapanel til naturpanel

Ifølgje juryen som deler ut Gunnerusprisen er Díaz ein verdsleiande forskar som har gitt oss ei djupare forståing av korleis menneske ikkje berre gjer seg nytte av naturen, men også korleis vi påverkar og formar økologien og evolusjonen. Denne kunnskapen er avgjerande for å gjenvinne balansen i naturen og skape berekraftige samfunn.

Díaz har tidlegare vore del av FNs klimapanel (IPPC) som vart tildelt Nobels fredspris i 2007. No står ho i spissen for Naturpanelet, IPBES (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services), som har ei liknande rolle.

På same måte som FNs klimapanel, består Naturpanelet av fleire hundre internasjonale ekspertar som samlar all tilgjengeleg kunnskap og presenterer dette i ein rapport om naturens tilstand. Den første vart signert av 130 land og lagt fram av Sandra Díaz i Paris i mai i år. Innhaldet er alarmerande:

Utryddinga av artar akselerer og er utan sidestykke i menneska si historie. Ein million av dei åtte millionar artane på kloden kan bli utrydda. Økosystem står i fare for å bryte saman.

Menneska sin arealbruk med mangel på habitat som resultat, er den viktigaste årsaka til utviklinga. 75 prosent av alle landområde er lagt om til åker, dekt av betong eller endra på andre måtar, ifølgje IPBES. 66 prosent av havet er endra av oppdrett, shipping, undervassgruver og andre prosjekt. 83 prosent våtmark er forsvunne sidan 1700.

— Vi er rett og slett i alvorleg trøbbel, seier Díaz.

Det er ei dyster erkjenning, som verken er ny eller ukjent for dei som tar det inn. Men korleis skape handling og dei gjennomgripande samfunnsendringane som må til?

—Forsking er eit sosialt prosjekt

Det er her, meiner Díaz, at det ikkje lenger nyttar å berre dele ut data og modellar og forvente at politikarane og dei som har makt til å ta avgjersler automatisk skal ta konsekvensen av det.

— Før var frustrasjonen som forskar knytt til ei oppfatning av at folk ikkje forstod det vi heldt på med. No har vi erkjent at forskinga er eit sosialt prosjekt og ein del av samfunnet som alt anna. Det vitskapen fortel vekker gjengklang i folk så lenge det treffer folks interesser. I dag jobbar vi for å dele kunnskapen med ulike samfunnsaktørar for sjå korleis vi kan vere relevante. Det er sjølvsagt i folks direkte interesse å hindre at livsveven raknar, og dette må vi nå fram med.

Planteøkologen Sandra M. Díaz mottok Gunnerusprisen for sitt eksepsjonelle arbeid for biologisk mangfald. Foto: Thor Nielsen/NTNU, The Big Challenge Science Festival
Planteøkologen Sandra M. Díaz mottok Gunnerusprisen for sitt eksepsjonelle arbeid for biologisk mangfald. Foto: Thor Nielsen/NTNU, The Big Challenge Science Festival

Då Díaz tok imot Gunnerusprisen under vitskapsfestivalen i Trondheim, retta ho ein takk til «dei som held ut» trass tunge odds imot. Díaz har sjølv vore uthaldande, elles hadde ho ikkje kome langt i den vitskapelege verda.

— Du kan oppleve augneblinkar med gjennombrot. Men grunnarbeidet er det meste av tida smertande kjedeleg. Det krev lidenskap og at du kjenner glede i arbeidet om du skal lage god forsking. Det krev også tolmod. Du må halde ut keisemda, uvissa, frykta for at du ikkje skal ha finansiering …

Med ein million kroner frå Gunnerusprisen er kanskje nokre av prosjekta frå hennar eiga skrivebordsskuff eit hakk nærare dagslyset. Ho forsikrar om at ho har mange av dei. Díaz har heller ikkje hatt alle odds med seg. For eksempel er ho ikkje europear eller amerikanar.

Argentina: — Fordi vi er stae!

Til dagleg er Sandra Díaz professor ved Det nasjonale universitetet i Córdoba i Argentina, tillegg til bistilling i det argentinske forskingsrådet. I dag er ho ei internasjonal stjerne, men ho kjem frå eit anna landskap enn forskarar fostra opp i USA eller Noreg.

— Det er vanskeleg å skaffe finansiering i Argentina, det er heilt sikkert. Den argentinske vitskapen eksisterer, men det er fordi vi er stae! seier Dìaz.

Korfor skal vi plutseleg godta ein idé om at vi klarar oss utan naturen?
Sandra M. Díaz
Biolog

Ei anna utfordring er felles for alle vitskapsfolk i dag. Du kan for eksempel kalle det Donald Trump. I 2016 vart «post truth» kåra til årets internasjonale ord av Oxford Dictionary. Objektive fakta taper i meiningsdanninga, demagogane vinn terreng.

Såkalla alternative fakta har nok alltid eksistert, meiner Díaz, utan at det har vore noko vitskapsfolk har brydd seg med.

— Vitskapen lever i beste velgåande, det er ikkje den som har endra seg. Det er omfanget av det andre fenomenet, «post truth», som har endra seg, det er blitt massivt. Før kunne du bli ignorert eller misforstått, no blir du offentleg utfordra av løgner, av folk som har som profesjon å undertrykke sanninga og formidle nonsens. Vi har ikkje funne heilt ut korleis vi skal handtere det. Ein vitskapsfestival som denne i Trondheim er eit godt bidrag, seier Díaz.

På festivalen heldt ho også foredrag for norske skuleelevar, dei som arvar kaoset om ikkje foreldregenerasjonen får ut fingeren – no.

Retten til livet

— Vi er blitt servert ei historie om at naturen er noko som står i vegen, ein slags luksus som vi ikkje kan unne oss om vi vil ha framsteg og utvikling, at vi kan ikkje få begge deler. Men som menneske har vi sjølve utvikla oss i samspel med naturen gjennom millionar av år. Korfor skal vi plutseleg godta ein ide om at vi klarar oss utan naturen?

Plantene, som er Díaz spesialfelt, er i utgangspunktet den mest synlege delen av livsveven, også i Noreg i juni. Men økologen trur vi har ein tendens til å gløyme at plantene er liv, ikkje ting, installasjonar som berre er her.

Når du ser deg rundt og du ikkje lenger ser grønt, åtvarar Díaz, då skal du begynne og bekymre deg.

— Eg sa at dei skulle kjempe for rettane sine, fortel Díaz, – for retten til natur som vi alle er fødde med. Det er fortsatt håp. Men timeglaset renn ut. Ikkje la min generasjon stele naturen og framtida! Det var det eg sa til ungdommane.