Debatt ● Anders Hjertø Lind

No skal ferske forskarar både sjåast og høyrast

Det er på høg tid at ferske forskarar får ein medlemsorganisasjon som talar si sak, skriv Anders Hjertø Lind i Organisasjonen ferske forskarar.

Det er avgjerande at forskarar tidleg i karrieren vert breitt representerte og får eit ord med i laget, skriv leiaren i Organisasjonen ferske forskarar, som nett vart stifta. Biletet er frå ei tidligare doktorpromosjon ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Akademia er prega av hierarki og lagdeling mellom forskarar som er tidleg og seint i karrieren. Samstundes som stadig fleire tek doktorgrad, har konkurransen om faste stillingar blitt stadig hardare. Mange forskarar som er tidleg i karrieren lever i laus tilknyting til eit arbeidsliv som er prega av utstrekt bruk av midlertidigheit og jobbusikkerheit. I ein hyperkompetetiv sektor skapar slik prekariatet ein arbeidskultur med stort press og mykje uhelse blant stipendiatar, lektorar og nyutdanna forskarar. Denne prekariteten slår skeivt ut for ulike grupper, med omsyn til til dømes kjønnsidentitet, funksjonsnivå, økonomi og/eller kulturell bakgrunn.

Det er lettare å stå i uvissa om ein har pengar og privilegium i ryggen, men vanskeleg for forskarar med nedsett arbeidsevne å delta i ein sektor som er prega av overarbeidd og kunstig låge timesatsar. Akademia blir dermed ikkje eit meritokrati på faglege premissar, men favoriserer dei som er privilegerte, med omsyn til økonomi, majoritetsbakgrunn, helse eller kjønn.

UH-sektoren er til dømes notorisk for sin spekulative bruk av deltid og mellombelse stillingar. Denne praksisen råkar i overveldande grad forskarar i ei tidleg karrierefase og er ikkje ein offentleg arbeidsgjevar verdig. Nokre døme er bruken av «lufting», der tilsette opplever mellombelse opphald i arbeidsforhold for at arbeidsgjevar skal hindre at tilsette får krav på fast stilling og bruken av det eufemistiske omgrepet «fast mellombels tilsett».

Sektoren er økonomisk pressa og har kvart år ei uviss mengde arbeidsoppgåver å løyse, gitt at studenttal og undervisningsbehov varierer. Strukturelle problem kan likevel ikkje rettferdiggjere den utstrekte bruken av mellombelse tilsettingar og deltid for å spara kostnadar. Løysinga veltar byrda ved eit strukturelt problem over på den individuelle forskar. Saman er dette utfordringar i sektoren som fører til eit høgt stressnivå, gjennomtrekk, fråfall og ein låg grad av stabilitet for dei som ønskjer å bli i yrket.

På same tid går sektoren gjennom dramatiske kutt og omveltingar som ferske forskarar har lite medverknad i. Programma til Forskingsrådet som i prinsippet er retta inn mot forskarar tidleg i karrieren, fungerer i praksis som ekskluderande ved å leggje inn vilkårlege kriterium og hinder for søkjarar. Det gjer framhald av karriere vanskeleg for ferske forskarar som ikkje treff på NFRs kriterium. Dette fører til at forskarar må vente i årevis mellom doktorgrad og moglegheiter til å søkje finansiering av eiga forsking samstundes som moglegheitene for fast stilling for mange er avgrensa.

Interessene til forskarar tidleg i karrieren er i blant samanfallande med resten av sektoren, men i andre tilfelle ikkje. Dessutan er ferske forskarar er fragmenterte med omsyn til i interesseorganisasjonar: Lokale og nasjonale organisasjonar er avgrensa av stillingskategori (for stipendiatar, postdoc, mellombels tilsette, m.m.). Samstundes er det er overlapp med fagforbund som må ta høgde for medlemmar i alle aldrar og (ofte) høgare på karrierestigen.

Det finst også ikkje-representative, lukka organisasjonar som Akademiet for yngre forskarar. Arbeidstilhøve for ferske forskarar medfører at denne gruppa i liten grad har høve til å organisere seg og delta i medbestemmelsesprosessar og andre institusjonelle demokratiske ordningar.

Den komande tida skal forskrifta for stipendiatar, postdocar og førsteamanuensisar reviderast. Det er avgjerande at forskarar tidleg i karrieren vert breitt representerte og får eit ord med i laget. Vi ønsker å målbere særinteressene til ei utsett gruppe innan UH-sektoren, og søke samarbeid med andre interessegrupper der det er grunnlag for det. Samstundes vil OFF vere kompromisslause i å setje interessene til forskarar i ein tidleg karrierefase først.

Det er difor på høg tid å etablere ein brei medlemsbasert interesseorganisasjon som kan fremje interessene til akademikarar som er tidleg i karrieren. Det vil vere i tråd med dei beste normene i resten av norsk arbeidsliv. Vi skal gjennom vår opne medlemspolitikk vere ei motvekt til hierarki, eksklusjon og prekariatet.

Det er slutt på at ferske forskarar går stille i gangane.

Powered by Labrador CMS