Krig

Norsk-russisk tokt går etter planen, trass i krigs­sanksjonar

Felles forskingstokt til Barentshavet er siste flik av samarbeid mellom Noreg og Russland. — Kan vere med på å hindre at konflikten flyttar seg til nordområda.

Jostein Røttingen, Stine Karlson og Tatjana Prokhorova diskuterer data frå det norsk-russiske økosystemtoktet under eit møte i Murmansk i 2019. Forskarar frå det norske Havforskingsinstituttet har hatt tett samarbeid med kollegaer ved russiske havforskingsinstitutt sidan 1958.
Publisert

I mars set representantar frå Havforskingsinstituttet i Noreg og det russiske havforskingsinstituttet VNIRO seg ned saman. Det har havforskarar frå dei to sidene gjort kvart år i ein mannsalder, for å starte planlegginga av felles tokt i Barentshavet.

Status i dag er at det som blir omtalt som økosystemtoktet, det mest omfattande av sitt slag i verda, går som normalt frå august – med norske og russiske forskarar og skip side om side.

— Forskarane representerer ei form for samarbeid og dialog, eit kontaktpunkt, seier direktør ved Havforskingsinstituttet, Nils Gunnar Kvamstø, til Khrono.

Knapt nokon andre fagfelt har tettare og meir tradisjonsrike band til russiske kollegaer enn havforskarane.

Sanksjonane som regjeringa har innført medfører at all dialog og alle samarbeidsprosjekt med universitet og forskingsinstitusjonar i Russland er lagt på is. Instruksen frå Kunnskapsdepartementet inneheld samstundes denne formuleringa: «Eventuelle avtaler og samarbeid innenfor atomberedskap og fiskeri- og ressursforvaltning skal inntil videre fortsette som før».

Det er dette som gjer at norske og russiske forskarar i utgangpunktet skal samhandle i tokt og møte også i krigsåret 2022.

Lange tradisjonar

Få dagar før den russiske invasjonen la Havforskingsinstituttet ut pressmelding om det norsk-russiske forskarsymposiet i Tromsø. Sidan 1983 har havforskarar frå kva si side av grensa møttest her for å utveksle informasjon og legge grunnlaget for fiskeriforhandling mellom Noreg og Russland.

Direktør ved Havforskingsinstituttet, Nils Gunnar Kvamstø, er uroleg for framtida til det norsk-russiske samarbeidet. Inntil vidare representerer instituttet ei sjeldan glipe i isfronten mot Russland.

Dei siste to åra har russiske og norske havforskarar møttest digitalt på grunn av pandemien. Det er ifølgje havforskingsdirektøren ikkje klart om det vil bli mogleg å gjennomføre møter ansikt til ansikt i år.

— Vi baserer oss på at symposiet og toktet går som vanleg, seier Kvamstø.

Fakta

Havforskingsinstituttet og Russland

  • Havforskingsinstituttet har hovudkontor i Bergen og avdelingskontor i Tromsø. Med sine cirka 1100 tilsette er det eitt av dei største marine institutta i Europa.
  • Samarbeidet med Russland har vart sidan 1958, då sovjetiske havforskarar første gong kom til Bergen.
  • Havforskingsinstituttets samarbeid med Russland skjer i hovudsak gjennom det sentrale russiske fiskeriforskingsinstituttet VNIRO si nordlege avdeling i Murmansk, som tidlegare bar namnet PINRO.
  • Data frå økosystemtoktet dannar grunnlag for kvoteråd og anbefalingar til forvaltinga av Barentshavet.

— Samstundes veit vi enno ikkje korleis russisk side vil respondere. Vurderingane er gjort utifrå slik konflikten ser ut no, og det kan naturlegvis bli endringar.

Det store økosystemtoktet og samarbeidet med russarane er i dag heilt avgjerande for den felles forvaltninga av økosystemet og fiskeressursane i Barentshavet. Men det er ikkje heile grunnen til at Noreg held døra open for russarane på dette feltet i dag.

