Debatt Klaus Mohn og Margareth Hagen

No er det studentane sin tur!

Denne gongen må det være vår tur å sleppe ein-metersregel, restriksjonar på undervisninga og påbod om heimekontor for tilsette.

Prioriteringane rundt smittevern må ikkje enno ein gong etterlate studentane i ei sosial bakevje, skriv rektorane Maragareth Hagen (UiB) og Klaus Mohn (UiS).
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er på høg tid at tilpassinga av smittevernet gir prioritet til universitet og studentar.

No forventar vi ei vesentleg lette i smitteverntiltaka og for universitet og studentar. På leiarplass søndag 30. januar skriv VG at studentane fortener fysisk undervisning og ei normal studenttid. Vi er heilt einige.

Sjølv om smitten no brer seg raskt, er talet på innleggingar på veg ned. Dei som blir lagt inn er heller ikkje like sjuke som tidlegare. I tillegg kjem at dei aller fleste no er vaksinerte, og mange for tredje gong. Vernet mot smitte er langt frå fullkoment, men vaksinen bidreg likevel til mildare sjukdom for dei som blir smitta av omikron. Dermed blir heller ikkje helsevesenet tynga på tilsvarande vis som tidlegare.

Om alt dette hadde vore kjent før jul, så kunne ein ha tatt seg råd til mindre restriktive tiltak. Men utforming av smitteverntiltak under stor uvisse er ikkje rett fram, og stundom kan det være klokt å være føre var. Men no veit me altså meir. Difor annonserte styresmaktene lette i smitteverntiltaka for nærmare tre veker sidan, med sikte på at samfunnet igjen skulle ta viktige skritt mot ein normalsituasjon. Alt då signaliserte vi at det var på tide å lette tiltaka også for vår sektor

Restriksjonane har hatt store kostnader for den psykiske helsa til studentane.

Margareth Hagen og Klaus Mohn

Innrettinga av smitteverntiltak gav likevel prioritet til økonomi og næringsliv, slik at industri, tenesteyting og varehandel skulle kunne haldast ved lag, med minst muleg tap av aktivitet og arbeidsplassar. I tillegg favoriserte prioriteringane naturleg nok barn og unge, med opning for grønt nivå i grunnskole, vidaregåande skule og vaksenopplæring. Men universitet- og høgskolesektoren og studentane blei ikkje prioriterte på same vis.

Universiteta måtte fortsatt halde seg til ei rekke restriksjonar, som ein meter avstand, munnbind, maks 30 personar i kvart undervisningslokale og ei tilråding om heimekontor for tilsette. Desse tiltaka har gitt redusert potensial for fysiske møte og undervisningsaktivitet på campus. Restriksjonane på fysisk undervisning har gjort at strøyminga av fleire av førelesingane måtte halde fram, og at universiteta måtte tilby eit nærmast fullt sett av hybride undervisningsløysingar.

Samfunnet står overfor store utfordringar og kunnskap er ein viktig del av svaret. Av same grunn må dagens studentar bli rusta fagleg og sosialt, slik at samfunnet kan hauste frå det beste me kan få til morgondagens arbeidsmarknad. Dette føreset forskingsbasert utdanning, varierte undervisningsformer og god kontakt med behova i samfunns- og arbeidslivet, og at me kan leggje til rette for ei spørjande og sosial danningsreise.

Restriksjonane har hatt store kostnader for den psykiske helsa til studentane. Universiteta skal representere danning, ikkje berre utdanning. Det tidlege vaksenlivet er formativt. Det ein opparbeider av relasjonskompetanse og sosiale ferdigheiter tidleg i 20-åra har ein med seg livet ut. Og om desse sidene ved studentlivet blir undergrave for heile studentkull, så kan konsekvensane bli kostbare og langvarige, ikkje berre for den enkelte student, men og for samfunnet vårt.

No går det mot nok ei snarleg lette i smitteverntiltaka på nasjonalt nivå. Prioriteringane rundt smittevern må ikkje enno ein gong etterlate studentane i ei sosial bakevje. Denne gongen må det difor være studentane sin tur. Denne gongen kan ikkje universiteta bli avspist med tiltak som er meir restriktive enn for vidaregåande skular og vaksenopplæring. Denne gongen må det være vår tur å sleppe ein-metersregel, restriksjonar på undervisninga, og påbod om heimekontor for tilsette.

Vi står klare til å løfte både aktivitet og kvalitet i undervisninga og forskinga, til beste for studentane og for samfunnet.

Om berre smitteverntiltaka blir løfta.

Powered by Labrador CMS