Gunnar Syverud viser fram NMBU-ringen som han har hatt på fingeren sidan han vart uteksaminert med landbruksutdanning i 1987. Foto: Ida Helene Andersen, Stortinget.

Ringar: Eit symbol på samhald og kompetanse, eller harry jåleri?

Fellesskap. Dei om lag 100 år gamle kandidatringane ved fleire universitet står framleis høgt i kurs blant studentane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Oppdatert 26.09 kl. 09:30: Med masterringen frå Høgskulen i Telemark, avdeling Porsgrunn)

Denne veka vart det kjent at NTNU planlegg å utvikle ein ny ring for uteksaminerte masterstudentar i alle fag og har difor invitert til ein designkonkurranse.

Fakta

Prisar på ringane

NMBU-ringen: 5580 kroner (damemodell) og 6660 kroner (herremodell)

NHH-ringen: Frå 2280-2969 kroner (damemodell) og frå 3260-4238 kroner (herremodell)

NTNU-ringane: 3990 kroner (Sivilingeniørringen), 6950 kroner (doktorgradsringen) og 3800 kroner (kandidatringen).

Masterringen ved UiA: 4390 kroner

Masterringen ved UiS: 5200-5300 kroner

Doktorring ved UiO: 2290 kroner

Doktorring ved UiB: 6500 kroner

Kjelde: Gullsmed Bjørn Hansen (Ås), NHH, Gullsmed Dahlsveen og Gullsmed Karlgård (Trondheim) Gullsmed Unni Storm-Johannsen AS (Grimstad), Noruns Gullsmedverksted (Tananger), UiO, UiB.

Det var Universitetsavisa som først omtalte saka.

Den nye ringen vil føye seg inn i rekka av ringar som NTNU allereie smykkar fleire av sine uteksaminerte studentar med.

Doktorgradsstipendiatar, sivilingeniørar (også kjent som NTH-ringen) og dei med mastergrad i økonomi og administrasjon, regnskap og revisjon og leiing i teknologi (kandidatringen - som NTNU Handelshøgskulen står bak) har allereie eigne ringar.

Det kan ikkje vere slik at ein må ha ballar på fingrane for å bli tatt seriøst i arbeidslivet.

Ola Magnussen Rydje

— Vi syns det er rimeleg å gi eit tilbod til ein større del av studentmassen. Vi har fanga opp at det har vore eit ynskje og ein etterspurnad etter ein slik ring, seier organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU til Universitetsavisa.

Hjelseth: — Tilhøyrer eit brorskap

NTNU er ikkje det einaste universitetet i Noreg som tilbyr slike ringar.

Etter ei kartlegging har Khrono kome fram til at dei også tilbyr liknande ringar ved i alle fall Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), universiteta i Agder, Stavanger og Bergen, samt Universitetet i Oslo. I tillegg har dei også tilbod om ring ved Noregs Handelshøgskule.

Sosiolog og førsteamanuensis ved NTNU, Arve Hjelseth, meiner studiekulturen er i endring.

— Ein slik ring er jo eit slags signal til omgivnadane og likesinna at ein tilhøyrer eit brorskap. I tradisjonsrike studium som til dømes jus, medisin og ingeniør-faga så har ein hatt ein forkjærleik for slike brorskap og ritual. Men no ser vi kanskje tendensar til at fleire har eit behov for å markere at ein er del av eit slikt fellesskap, seier Hjelseth til Khrono.

— Harry og jålete

Fakta

Her har dei ringar

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). Der er uteksaminerte sivilingeniørar, masterstudentar i økonomi og administrasjon, regnskap og revisjon og leiing i teknologi, samt doktorgradsstipendiatar kvalifiserte til å kjøpe NTNU-ringane.

Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Der kvalifiserer alle som er uteksaminerte med mastergrad til å kjøpe seg NMBU-ringen.

Norges handelshøyskole (NHH). Der er uteksaminerte mastergradsstudentar og doktorgradsstipendiatar kvalifiserte til å kjøpe NHH-ringen.

Universitetet i Agder (UiA). Der er uteksaminerte masterstudentar frå linjene IKT, mekatronikk, fornybar energi samt industriell økonomi og teknologileiing kvalifiserte til å kjøpe ring.

