Har tatt 800 studiepoeng på seks år

Hilde Kristin Strand
nyheter lektorutdanning universitetet i stavanger nyhetssenteret

Ho utdanna seg først til lektor i matematikk. Men undervegs fann Malene Seljeskog Østebø at det gjekk an å ta fleire fag medan ein var student. Etter å ha studert i seks år, har ho no totalt 835 studiepoeng - ei mastergrad og fire bacheloroppgåver.

Dette skriv Stavanger Aftenblad.

I sommar tek 25-åringen eit nettstudium, og til hausten skal ho kombinera 80 prosent lektorstilling med å fullføra nok ei bachelorgrad.

— Eg har alltid likt å lesa, og foreldra mine las mykje høgt til meg då eg var lita, seier Østebø til Aftenbladet.

Powered by Labrador CMS