Håkon Kongsrud Skard ønskjer å rette blikket framover, men vil først adressere saka rundt psykologistudentane frå ELTE-universitetet, som har sett fagforeininga i media sitt søkelys den siste tida. Foto: Siri Øverland Eriksen

Ny leiar: «Det finst ingenting som heiter A- eller B-psykologar»

Blanke ark. Den nye presidenten i Norsk psykologforeining vil slå ihel giftig retorikk og unngå nye opprivande rundar, som den psykologistudentane frå det ungarske universitetet har vore gjennom. Dette er oppskrifta hans.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sola byrjar så vidt å skine inn vindaugsrutene i det store hjørnekontoret i Norsk psykologforeining sine lokale i Oslo.

I kontorstolen sit sjefen sjølv, den nyvalde presidenten i fagforeininga, Håkon Kongsrud Skard. Han ønskjer oss velkomen med eit stort smil.

Foreininga har vore i hardt vêr i samband med saka kring psykologistudentane frå Ungarn.

Men den nye presidenten er oppteken av å rette blikket framover. Likevel har han invitert oss til sitt kontor for å snakke om nettopp psykologistudentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn.

Er du ein autorisert psykolog, er du ein autorisert psykolog, uansett kvar du er utdanna.

Håkon Kongsrud Skard

Og bodskapen hans er klinkande klar:

— Det finst ingenting som heiter A eller B-psykologar. Dersom denne haldninga er der ute, så vil eg den til livs. Er du ein autorisert psykolog er du ein autorisert psykolog, uansett kvar du er utdanna, seier Skard, og legg til:

— Dette er viktig å slå fast ikkje berre for psykologstanden, men også til folket som skal vite at går dei til ein autorisert psykolog, så held den psykologen ein fagleg standard, seier Skard, og slår tydeleg fast at psykologforeininga tek avstand frå omgrepsbruken.

Vil gratulere

Omgrepsbruken han snakkar om fekk for alvor fotfeste etter at ELTE-studentane fekk avslag på sine søknadar om lisens og autorisasjon hausten 2016. Folk byrja å skrive om utanlandsutdanna B-psykologar og dåverande president i Psykologiforbundet, Henriette Kaasa Ringheim, skreiv at denne inndelinga ikkje var akseptabel i den norske psykologstanden.

Det er nok ikkje tilfeldig at den ferske presidenten har valt dette tidspunktet for å fremje sitt syn kring akkurat dette.

Det første kullet med ELTE-kandidatar er ferdig uteksaminerte frå staten sitt kompenserande tiltak, som vart designa etter mykje politisk press, for å kvalifisere dei til autorisasjon. Nokre har allereie fått tilsendt sine autorisasjonsbevis og letta har så vidt byrja å spreie seg i gruppa.

— Dei fortener å bli gratulerte, seier Skard, og fortel at ein representant frå psykologforeininga vanlegvis brukar å vere på avslutningsseremoniane og gratulere dei uteksaminerte og nyautoriserte psykologane som er utdanna i Noreg.

Han fortel at han har teke initiativ og kontakt med foreininga sine tillitsvalte rundt omkring i landet, og sagt at dei skal vere eksplisitte på at dei ønskjer ELTE-utdanna velkomne på lik linje som alle andre.

— Det handlar ikkje om kvar du er utdanna

Skard ønskjer ein ny start med blanke ark.

— Dersom folk har opplevd psykologforeininga som fiendtlege mot utanlandsutdanna, så vil eg minne om at alle autoriserte psykologar er velkomne som medlemmar hjå oss. Rundt ti prosent av våre medlemmar er utdanna i utlandet og alle held ein god fagleg standard, seier Skard og legg til:

— Vi treng fleire psykologar i dette landet, og vi er ikkje motstandarar av at folk som er utdanna i utlandet skal praktisere i Noreg. Ein må sjølvsagt halde ein fagleg kvalitetsstandard, og det er for å sikre pasientsikkerheita. Men det handlar ikkje om kvar du er utdanna.

Men psykologien er jo den same på tvers av landegrenser. Kven er det som då har fasiten på kva som er den faglege kvalitetsstandarden?

Det er styresmaktene og Helsedirektoratetet som avgjer kva som er den faglege kvalitetsstandarden, svarer Skard.

Vil unngå ny opprivande runde — ønskjer førehandsgodkjenning

Den ferske presidenten er klar over at det har vore vond stemning og spissa retorikk i saka kring ELTE-studentane. Trass i at nokre av studentane no byrjar å få innvilga autorisasjon, så ventar saka deira vidare handsaming i det norske rettsvesenet. I slutten av november skal saka opp i Borgarting lagmannsrett. I tillegg er det over 60 studentar som sit att i Ungarn utan svar på kva framtida bringer.

Skard ønskjer ikkje ein ny opprivande runde som denne. Difor er han svært oppteken av at ein må ta lærdom av det som har skjedd.

— Det må bli meir føreseieleg for dei som studerer i utlandet. Vi kan ikkje ha det slik at folk reiser ut i god tru om at dei skal kunne kome tilbake å få seg jobb, og så får dei ikkje det. Det er ei usikkerheit styresmaktene bør søke å minimere, seier Skard, og minner om at også fleire ernæringsfysiologar fekk nei på sine søknader om autorisasjon i fjor haust.

Han foreslår difor at Helsedirektoratet, som er dei som gjev autorisasjon i Noreg, bør førehandsgodkjenne eller akkreditere utdanningsløp og universitet i utlandet. Presidenten forventar ikkje at ein skal gjere dette for alle verdas universitet, men for universitet og utdanningsløp i EØS-land.

Den ferske presidenten meiner styresmaktene bør gjere sitt for å redusere usikkerheita som fleire utanlandsstudentar går rundt med. Foto: Siri Øverland Eriksen

Stressmoment

Og han har allereie meisla ut argumenta frå eventuelle kritikarar av ei slik løysing.

— Dette bør ikkje vere meir innsats- eller kostnadskrevjande enn det allereie er. I dag er det jo slik at ein vurderer kvart enkelt tilfelle individuelt etter dei er ferdige. Med ei førehandsgodkjenning så vil ein vite kva slags universitet som tilbyr det rette løpet og dei spesifikke fagkombinasjonane som krevst for å få autorisasjon. Det er meir føreseieleg for alle partar, seier Skard.

— Men eit motargument vil jo kunne vere at ein ikkje vil ha kontroll over om universiteta i utlandet vil endre utdanningsløpet eller fagkombinasjonane etter at ei førehandsgodkjenning er gitt?

Ingen system er feilfrie, og alle vil jo måtte ha eit individuelt ansvar for å passe på at ein held seg til det ein vart samde om på førehand. Men eg trur at den augneblinken eit universitet har akkreditering i Noreg, så vil dei halde seg til det akkrediterte studieløpet. Utanfor Noreg kostar jo studia, difor vil dei vere interesserte i å tilby studium som er ettertrakta, seier Skard.

Psykologforeininga har vore i kontakt med Helsedirektoratet og fremja sine forslag for utanlandsstudentar. Likevel er dei ikkje inne i nokon prosess om ei slik omlegging, ifølgje Skard.

Og sjølvsagt endar intervjuet med den nye presidenten i psykologforeininga, psykologspesialisten og han som er oppteken av psykisk helsevern, slik:

— Måten ting er på i dag skaper stor usikkerheit for studentar i utlandet. Og denne usikkerheita er eit stressmoment som styresmaktene bør rette sin innsats mot for å få bukt med, seier Skard.

Powered by Labrador CMS