Debatt ● Anne-Grethe Naustdal og Randi Skår
Noreg treng at fleire vel sjukepleie — også i 2025
I går opna Samordna opptak for søking til høgare utdanning. No utan særkrav til sjukepleiarutdanninga. Det er vi glade for, og vi håpar trenden frå i fjor, der fleire søkte seg til denne viktige utdanninga, held fram.


Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Helse- og omsorgssektoren er ein av sektorane som står overfor store utfordringar i åra som kjem.
Vi blir fleire eldre og fleire som treng helsehjelp. Saman med eldre (og yngre)bølga, kjem mangel på helsepersonell. Det er allereie store bemanningsutfordringar i kommunane, med for få legar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.
Ved Høgskulen på Vestlandet utdannar vi morgondagens sjukepleiarar. Dei som skal gi omsorg, pleie og behandling til deg og meg når vi blir sjuke eller gamle.
Dei skal inn i eit av dei viktigaste yrka vi har, og vi treng fleire av dei.
Då regjeringa fjerna særkrava for å komme inn på bachelor i sjukepleie i fjor, opna dei samstundes for eit lokalt opptak utan særskilde karakterkrav. Dette opptaket gav nærmare 200 fleire sjukepleiarstudentar berre på Høgskulen på Vestlandet. Ei auke på nærare 30 prosent frå året før. Auken var særleg stor ved campusane våre i distrikta, der sjukepleiarmangelen er størst.
Ein kritikk mot å ta vekk særkrava, har vore at færre vil gjennomføre utdanninga, fordi dei som kjem inn har dårlegare karakterar. Våre tal viser at sjølv om mange av desse studentane ikkje oppfylte karakterkrav på enten 3 i matte eller norsk, så har mange av dei jamt over gode karakterar frå vidaregåande skule.
Nærmare 70 prosent av dei som kom inn på opptaket utan særskilde karakterkrav, hadde likt eller betre karaktersnitt, samanlikna med dei som kom inn gjennom Samordna opptak. På Stord og i Førde, dei to mindre campusane våre, gjaldt dette nærmare 90 prosent.
Nyleg kom resultata på nasjonal eksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi. Dei viser at studentane våre jamt over gjorde det bra på denne eksamen, og at resultata er omtrent som i fjor.
Vi ser derfor foreløpig ikkje tendensar til at dette er studentar som gjer det dårlegare på eksamen eller har høgare strykprosent.
På deltid, som vi har i både Førde og på Stord, er det over 60 prosent som ikkje oppfyller karakterkrav, langt fleire enn dei som går på heiltid. I Førde var det lik strykprosent for heiltid og deltid, mens på Stord var den lågare på deltid enn på heiltid.
Sjølv om fleire no har begynt på sjukepleiarutdanninga, er det viktigaste at vi får fleire sjukepleiarar ut i andre enden, og her treng vi meir kunnskap og innsikt. Vi har derfor sett i gang eit forskingsprosjekt for å sjå på samanhengen mellom karakterar som sjukepleiarstundetane kjem inn med, og gjennomføring av bachelorutdanninga.
Nedgangen i søkartala til sjukepleiarutdanninga dei siste åra har uroa oss sterkt. Derfor har vi gått i front for å fjerne dei særskilde karakterkrava som blei innført i 2019 for å komme inn på bachelor i sjukepleie.
Vi må gi dei som har ein sterk motivasjon for å bli sjukepleiar ein sjanse. For det er ikkje tvil om at vi treng fleire av dei, i sårt pressa kommunar og sjukehus. Det blir spennande å sjå korleis søkartala ser ut etter søknadsfristen 15. april. Vi håpar trenden frå i fjor held fram, og at endå fleire søker seg til denne viktige utdanning.
På Høgskulen på Vestlandet er vi klare til å ta dei imot.
Nyeste artikler
Valgkamp i Ås om parkering, oppsigelser og ledermodell
Fem år siden Norge stengte ned. Hvordan har akademia endret seg?
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Udokumenterte påstander om utviklingen innen vitenskapelig publisering
Kan KI svekke likestillingskampen?
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen
Kritisk til historisk stort rektorteam: — Et sjuhodet troll
Det hjelper ikke å pynte seg med dannelse