Medieprofessor er prestevikar

Hilde Kristin Strand
teologi nyhetssenteret nyheter arne krumsvik

Professor og medievitar Arne H. Krumsvik er i sommar prestevikar i Søre Sunnmøre prosti. Det skriv Sunnmørsposten.

Arne Krumsvik var i fleire år rektor ved Høyskolen Kristiania. No studerer han teologi og underviser mellom anna ved Høgskulen i Volda.

Krumsvik, som var rektor ved Høyskolen Kristiania fram til 2022, har delt på Linkedin og Facebook at han har byrja å lese teologi på si.

No har han fått biskopen si godkjenning, annonserte han på sin Linkedin-profil for ein månad sidan. Det står i innlegget:

Brevet frå bispen er høgtideleg lest opp i Volda kyrkje. Eg har lest teologi på si ei tid. No er det tid for å prøve seg i praksis, nokre sommar-søndagar på Søre Sunnmøre.

Dette gir han fullmakt til å forrette gudstenester, dåp, nattverd og gravferd i Sunnmøre Prosti.

På Facebook kjem det fram at han har vore delaktig i fleire kyrkje.

Krumsvik ønskjer ikkje å kommentera saka, skriv Sunnmørsposten.

Powered by Labrador CMS