arbeidsmiljø
NHH-professor tapte i retten. Vurderer å anke
Professor Leif Egil Hem kravde erstatning og ordensstraff kjent ugyldig, men fekk ikkje medhald.

Dermed har den langvarige striden mellom Norges handelshøgskole (NHH) og professor og tidlegare instituttleiar Leif Egil Hem nådd eit førebels sluttpunkt.
Hem møtte tidlegare i mars i Oslo tingrett der han kravde ordensstraffa arbeidsgivaren la på han, kjent ugyldig. Han kravde også ei erstatning på 100.000 kroner.
Hem nådde ikkje fram, og blei i tillegg dømd til å betale sakskostnadene på 188.400 kroner.
Dommen er ikkje rettskraftig.
— Vi vil gå grundig gjennom dommen og vurdere om vi skal anke, seier advokat og leiar for juridisk avdeling i Forskerforbundet, Mariann Helen Olsen, til Khrono.
Det var Forskerforbundet som førte saka for Hem i tingretten, mot Regjeringsadvokaten på vegner av Kunnskapsdepartementet og NHH.
«Grovt klanderverdig»
Hem vart i januar 2024 omplassert og fråteken åremålsstillinga han hadde som instituttleiar, med heimel i ein paragraf i statsansatteloven om ordensstraff.
Bakgrunnen var ei varsling mot han hausten 2022 frå ein stipendiat som han var rettleiar for.
Hem har heile tida nekta for skuldingane som vart retta mot han frå varslaren og som vart lagt fram i ei faktaundersøking som høgskulen bestilte etter varslinga. Han har i tillegg retta skuldingar tilbake mot arbeidsgivaren og rektor Øystein Thøgersen, og hevda at han er blitt utsett for utfrysing og fryktkultur.

Retten kom derimot fram til at det var solid juridisk grunnlag for ordensstraffa fordi «Hems handlemåte er så grovt klanderverdig, at han utvilsomt og samlet sett grovt har krenket sine tjenesteplikter».
— Dommen stadfestar NHHs hovedpoeng. Ein slik oppførsel frå ein professor og doktorgradsrettleiar er ikkje i samsvar med pliktene og ansvaret ein har som instituttleiar, seier advokat hos Regjeringsadvokaten, Kristoffer Nerland, i ein kommentar til dommen.
«Manglende rolleforståelse»
Varselet mot Hem skriv seg frå seinhausten 2021. Der hevda stipendiaten at ho vart trekt inn i ei samlivskonflikt mellom Hem og kona hans, som på dette tidspunktet jobba på NHH. Varselet var retta mot begge.
Striden mellom Hem og NHH har i fleire omgangar blitt omtalt i Khrono.
Hem gjentok i Oslo tingrett det han heile tida har hevda, at varselet bygger på misforståingar, og at det ikkje er grunnlag for ordensstraffa som førte til at han blei fråteken åremålsstillinga som instituttleiar.
Dommen frå Oslo tingrett slår derimot fast at «Hems manglende rolleforståelse over tid illustrerer at han ikke har tatt høyde for det asymmetriske forholdet mellom ham og (stipendiaten) som hans veilederrolle forutsetter».
Dommaren meiner dette inntrykket blir forsterka av at Hem delte uriktige helseopplysningar om stipendiaten med andre på NHH.
— Ikkje høyrt
I dommen heiter det også at «det er bemerkelsesverdig at Hem heller ikke nå lenge i ettertid i særlig grad innser eller uttrykker det problematiske ved hans handlemåte».
Hem ønskjer sjølv ikkje å kommentere dommen til Khrono og viser til Forskerforbundet.
Ifølgje Forskerforbundet meiner Hem at retten har lagt vekt på udokumenterte påstandar.
— Han opplever at han i liten grad er blitt høyrt, seier advokat Mariann Helen Olsen.
Hem har heile tida hatt og vil framleis ha professorstillinga si ved NHH. Denne var ikkje omfatta av ordensstraffa som førte til at han vart fråteken åremålsstillinga som instituttleiar.
Nyeste artikler
Norsk forskning risikerer mindre tilgang til EU-milliarder
Då Mali slo av opptakaren, byrja ungdommane å fortelja
The ECIU University alliance is an emerald UiS forgot
Forskningsrådets likebehandlingsbløff
Kan slite med å få støtte til eksamenskutt
Mest lest
Curt Rice slår alarm om Fulbright: — Programmet kan bryte sammen
Slår knallhardt tilbake: — Verre enn under den mørkeste middelalderens inkvisisjon
Navnet mitt på en artikkel jeg aldri skrev — med data som aldri fantes
Skjerpet sikkerheten etter at mann stalket ansatte og opptrådte truende
Nerdenes hevn: Ble landets raskeste akademikere