rettssak

Møter i retten: Krev nesten halvannan million for tapt arbeidsinntekt

Kristoffer Høisæther vart forseinka i utdanninga si etter at Universitetet i Bergen meinte han var uskikka for læraryrket. Han skal også ha blitt mobba og hetsa og fått drapstruslar på universitetet. Måndag møtes partane i retten.

Kristoffer Tyssøy Høisæther vart forseinka i studia sine. Han har mastergrad i historie, og tok deretter årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning for å kunne jobba som lektor. Då vart det skikkasak mot han. Men Høisæther er ikkje uskikka, fann Felles klagenemnd.
Kristoffer Tyssøy Høisæther vart forseinka i studia sine. Han har mastergrad i historie, og tok deretter årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning for å kunne jobba som lektor. Då vart det skikkasak mot han. Men Høisæther er ikkje uskikka, fann Felles klagenemnd.
Publisert Oppdatert

— Eg meiner eg har krav på kompensasjon for to års tapt arbeidsinntekt.

Det sa Kristoffer Tyssøy Høisæther til Khrono i oktober 2021. Då hadde han varsla at han ville gå til sak mot Universitetet i Bergen (UiB).

Årsaka var at UiB fann Høisæther uskikka for lektoryrket. Vedtaket vart seinare omgjort av Felles klagenemnd, og hausten 2021 jobba Høisæther som lærarvikar - men to år forseinka.

No skal partane treffa kvarandre i retten. 28. mars startar saka i Bergen tingrett, og det er sett av to dagar til saka.

Måtte ta ekstra studielån

Advokat Andreas Møller representerer Høisæther. I sluttinnlegget sitt skriv han at store deler av skikkanemnda sitt vedtak om å finna Høisæther uskikka baserer seg på intervju med den dåverande studenten i avisa Resett. Dette intervjuet var, som Khrono har skrive, ein del av tvilsmeldinga mot Høisæther.

Det fremstår likevel for denne side som at man før og under behandlingen av saken har bestemt seg for utfallet og derfor har sett helt bort fra saksøkers egne forklaringer, opplevelser eller tilbakemeldinger. Saken er svært dårlig dokumentert og det er vår oppfatning at den i all hovedsak dreier seg om at institusjonens ledelse føler et ubehag ved at Høisæther har publisert funnene fra en godkjent masteroppgave i nettavisen «Resett» og ønsker å straffe ham for dette, skriv advokaten.

Advokaten meiner at Høisæther har krav på nærare halvannan million kroner.

Dette grunngir han med at Høisæther har gått glipp av to års løn som lektor, med ei årsløn på 659 200 kroner. I tillegg tok Høisæther opp studielån i tre ekstra semester, totalt 183 463,75 kroner.

— Samla sett er det lidd eit økonomisk tap på 1 488 963,75 kroner, heiter det.

Vil ha oppreising

Då Felles klagenemnd gjorde om UiB sitt vedtak, peika dei mellom anna på handsaminga Høisæther hadde fått frå andre studentar:

«Nemnda ser det slik at de spesielle forhold i saken knyttet til konflikter rundt hans politiske oppfatninger og etter hvert til hets/mobbing, blant annet kan ha medvirket til at klageren konkret unnlot å følge opp innkalling til veiledningssamtale i april 2019», heitte det i vedtaket.

Høisæther fortalde i Khrono om at han fekk ein e-post frå ein medstudent der det stod «Dø, Kristoffer».

UiB stadfesta at dei kjende til ein drapstrussel.

Høisæther fortalde òg at det eksisterte ei Facebook-side som vart drifta av studentar på studiet i praktisk pedagogikk (PPU).

— Her vart eg hengd ut etter intervjuet i Resett. Eg var ikkje sjølv aktiv inne på denne sida, men vart tipsa av ein medstudent, sa Høisæther.

No meiner advokaten hans at han har krav på økonomisk oppreising.

— I dette tilfellet synest det klart at UiB ikkje har hatt dei naudsyntene rutinene, kompetanse eller vilje til å handtera mobbinga og sjikanen av saksøkar, heiter det i sluttinnlegget.

Den økonomiske summen for oppreising meiner advokaten bør vera mellom 50 000 og 100 000 kroner, og kjem i tillegg til erstatninga for tapt inntekt.

Direktøren vil ikkje kommentera

Som Khrono har skrive, har Høisæther si sak vorte drøfta i universitetsstyret ved UiB. Den gongen handla det om kven som skulle betala for advokatutgifter etter at saka formelt sett var avslutta frå UiB si side.

Dersom Felles klagenemnd hadde stadfesta vedtaket om at Høisæther var uskikka, ville han hatt krav på å få betalt advokathjelp dersom han ville ta saka til retten. Men fordi vedtaket frå UiB vart oppheva, har han altså ikkje krav på det. Det var Den sentrale klagenemnda ved UiB som handsama saka, før ho hamna hos universitetsstyret. I innstillinga frå klagenemnda heiter det at det var eit skilje mellom skikkasaka og erstatningssaka.

Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig i saka.

— Fordi saka no skal handsamast i retten komande veke, ønskjer eg ikkje å kommentera saka ut over å slå fast at UiB meiner at det verken er grunnlag for erstatning eller oppreising i denne saka, skriv universitetsdirektør Robert Rastad i ein epost til Khrono.

Staten vil ikkje betala

Lotte Tvedt frå regjeringsadvokaten skriv i sitt sluttinnlegg at Staten meiner at det ikkje er grunnlag for verken erstatning eller oppreising.

— Vedtaket byggjer på rettslege og faktiske vurderingar, skriv ho, og viser til at Den sentrale klagenemnda fann Høisæther uskikka etter fleire punkt i forskrifta om skikkaheit, og at dei òg fann at han ikkje hadde naudsynte føresetnader for å kunne utøva lektoryrket.

Bakgrunnen for denne vurderingen var særlig saksøkers manglende evne til samarbeid og til å ta imot og nyttegjøre seg veiledning, og hans begrensede selvinnsikt i egen yrkesrolle og i foreliggende samarbeidsproblemer. Nemndas vurdering på dette punktet er klart innenfor det forsvarlige. At Felles klagenemnd, under dissens, senere kom til et annet resultat, er langt fra synonymt med at førsteinstansens vedtak ikke var forsvarlig, skriv Tvedt.

At UiB skal betala oppreising, er òg uaktuelt, ifølgje advokaten. Ho skriv at UiB ikkje har vore kjend med systematisk mobbing av saksøkjar, men har følgt opp enkelthendingar når det har vore behov for det.

— UiB si handtering av spørsmål om mobbing av saksøkjar har vore fullt ut forsvarleg, og i alle fall langt frå eit markant avvik frå ein normal, aktsam måte å handla på som kan løysa ut ansvar for oppreising, heiter det i sluttinnlegget.

Saka er oppdatert 24.3 kl. 9.37 med kommentar frå Robert Rastad

Powered by Labrador CMS