Debatt ● Per Eilif Thorvaldsen og HAL 9000

Nyare forsking syner...

Forskremde norsklærarar i heile Noreg står fram og gjev framtidsfrykta eit andlet. Med ChatGPT skal landet øydeleggjast, skriv Per Eilif Thorvaldsen.

Kunstverk inspirert av det røde, elektroniske øyet til den levende datamaskinen HAL 9000 i Stanley Kubricks 2002: en romodyssé.
Ein lett paranoid HAL 9000 frå filmen "2001: en romodyssé" kunne lese på lepper at dei ønskjer å trekka ut pluggen på han. Då vert han ein drapsrobot.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Samskreve av HAL 9000 og Per Eilif Thorvaldsen ved Høgskulen på Vestlandet, som fyra han oppatt.

Luddittar i alle land. Foren dykk! Forskremde norsklærarar i heile Noreg står fram og gjev framtidsfrykta eit andlet. Med ChatGPT skal landet øydeleggjast. Elevar og studentar vil juksa over ein lav sko og svara på dei keisame norskoppgåvene dei får med dei like svevnframkallande orda som vert spydd ut av ChatGPT. Sjølv huskar eg pro-contra og analyse oppgåver. Det tok fullstendig drepen på skrivegleda. Skuleverket er tufta av passe på menneske og finne på menneske lid. Ikkje rart at sistnemnde gruppe no tek hemn ved å samskriva med ChatGPT.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

ChatGPT er ei gåve frå kunstig intelligens (KI) gudane. Riktig nok står me i intellektuell gjeld med KI då me ser at han verkar men ikkje forstår korleis. Når det er sagt gjeldar det også hjernen utan at me sluttar å bruka han av den grunn.

Det finnast også dei som seier at KI har bestått den sokalla Turing-testen. Det vil seia at me ikkje kan skilja svara frå det KI gjev med det som kjem frå eit menneskje. Med Karl Popper sitt normative forskingsideal falsifisering, fyrar eg av eit spørsmål: «Kven er eg?» og svaret eg får er «Orsak, eg er ein KI språkmodell og har ikkje evner til å veta kven du er.» Eit spørsmål er altså nok til å avsløra ChatGPT. Eller kanskje KI er som oss att me både har humor og kan lyga når det passar? Kven veit.

Nei, i staden for å bekymra seg i hel, la heller dei kreative taka KI i bruk og frambringa noko heilt nytt innan kunst, kultur og vitskap. Du har kanskje lurt på kvifor det finnast svar? Vel, av den enkle grunn at nokon har vore forviten og stilt heilt nye spørsmål. All vitskap og læring er tufta på geniale spørsmål. Å finna svaret er berre hardt og keisamt arbeid som me med lett hjarte kan overlata til KI medan me brukar tida til å finna ut neste spørsmål.

Eg får 300 timar i året som eg skal bruka på forsking. Det er sjølvsagd alt for lite for mine store spørsmål. Det vert alt for lita tid. Eg må skaffa ekstern finansiering til spørsmåla mine. Eg må skriva artiklar og sende dei til vurdering av fagfellar. Eg startar jo som alle ambisiøse med å senda til Nature og så til slutt hamna i eit obskurt falskt tidsskrift som ingen les. No overlèt eg alt utanom dei store spørsmåla og mine visjonar til KI. KI er til dømes mykje betre enn eg til å få eksterne midlar då han veit korleis Forskingsrådet tenkjer.

Har eg so eit revolusjonerande spørsmål? Noko som kan endra verda. Ja, her kjem det: Kva er den mest effektive informasjonskanal i ein organisasjon?

Ein skulle tru at i eit samhelle med sosialdemokratisk kapitalisme og store dosar «New Public Management» at dette spørsmålet er svara på for lengje sida, men det er eit sokalla levande mål då teknologien stendig er i endring. Kva er stoa her og no?

Det er berre å stappa spørsmålet, riktig nok på engelsk for å famna breiare, inn i gluggen til ChatGPT og køyra nokre rundar til ein får svaret som passar med eigne fordommar. Eg treng berre ei runde:

—Andlet-til-andlet-kommunikasjon, då det gjer det mogleg med tilbakemelding der og då og avklåring av informasjon. — E-post, då det gjer det mogleg å spreia skriftleg dokumentasjon av viktig informasjon og nå eit stort tal menneskje snøgt. — Direktemeldingar, då det gir rask og uformell kommunikasjon. —Intranett eller interne sosiale media, då det gjev enkel tilgang til informasjon og kommunikasjon i organisasjonen. — Møter, då dei gjev ei plattform for diskusjon og avgjerd.

Etter litt GPP og ansvarsfråskriving kjem det som sementerer mine idear. Leiarar må ut av båsane sine og dei meiningslause møta. Dei må gå rundt og møta alle dei tilsette ansikt til ansikt slik at dei får nye impulsar, medarbeidarar vert sett og leiinga kan finna ut kvar skoen trykkjer. Det neste er masse e-post som uinnvigde kallar spam då dei ikkje ynskjer nye inntrykk. Nedst finn me møte og då kan me lura på kvifor organisasjonar kastar bort tida på det.

Eit argument mot ChatGPT er at han ikkje seier kor kunnskapen kjem frå og korleis han vert sett saman. Det er inga grunn til bekymring, Det er berre å fyra i gang Elicit.org som er eit anna KI-verktøy som les vitskapelege artiklar for ein, og hiv opp dei mest relevante basert på spørsmålet så eg slepp å lesa sjølv. Eg finn Susanna Ketoja si masteroppgåve frå 2009, The most effective communication channel to spread information in an organization, som dokument hennar forskingsfunn. Eg skråles oppgåva og sjekkar at ChatGPT ikkje har plagiert. Oppgåva er samd med svaret frå ChatGPT.

Då er det berre å lappa forskinga saman i den keisame introduksjon, metode, resultat og diskusjon-stilen og gå vidare i livet. Herr Röntgen publiserte berre ein artikkel og vart berømt. Eg fylgjer no i hans fotspor som formidlar og brukar av framifrå forsking i min «Teaching by walking».

Då ChatGPT berre kan sjå på gamle data, er det me menneskje som må fora han med meir for å utvikla kunnskapen. Det er berre å pepra han med spørsmål. For kvart spørsmål og vår reaksjon tek me eit steg vidare som sivilisasjon.

Powered by Labrador CMS