Høgsterett vil ikkje behandle saka til Volda-student

Joar Hystad
suel kassembo notis kortnytt

For eit snautt år sidan skreiv Khrono om Suel Kassembo, som sat i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje samstundes som han studerte ved Høgskulen i Volda.

Etter å ha vore rundt 20 år i Noreg, stod Kassembo i fare for å bli kasta ut. Hausten 2023 bestemte nemleg Oslo tingrett at eit vedtak frå Utlendingsnemnda om å kaste Kassembo ut av landet, var korrekt.

Kassembo anka avgjersla, og saka kom opp på nytt i oktober i fjor. I Borgarting lagmannsrett blei det også tap, og saka blei anka vidare til høgsterett, der ankeutvalet no har sagt nei til å behandle saka, ifølge NRK.

Då Kassembo kom til Noreg, sa han at han var frå Burundi og at han var 16 år. Utlendingsstyresmaktene trudde ikkje på dette. Dei meiner han er frå Tanzania og at han er eldre enn han har sagt. I 2007 fekk han avslag på søknaden sin om asyl i 2007, og vart utvist i 2010. Sidan då har han budd på ulike stader og sete i kyrkjeasyl.

Kassembo sin advokat, Arild Humlen, seier til NRK at det var ein tung beskjed å få at Høgsterett ikkje ville behandle saka.

— Men vi har ikkje gitt opp saka, vi held fram arbeidet, seier Humlen.

Suel Kassembo si framtid i Noreg er igjen uviss etter at Høgsterett avviste anken hans.
Powered by Labrador CMS