Mottok varsel om sikkerheitsfare på Livsvitskapsbygget

Joar Hystad
universitetet i oslo notis kortnytt

I byrjinga av februar mottok Statsbygg eit varsel om at det hadde vore uklarleikar under bruk av tårnkranar og arbeid på tak på Livsvitskapsbygget.

Det skriv Uniforum.

I eit oppfølgingsmøte same dag som varselet kom inn kom det fra at entreprenørane opplevde at dei ikkje blei høyrde, og at dei meinte framdrifta var så rask at arbeida ikkje kunne gjerast på ein sikker måte.

To dagar etterpå var Statsbygg på inspeksjon på byggjeplassen utan å finna noko gale. Statsbygg formidlar overfor Uniforum at det uansett er sett i verk tiltak for å gjera arbeidsforholda endå sikrare.

Det skal ikkje ha vore ei bestemt hending som førte til varslinga, men ei bekymring om framtidige utfordringar.

Ifølge prosjektleiar for Statsbygg, Sven Wertebach, går alt etter planen med byggjinga av Livsvitskapsbygget. Det skal heller ikkje vera snakk om foreseinkingar.

Livsvitskapsbygget skal stå klart i 2026.
Powered by Labrador CMS