Språkpolitikk

Nektar studentar å bruka nynorsk

På ei oppgåve hos Høgskolen i Innlandet blir studentane nekta å bruka nynorsk, for det forstår ikkje forelesaren. Det får Språkrådet og Noregs mållag til å rasa.

I ei oppgåve ved Høgskolen i Innlandet har studentane fått beskjed om at dei ikkje kan ta i bruk nynorsk, for det forstår ikkje vedkommande som skal lesa oppgåva. Bilete er frå studiestart ved Høgskolen i Innlandet, hausten 2021.
Publisert Oppdatert

— Dette er eit teikn i tida der norsk sakkar akterut i akademia, og då går det særleg utover nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs mållag.

Han fekk sjølv eit tips om ei sak frå Høgskolen i Innlandet. Knytt til ei individuell oppgåve står det at innleveringa må skje på enten bokmål eller engelsk, for vedkommande som skal ha innleveringa forstår ikkje nynorsk. Bilete av oppgåveskildringa gjekk Lofnes Hauge ut på Twitter med.

— Eg synsest ikkje dette var noko kjekt å sjå. Fyrst og fremst går det utover dei språklege rettigheitane til studentane. For meg er det eit symboltungt døme på korleis det står til med norsk i akademia, seier han og referer til internasjonaliseringsdebatten som har pågått den siste veka i Khrono.

Språkrådet: — Høgskulen sitt ansvar

Staten skal nytta begge dei norske målformene, nynorsk og bokmål. Det slår mållova fast. Men norske universitet og høgskular gjer det i svært varierande grad, har Khrono tidlegare skrive.

Direktøren i Språkrådet var raskt ute med eit svar på tweeten til Lofnes Hauge. Der seier ho at dette er eit problem som høgskolen sjølv må løysa, ikkje ved å sende det over til studentane.

— Når ein innskrenkar bruken av nynorsk, dansk og svensk så er det heilt på tvers av intensjonane av lovverk, forskrifter og ikkje minst den nordiske språkdeklarasjonen, utdjupar Åse Wetås ovanfor Khrono.

Men når ein tilsett ikkje forstår nynorsk, kva kan ein då gjere? Direktøren har nokre råd i den sammenheng.

— Om dei då har ein som verkeleg ikkje forstår nynorsk, så må ein be om hjelp av ein kollega eller andre frå institusjonen til å lesa fram til ein har den relevante kompetansen sjølv, seier ho.

Det kallar ho for den kortsiktige løysinga, på lengre sikt peikar Wetås på at det er fleire kurs i nynorsk lett tilgjengelig for dei som manglar kompetanse på området.

— Det er ganske problematisk når denne type problem oppstår og løysinga frå institusjonens side er å dytta det over på studentane. For norsk språk er det veldig dårleg nytt. Her er det høgskulen sjølv som må finne løysinga, både på kort sikt og lang sikt.

Studentane var også raske på ball med å løysa opp i situasjonen sjølv. Dei tillitsvalde på studiet tok kontakt med forelesaren då dei såg oppgåveteksta. Då fekk dei svar tilbake om at dei skulle få lov å velje målform, eller om dei ville skriva på engelsk, dansk eller svensk.

Ein glipp hos høgskulen

— Eg er heller ikkje nøgd med dette, seier rektor Peer Jacob Svenkerud når han får høyra om saka.

Like etter klokka 15 torsdag ettermiddag tvitra Høgskulen i Innlandet følgjande melding.

Han ber dermed om litt tid til å sjekka opp kva som har skjedd og komma tilbake til Khrono med eit betre svar. Etter ei ringerunde tek kommunikasjonsdirektør Tore Høyland opp tråden igjen og legg seg flat på vegne av institusjonen.

— Dette er ein glipp frå høgskolens side, seier han.

Årsaka er at at dei ikkje har informert ein nyansatt utenlandsk medarbeider om krava til språket. No skal dei passa på at vedkommande og andre får informasjon krava.

— Me ynskje å følge mållovene og vil at studentane skal kunne levere inn oppgaver og besvarelser på deiras mål. Så her her det ein glipp fra vår side som me skal ettergå, lovar han.

(Endringslogg 08.10.21 kl 13.31: La til tre setninger etter avsnitt ti om at de tillitsvalgte blant studentene løste opp i situasjonen selv)

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play
Powered by Labrador CMS