Universitetet i Stavanger (UiS). Der er uteksaminerte sivilingeniørar kvalifiserte til å kjøpe ring.

Universitetet i Oslo (UiO). Etter kreering er det mogleg for doktorar å kjøpe ein doktorring.

Universitetet i Bergen (UiB). Etter bestått doktorgrad kan kandidatar kjøpe ein doktorring.

Og ved UiT Norges arktiske universitet skal dei vere i gang med å opprette eit nytt ring-tilbod for uteksaminerte sivilingeniørar (les meir om dette seinare ei saka).

Ein som plukka opp nyheita om dei nye masterringane ved NTNU, er kommentator i Dagbladet, Ola Magnussen Rydje. Tidlegare i veka skreiv han ein kommentar der han stempla ringane som både harry og jålete.

— Eg meiner det er heilt unødvendig med ein tredje offisiell ring. Om det er snakk om at ein ynskjer å markere at ein er del av eit fellesskap, så er det heilt tåpeleg å skulle måtte samlast rundt ein ring, seier Magnussen Rydje til Khrono.

Han har tydelegvis treft ein nerve i folket. Kommentaren om ringane er den mest leste kommentaren som er skrive i Dagbladet denne veka. Tilbakemeldingane er delte.

— Ein tredjedel forsvarar ringane på ein fornuftig måte, ein tredjedel er sure og forsvarar ringane med pompøse argument, medan den siste tredjedelen syns det er fantastisk at eg har skrive denne teksta og takkar for at eg har løfta dette fram, seier Magnussen Rydje. Og i den siste kategorien er det flest kvinner, legg han til.

Gir anerkjenning i arbeidslivet

Kommentaren har også skapt debatt. Tysdag møtte Magnussen Rydje leiaren i Tekna, Lise Lyngsnes Randeberg i Dagsnytt 18. Der sa Randeberg at NTH-ringen har vore viktig historisk for nyutdanna sivilingeniørar som har kome ut i arbeidslivet, og då kanskje spesielt kvinner, fordi den har vore eit slags bevis på at ein har noko å kome med reint fagleg.

Ein kvinneleg sivilingeniør Khrono har prata med seier ho har hatt liknande opplevingar i arbeidslivet også i nyare tid.

Magnussen Rydje seier at han har fått tilbakemeldingar i same kategori:

— Det kan ikkje vere slik at ein må ha ballar på fingrane for å bli tatt seriøst i arbeidslivet, seier Magnussen Rydje.

— Ingen losje-ring

Gunnar Syverud, som no jobbar som seniorrådgjevar ved Stortinget, er ein av fleire som ber NMBU-ringen. Ein ring som har røter heilt tilbake til 1930-talet. Ringen har han hatt på sidan han vart uteksaminert med ei landbruksutdanning i 1987.

— Når du er ute på ulike samlingar er det mange som legg merke til at du har den ringen. Det er eit identifikasjonsmerke som gjer at ein kjem i kontakt og som viser at ein har ei utdanning innanfor landbruket. Slik sett har det vore eit greit identifikasjonsmerke som gjer at ein raskt hamnar i landbruksfaglege diskusjonar, seier Syverud.

Og han legg til:

— Men det er ikkje nokon losje-ring dette.

Men kva betyr eigentleg desse ringane?

NTH-ringen er blant dei eldste og vart designa i 1914 av Vidkun Quisling sin tidlegare landbruks- og arbeidsminister, dåverande arkitektstudent ved Norges tekniske høgskule (NTH), Tormod Kristoffer Hustad.

Det var studentar som var pådrivarar for å få eit merke som kunne markere deira tilhøyrsle til skulane — både ved NTH og NMBU.

Fredrik Thue er professor i profesjonane si historie og teori ved OsloMet.

Professor i universitetshistorie ved OsloMet, Fredrik Thue. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

— I utgangspunktet har det vore ein ganske puritansk tradisjon ved norske universitet og høgskular når det gjeld akademisk pomp og prakt sidan oppstarten av Universitetet i Kristiania i 1813, fortel Thue.

Men historia til NTH er ei litt annan:

— NTH har nok hatt eit behov for å markere at skulen var like eksklusiv som universitetet i Christiania, seier Thue.

— I tillegg utdanna dei berre to yrkesgrupper (sivilingeniørar og sivilarkitektar) og dei hadde eit sterkt studentsamfunn. Dette i sum er nok ein del av forklaringa til korleis NTH-ringen tok form, trur Thue.

