søksmål

UiB vil ikkje betala advokat­rekning etter Resett-bråk

Kor lenge har ein student krav på å få dekt advokathjelp? Ikkje til ein går til sak mot utdanningsinstitusjonen, meiner Universitetet i Bergen.

Saka om kven som skal betala ei rekning på 49 000 kroner var oppe i universitetsstyret, som sende saka vidare til UiB si klagenemnd.
Publisert Oppdatert

Khrono har skrive om lektor Kristoffer Tyssøy Høisæther. Han vart forseinka i studia sine etter at Universitetet i Bergen (UiB) meinte han var uskikka til lektorjobben.

Felles klagenemnd oppheva UiB sitt vedtak, og Høisæther fullførte årseininga i praktisk-pedagogisk utdanning - to år forseinka. No har han saksøkt universitetet og vil krevja erstatning for tapt arbeidsinntekt.

Dersom ein student vert funnen uskikka eller utestengd frå utdanningsinsitusjonen, har vedkomande rett på å få dekt advokatutgifter. Men kor lenge har ein krav på å få dekt slike kostnader?

Ikkje til ein har gått til retten, meiner UiB.

Handsama i styret

I styremøtet i starten av september handsama universitetsstyret ei sak der dei skulle ta stilling til kven som skal betala Høisæther sine advokatrekningar.

I universitetets- og høgskulelova heiter det at studentar i nokre saker har krav på å få dekt advokatutgifter: «Kandidaten har rett til å la seg bistå av advokat eller annen talsperson fra sak om bortvisning eller utestenging er reist, eventuelt fra skriftlig advarsel etter første ledd er gitt», heiter det.

Same ordlyd gjeld skikkasaker, heiter det vidare.

Universitetsstyret sende saka om advokatrekningane til Den sentrale klagenemnda ved universitetet. Her er konklusjonen at UiB ikkje skal betala.

I sakspapira heiter det at det hausten 2020 var ein dialog mellom UiB og studenten sin advokat. I eit brev i september melde UiB at universitetet avslutta skikkasaka, og at vidare oppfølging skulle skje frå fakultetet.

Advokat: Paradoksalt

Dersom Felles klagenemnd hadde stadfesta vedtaket om at Høisæther var uskikka, ville han hatt krav på å få betalt advokathjelp dersom han ville ta saka til retten.

Men fordi vedtaket frå UiB vart oppheva, har han altså ikkje krav på det. Det er tapt arbeidsinntekt som gjer at Høisæther går til søksmål.

— Høisæther har vorte urettmessig utestengt. Det er noko paradoksalt i at han ikkje har rett på hjelp til oppreising, seier advokaten hans, Katrine Håtuft Høylandskjær.

Høisæther meiner at sjølv om han ikkje vart funnen uskikka, er saka ikkje avslutta. Det same seier advokat Høylandskjær.

— Kven som skal betala for advokatkostnadane frå stemninga vart teken ut, kan me tvista om i retten. Men me meiner at UiB må betala fram til saka gjekk til stemning, seier Høylandskjær.

Kristoffer Tyssøy Høisæther vart først funnen uskikka. Deretter vart vedtaket gjort om av Felles klagenemnd.

49 000 kroner

UiB er ikkje samde, og meiner at dei ikkje skal betala etter september 2o20:

«Sekretariatet kan imidlertid ikke se at juridisk bistand etter at skikkethetssaken ble formelt avsluttet, eller bistand til å vurdere eller fremme krav om erstatning som følge av et opphevet vedtak i Felles klagenemnd, faller inn under lovens prinsipp om rett til dekning av advokatutgifter for «sak» om utestenging jf. § 4-8, femte ledd. Det har likevel vært vurdert som rimelig at UiB tilstod dekning av salær frem til saken ble formelt avsluttet, altså fra og med Felles klagenemnds opphevingsvedtak til UiBs avslutning den 22. september», heiter det i klagenemnda si saksframstilling.

Vidare heiter det at nemnda finn at det er eit tydeleg skilje mellom skikkasaka og erstatningssaka, og viser til at det 23. september 2020 vart sendt ein e-post til Høisæther med mellom anna info om brev og avslutning av skikkasak som tema.

— Nemnda viser til at det ikkje vart inngått nokon særskilt avtale med UiB om at studenten skulle ha rett til ytterlegare dekking av advokatutgifter, slik at studenten etter dette tidspunktet sjølv ber risikoen for eigne utgifter, heiter det.

Summen det er snakk om, er vel 49 000 kroner.

Høisæther har sjølv sagt til Khrono at UiB ikkje har orsaka noko.

Universitetsdirektør Robert Rastad viser til regjeringsadvokaten for kommentar om søksmålet mot UiB.

— Me måtte krangla for å få UiB til å avslutta skikkasaka. Deira oppfatting var at sidan det i vedtaket frå Felles klagenemnd heiter at Høisæther skal ha ekstra oppfølging, måtte det eksistera ei skikkasak. Vår oppfatting er at alle studentar skal ha ei løpande skikkavurdering, men at den aktuelle saka måtte avsluttast. Felles klagenemnd skriv òg at vedtaket er ugyldig og må verta oppheva, seier Høylandskjær.

Vil ikkje kommentera

Ho og klienten hennar har førebels ikkje bestemt om dei kjem til å klaga på vedtaket frå 8.oktober.

Universitetsdirektør Robert Rastad skriv i ein e-post til Khrono at det er sjeldan at ein student saksøkjer universitetet. Elles vil han ikkje kommentera saka.

— Når universitet vert saksøkt, er det regjeringsadvokaten som er vår prosessfullmektig. Alle kommentarar knytt til søksmål må ein retta til dei, skriv universitetsdirektør Rastad.

Powered by Labrador CMS