Debatt ● Kristoffer Myklebust egset og Arne krumsvik
No er det tid for å tenkje nytt
NAV-støtte til studentar som mister jobben bryt med den vanlege måten å tenkje på. Men det er ei tid for alt.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kjære arbeids- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Mange studentar har mista ekstrajobben og slit økonomisk. Vi er redd for at mange no gir opp å fullføre utdanninga. Det er eit problem både for den enkelte og for samfunnet.
Vi får tilbakemeldingar om at fleire enn vanleg er i ferd med å gi opp og vurderer å seie frå seg studieplassane sine. Og vi veit at for mange er vårsemesteret kritisk. Det er ingen grunn til å vente og sjå.
... vi veit at for mange er vårsemesteret kritisk. Det er ingen grunn til å vente og sjå.
Kristoffer Egset og Arne Krumsvik, Høyskolen Kristiania
Særleg på store studiestadar som Oslo og Bergen er det dyrt å leve. 8.200 kroner i månaden frå Lånekassa rekk ikkje til husleige, forsikring, kollektivtransport, mobil, internett, mat, klede og det ein elles treng i kvardagen. Løysinga på problemet er å ta seg ein deltidsjobb. Det gir også verdifull kontakt med arbeidslivet.
Så kjem pandemien, og jobbane forsvinn. «Vanlege» arbeidstakarar får bortfall av lønn kompensert av NAV. Studentane, som også har betalt sin skatt, får i staden tilbod om å ta opp meir lån.
Under ein spørjetime vi nyleg hadde for studentar ved Høyskolen Kristiania, fekk vi mange spørsmål om økonomi. No er det mange som opplever ein kritisk situasjon. Sjølv om komande vaksiner gir lys i tunnelen, må vi truleg leve med pandemien ei god stund til.
Studentar fortel oss at dei er såra, redde og frustrerte. Dei ønskjer ikkje å gi opp studiane. Det er sløsing med ressursane både for samfunnet og den einskilde kvar gong nokon gir opp å fullføre utdanninga.
Vi må unngå at hjelpetiltaka i ei vanskeleg tid verkar mot si hensikt. Løysinga er ikkje å tilby unge menneske endå meir gjeld. NAV-støtte til studentar som mister jobben bryt med den vanlege måten å tenkje på. Men det er ei tid for alt. No er det tid for å tenkje nytt.
Nylige artikler
Norge mangler en beredskap for fysisk stengte skoler
Vitenarkivet utsettes - igjen
Flere samskipnader sliter: Kutter kantiner, ansatte og selger ut studentboliger
Sit har et ansvar som boligutvikler – også for kulturmiljøet
En historisk mulighet for kunstnerisk utviklingsarbeid
Mest leste artikler
Mangfold-forskeren skulle til Norge. Trump-administrasjonen sa nei
Foredragene til denne professoren koster tusen kroner minuttet
Studentavis sendte Musk-inspirerte spørsmål til ansatte. Da ble det bråk
Slik skal KI-milliarden brukes. Her er de nye KI-sentrene
Slakter rektormaleri. — Skandaløst dårlig