Thue minnest noko som stod skrive i Oslo-studentane si avis Universitas like etter krigen. Dåverande student Jostein Goksøyr (tidl. professor i marinbiologi ved Universitetet i Bergen, red. anm) skreiv at dersom alle var samde at det var eit betre studentmiljø ved NTH enn ved UiO, så var det fordi studentane der utgjorde ein klarare sosial elite andsynes byen si befolkning enn tilfellet var i Oslo.

— Noregs Handelshøgskule (NHH) har hatt litt av den same eksklusiviteten som NTH. Dei har begge utdanna elitar i norsk næringsliv, seier Thue.

Salstal og trendar

Dei fleste gullsmedane som lagar ringane melder om jamne salstal dei siste åra, med små variasjonar år til år.

NMBU-ringen vert det selt om lag 170-180 av kvart år. Til samanlikning vert det selt om lag 1000 NTH-ringar kvart år. Det nyaste tilskotet ved NTNU, kandidatringen, vart for første gong selt i år og så langt er det selt under 20 ringar.

Den mindre kjende masterringen ved UiS vert det selt mindre enn 10 av i året, opplyser gullsmeden.

— Ved NHH er kjøpstrenden stigande. Fleire kjøper NHH-ringen i dag enn for fem år sidan. Likevel er det kun mellom 5 og 10 prosent av kandidatane frå avgangskulla (eitt avgangskull er på over 800 studentar) som kjøper ring kvart år, opplyser kommunikasjonssjef Sigrid Folkestad.

Ring-historikk

Ved Fakultet for ingeniørvitskap ved UiT Norges arktiske universitet er dei no i gang med å starte opp eit ringtilbod.

— Sivilingeniør-studentar har teke initiativ til å få på plass ein ring og universitetet hjelper med å få på plass ei kontrakt med ein gullsmed, seier avdelingsdirektør Bjørnar Storeng.

Fleire av universiteta og høgskulane som har blitt kontakta, nemner at dei ikkje har ring, men at dei ofte gir uteksaminerte studentar brosjer, nåler, skjerf, slips, knivar og liknande.

Ved Nord universitet og det som tidlegare var Statens trafikkskule i Stjørdal og seinare Høgskulen i Nord-Trøndelag, så hadde dei ein populær trafikklærar-ring.

— Vi får med jamne mellomrom spørsmål frå nye studentar om denne ringen framleis er i omløp, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Bjørnar Leknes.

Jan Erik Frantsvåg med bankøkonomringen på handa. Symbola tilhøyrer høvesvis sparebankforeininga, bankfunksjonærforbundet og forretningsbankane. Foto: Privat

Også ved siviløkonomutdanninga i Bodø hadde dei i si tid ein ring, men den vart det slutt på etter fusjonen til Nord universitet.

Det som ein gong heitte Bankakademiet (etablert i 1965 - fusjonert med Handelshøgskulen BI i 1994) i Oslo, tilbydde også ein bankøkonomring til ferdigutdanna studentar. Fleire tok bankøkonomutdanninga ved sidan av full jobb og fullførte ofte etter 6 år.

— Ringen var ei løning til meg sjølv for å ha stått løpet ut over mange år, og kunne også vere ein døropnar når ein traff ukjente menneske med den same ringen, seier Jan Erik Frantsvåg til Khrono. Han går med bankøkonomringen sin kvar dag, sjølv om det er over 26 år sidan han slutte å jobbe i bankvesenet. No jobbar han som seniorrådgjevar ved UiT Norges arktiske universitet.

Også dei ulike krigsskulane under Forsvaret har ulike ringar som dei smykkar sine nyutdanna med. Mellom dei Krigsskuleringen.

Ifølgje ein lesar finst det også masterringar frå det som før heitte Høgskulen i Telemark, avdeling Porsgrunn, no Universitetet i Sørøst-Norge. Kommunikasjonsrådgjevar Jan-Henrik Kulberg opplyser at det no fusjonerte universitetet ikkje har nokon offisiell ring og heller ikkje har planar om det.

(Tips oss: Er det fleire universitet og høgskular som tilbyr liknande ringar? Tips oss gjerne på tips@khrono.no)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS