Studiestart og smittefare
Nakstad vil ha student-kohortar i fadderveka
— Du treng ikkje verte kjent med absolutt alle i fadderveka. Hald deg til dei du skal studere med, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Faddervekene er ikkje akkurat kjende for einmeters avstand. Studiestader landet over innfører ordningar som skal hindre at dei tradisjonelt lausslupne fadderarrangementa vert reine smittesentralar, når studieåret brakar laust frå rundt 10.august.
Etter dei mange episodane sist helg med fyll og bråk, melder fleire medium at styresmaktene trugar fleire byar med å innskrenke skjenkeløyva igjen på grunn av smittefare.
Og statsministeren åtvarar i Dagbladet mot uhemma festing i byane.
Moglege innstrammingar kan fort gå utover studiestart og faddervekene, sjølv om det blir lagt planar for organiserte samlingar på campus og ikkje i sentrum.
Begrensa grupper på 200
I Helsedirektoratet er dei klar over at faddervekene ikkje normalt er staden der smittevernhensyn er første prioritet.
— I faddervekene er det tradisjonelt mykje fest og alkoholbruk. Med den gode stemninga følgjer også at det er vanskeleg å halde avstand. Men det er likevel særs viktig at studentane greier å halde seg til reglane, og at arrangørane legg til rette for at deltakarane kan halde avstand, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.
Han poengterer at arrangementa må avgrensast til 200 deltakarar og at det er viktig at den enkelte tenkjer ansvarleg.
—Er du ikkje heilt i form og mistenkjer at du har ein luftvegsinfeksjon, skal du halda deg heime. Om nokre er sjuke kan faddervekene utgjere ein smitterisiko, seier Rostrup Nakstad.
Vil ikkje avlyse
— Burde faddervekene vore avlyste?
— Nei, vi ser at det er viktig med desse arrangementa og at dei nye studentane blir kjende med kvarandre. Vi meiner det er mogeleg å praktisere smittevernreglane slik dei skal også i faddervekene.
Espen Rostrup Nakstad meiner det er fornuftig å dele deltakarane inn i kohortar.
— Eg vil iallfall seie at dei ikkje treng å bli kjende med absolutt alle. Hald deg til dei som du skal studere med. Det vil være særs viktig for å minske konsekvensane av eventuell smitte i fadderveka, seier Espen Rostrup Nakstad.
Faddervakter og legevakt
Fleire byar har faddervakter. I Oslo blei dette praktisert for første gong i fjor og dei sørga mellom anna for at fleire overstadige studentar blei frakta til legevakta for hjelp.
Berre i Oslo er det over 80.000 studentar og i år kjem rundt 20.000 av dei til å vere nye av året.
Khrono var med faddervaktene på første del av vakta frå ein halvtime før midnatt og til 01.00. Det var på den tida sentrum var i ferd med å bli fylt opp med studentar og andre som kom fra ulike «vors» rundt om kring.
Første helga etter studiestart er mest den største festhelga i byen i løpet av året.
Totalt er det nærare 80.000 studentar i Oslo og 18.000-20.000 av dei er nye av året.
Oslo legevaktsende i fjor vår bekymringsmelding til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus då legevakta året før hadde tatt imot 64 tilfelle av rusmiddelforgifting den første helga under fadderveka .
Godt å bli tatt imot
Til slutt, til assisterande helsedirektør Espen Nakstad:
— Dette er et alvorlig tema, og det er artikkelen også. Men nå vi snakker fadderveker: Av dei du kan nemne, kva er ditt beste faddervekeminne?
— Eg hugsar sjølv kor fint det var å bli tatt godt imot som ny student på Universitetet i Oslo midt på 1990-talet. Fadderveka er nok viktig for alle førsteårsstudentar, seier Nakstad.