Kortnytt
Noreg taper terreng på innovasjonsbarometer
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Noreg fell frå 19. til 20.plass på eit årleg barometer over verdas mest innovative land. Det er Austerrike som har gått forbi, etter å ha vore på 21.plass i fjor. Øvst på lista tronar Sveits, med Sverige og USA på dei neste plasssane.
Det er WIPO (World Intellectual Property Organization) som publiserer rangeringa, "Global Innovation Index 2020". Dei andre landa som har fått topp 10 plassering er Storbritannia, Nederland, Danmark, Finland, Singapore, Tyskland og Korea.
Indeksen er eit verktøy for å samanlikne innovasjonsnivået i ulike land. 80 innovasjonsindikatorar er brukt for å rangere 131 land.
Med unntak av Island ligg Noreg bak dei nordiske naboane sine. «Vårt høge BNP og eit stort bidrag frå olje- og gassnæringane er faktorar som kan slå ut i denne indeksen,» seier seniorrågjevar Bjarne J. Kvam i ei melding frå Patentstyret.
Hans poeng er at indikatorar blir skalerte ved å dele BNP for å kunne samanlikne dei ulike landa, og at Noreg høvesvis har færre verksemder som bidreg på den kreative resultatsida i målinga.
«Slik hamnar Noreg lågare på lista enn nabolanda våre», seier Bjarne J. Kvam.
WIPO er FN sin verdsorganisasjon for immaterielle rettar, og har som hovudoppgåve å fremje utviklinga av immaterielle rettar globalt. Noreg er eitt av 182 medlemsland.
(Tor Arne Fanghol / Khrono)
Nyeste artikler
Botanikarar vil luke ut krenkande plantenamn
Spionsiktet ville ha møte med departement for pengestøtte
Strümke: «KI vil gjere dei dårlege dårlegare og dei gode betre»
Høysesong for opptak. Disse studentene bruker sommeren på søkerne
NMBU-rektor støtter dekanen som har forventning om 25 prosent inntjening av lønn
Mest lest
Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»
Her er Nordens beste universitet
Mange blir mer sårbare med ny finansiering. Hvordan skal utslagene fordeles?
Dro inn 150 millioner i 2023 på studenter som henne
— Sensorene må være med å definere grensa for stryk