Barentshavet er som kjent både norsk og russisk, og har i tillegg til ressursrikdomen stor militærstrategisk betydning.

— Hindre konflikt

Samstundes har forskinga knytt til fiskeri- og ressursforvaltning i nord dei lengste og mest omfattande tradisjonane for forskingsssamarbeid med russisk side. For Noreg representerer dette ei livline til dialog i det elles islagde forholdet til stormakta i aust.

— Vi er ein del av det bilaterale fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland. Grunngivinga vi har fått for unntaket frå sanksjonane er primært at dei store og viktige ressursane må forvaltast i eit mattryggleiks-perspektiv. Vidare ser regjeringa at å vidareføre dette samarbeidet kan vere med på å hindre at konflikten flyttar seg til nordområda, seier Kvamstø.

Samarbeidet mellom Havforskingsinstituttet og den sovjetiske, og seinare russiske søsterorganisasjonen, strekker seg samanhengande frå 1958 fram til i dag. Det første felles norsk-sovjetiske toktet i Barentshavet blei gjennomført i 1965.

Unntaket frå sanksjonane gjer at norske og russiske skip og forskarar skal arbeide side om side også under økosystemtoktet til hausten.

Samstundes klarte Noreg og Sovjetunionen/Russland først i 2010 å bli einige om ei delelinje i Barentshavet, då utanriksministrane Jonas Gahr Støre og Sergej Lavrov underteikna avtalen. Begge vart tildelt æresdoktorat ved UiT for bragda. Etter invasjonen er Lavrov blitt den første i Noreg som har mista eit æresdoktorat.

Havforskingsdirektør Kvamstø er uroleg for kva som vil hende med dei sterke banda som er etablert sidan 1950-talet og som vart halde levande under heile den kalde krigen mellom aust og vest.

— Vi har lite informasjon om kva den vanlege borgar i Russland tenker. Vi veit ikkje kva utfallet av dette blir. Eg fryktar for det verste og håpar på det beste.

Polarinstituttet: — Ingen kontakt

I Tromsø ligg Norsk Polarinstitutt som også har ei viktig rolle i forskinga på og i nordområda – og som har eit nært samarbeid med russiske aktørar.

— Vår del av samarbeidet er innstilt. Vi har omfattande avtalar med søsterorganisasjonen AARI (Arctic and Antarctic Research Institute) i St. Petersburg og det marinbiologiske instituttet i Murmansk. Det er ingen kontakt no verken på institusjonelt eller bilateralt nivå, seier direktør Ole Arve Misund.

Polarinstituttet deltek også i mange arbeidsgrupper i Arktisk råd og i den norsk-russiske miljøkommisjonen.

Dette blir lagt på is, men på ein måte som gjer at det forhåpentleg kan takast opp igjen på sikt, ifølgje Misund.

Direktør for Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund, støttar fritaka frå sanksjonane for havforskarar knyt til fiskerisamarbeid med Russland.

— Vi har også fått ei viss opning for å bevare forskar til forskar-samarbeid. Det gjeld for eksempel datainnsamling på økosystem og klimautvikling, mellom annan knytt til sjøfuglbestandar i nord, som er i dramatisk endring.

I slutten av mars arrangerer Polarinstituttet, saman med Forskingsrådet og UiT, ein stor internasjonal konferanse i Tromsø: Arctic Science Summit Week. Her var også ei rekke russiske forskarar venta og velkomne – før natt til 24. februar, då invasjonen i Ukraina endra alt. No har arrangørane stengt konferansen for alle som representerer russiske institusjonar og verksemder og i staden valt å markere konferansen med ei klar fordømming av krigshandlingane.

— Dette er vanlegvis ein stor konferanse med fleire hundre forskarar. No blir det betrakteleg mindre. Situasjonen vil prege konferansen, seier Misund.

Powered by Labrador CMS