veterinærhøgskulen

No er siste del av den gamle veterinærhøgskulen selt

Først kjøpte Oslo kommune tre fjerdedelar for godt over ein milliard kroner. No har eit eigedomsselskap kjøpt dei siste 15 måla av den gamle veterinærhøgskulen på Adamstuen for like mykje.

Dette bygget er freda, og ligg på den delen av tomta som tidlegare er selt til Oslo kommune. No har Linstow AS kjøpt resten av den gamle veterinærhøgskulen sitt område på Adamstuen i Oslo.
Dette bygget er freda, og ligg på den delen av tomta som tidlegare er selt til Oslo kommune. No har Linstow AS kjøpt resten av den gamle veterinærhøgskulen sitt område på Adamstuen i Oslo.
Publisert

Det største tomtekjøpet for Oslo kommune, var meldinga i 2021 då kommunen hadde kjøpt tre fjerdedelar av eigedommen til den gamle veterinærhøgskulen på Adamstuen. Kjøpssum den gongen var 1,36 milliardar kroner, og planen er at det skal verta både grunnskule, vidaregåande skule, bibilotek, fleirbrukshall og park på tomten.

— Folk vil bu i Oslo, og me må sikra oss areal slik at folk får det tilbodet dei skal ha. Då me fekk sjansen til å kjøpa, så måtte me gjera det, sa byrådsleiar Raymond Johansen den gong.

No har eigedomsselskapet Linstow kjøpt den siste fjerdedelen. Den er omlag 15 mål, med ei bygningsmasse på 30 000 kvadratmeter. Den gamle hovudbygningen, som er freda og difor gjorde tomta uaktuell som nytt hovudsete for NRK, er ikkje ein del av dette.

Området innanfor den stipla linja er det som no er selt.
Området innanfor den stipla linja er det som no er selt.

Det er Statsbygg som melder om salet. I ei melding på deira sider seier kommunal- og distriktminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) at når staten ikkje lenger har behov for ein eigedom, er det betre at andre utviklar han til beste for fellesskapet.

— Dei to sala til Oslo kommune og Lindstow AS har til saman gitt staten over 2,7 milliardar kroner i inntekter. Det er pengar me kan bruka på andre gode formål, seier Gjelsvik.

Linstow overtek 31.november. Konsernsjef Per Mortensen seier det vil ta fleire år før området er ferdig utvikla. Planane er heller førebels ikkje heilt klare, men gode møteplassar og spanande tilbod for eit breitt publikum er mangelvare i omrdået, seier Mortensen.

— Me er opptekne av å skapa attraktive stader der folk trivst med å bo, jobba og treffa kvarandre, og det same vil vera tilfelle på Adamstuen, seier Mortensen.

Veterinærhøgskulen er som kjent flytta til splitter nye lokale på Ås.

Powered by Labrador CMS