Professor i cybertryggleik: — Aukande trussel

Joar Hystad
nyheter

Nyleg vart boka «Cybermakt — en tverrfaglig innføring» gitt ut.

Ein av forfattarane, Mass Soldal Lund, som er professor i cybertryggleik og samfunnstryggleik ved Høgskulen i Innlandet, seier at cyberangrep er ein aukande trussel.

— Det blir fleire og fleire cyberoperasjonar frå år til år retta både mot Noreg, men også generelt, og dei får store konsekvensar for dei som blir utsette for dei, seier Soldal Lund i eit intervju på HINNs nettside.

I den nye boka hans er det det eksempel frå Noreg, men også mange internasjonale. Det som skjer i cyberkrigen mellom Russland og Ukraina blir vigd stor plass. Eit tjuetals ulike forskarar og ekspertar på temaet bidreg i boka.

Powered by Labrador CMS