– Aarebrot ville ikkje nådd opp som meritterande undervisar
Merittering. Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved UiB var først ute med merittering for god undervisning, og no kjem fleire etter. Ordninga møter kritikk for å mangle målbare kriterium.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Bergen (UiB) var først ute, etter at regjeringa la fram den såkalla kvalitetsmeldinga, «Kultur for kvalitet i høyere utdanning» i januar 2017. Den kravde at institusjonane skulle innføre meritteringsordningar for undervisning. Då hadde Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (mat.nat.) ved UiB for lengst bestemt seg – og eit halvt år etter var dei første fem blitt tildelt den «pedagogiske kompetansegraden Fremragende underviser».
No følgjer fleire fakultet opp. Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) reknar med å vere klar med utlysing i midten av oktober.
Men tilslutninga frå institutta har vore nølande.
- Les også: Fem framifrå undervisarar på UiB
«Merkelig kriterium »
– Eg er positiv til at ein legg større vekt på undervisning. Men det er ikkje sikkert dei kriteria ein baserer seg på er det som fungerer best. Det blir lagt stor vekt på prosess og det er lite målbare kriterium ein skal kvalifiserast etter, seier leiar ved Institutt for økonomi, Kjell Vaage.
Aarebrot var utvilsamt ein glitrande forelesar, men det er tvilsamt om kriteria for framgang og prosess treffer slike som han.
Kjell Vaage
I modellen som SV-fakultetet vedtok i juni – og som i store trekk er lik den som vart lagt fram til høyring – heiter det at «merittering bør tildeles personer som systematisk og over tid videreutvikler sin undervisningskompetanse…». Dette, står det i høyringssvaret frå Institutt for økonomi, «er et merkelig kriterium, som man aldri ville vurdert hvis det hadde dreiet seg om forskning».
– Poenget er at det må vere det aktuelle nivået på undervisningskompetansen, og ikkje framgang over tid, som bør vere det målbare kriteriet, seier Vaage. Han trekker parallellar til korleis god undervising blir premiert på gruppenivå, altså i budsjettmodellen til UiB.
– Vi har alt ei premiering på program- og instituttnivå i budsjettmodellen til universitetet. Dersom vi lagar eit godt bachelor-program og fleire tar eksamen og fullfører graden, får vi tilført meir ressursar og fleire stillingar, seier Vaage.
Forvekslar god med antatt god?
I høyringsnotatet gir instituttet uttrykk for at ein med å fokusere på prosess og utvikling over tid risikerer å forveksle belønning av god undervisning med «noe som antas å være korrelert med god undervisning».
«Vi stiller oss tvilende til om de kriteriene som foreslås griper det som virkelig skiller god undervisning frå mindre god undervisning», heiter det i høyringsnotatet. Og vidare: «Vi mistenker at det går an å skåre veldig bra på kriteriene utan at undervisningen blir veldig bra av den grunn. Et testspørsmål er om Frank Aarebrot hadde kunnet bli fremragende underviser under denne ordningen?»
Vaage trur svaret er nei.
– Aarebrot var utvilsamt ein glitrande forelesar, men det er tvilsamt om kriteria for framgang og prosess treffer slike som han, seier Vaage.
- Les også: 7 universiteter i gang med merittering
Det er Jan Oskar Engene, leiar ved Institutt for samanliknande politikk, einig i. Det var ved dette instituttet Aarebrot var tilsett. Engene meiner likevel merittering kan vere bra.
– Dei mest populære vil ikkje nødvendigvis passe inn dette systemet. Men samstundes handlar undervisning om mykje meir enn å vere den beste eller mest populære forelesaren. Det handlar om å kunne legge til rette for læring, for eksempel om design av kurs og studieprogram. Dette er i seg sjølv noko som må lærast, seier Engene.
Lønnsauke på 50 000
SV-modellen for merittering følgjer i stor grad mat.nat.-modellen. Det betyr at ein komite, nedsett av ei styringsgruppe, skal vurdere søknader utifrå ei liste av kriterium. Der inngår mellom anna tydeleg fokus på læring, utvikling over tid og ei forskande tilnærming til undervisning. I tillegg skal søkaren bli vurdert i intervju, før han eller ho eventuelt kjem gjennom nålauget.
Om det skjer, venter 50 000 kroner i årleg lønnsauke og rett til å notere den pedagogiske kompetansegraden «Fremragende underviser» på CV’en.
Visedekan for utdanning, Dag Elgesem, som har leia arbeidet med merittering på SV-fakultetet, seier han ikkje ser vesentlege negative sider ved meritteringsordninga.
– Derimot er det ein veldig viktig måte å synleggjere kvalitetsarbeidet i undervisning på, seier han.
Merittering er i ferd med å bli ei nasjonal ordning, og fleire andre universitet har innført eller er i gang med å innføre system for dette. Sist veke meldte regjeringa at det også blir innført krav om pedagogisk kompetanse for tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar i universitets- og høgskolesektoren.
Meritteringsmodellen som mat.nat. brukar – og SV-fakultetet snart tar i bruk – baserer seg på eit tilsvarande opplegg ved Lunds Tekniska Høgskole og Lunds universitet. Der har premiering av framifrå undervising blitt gjort i meir enn ti år.
HF: Ikkje berre for fast tilsette
Ved Det Humanistiske fakultet (HF) skal forslag til modell behandlast på neste fakultetsstyremøte, 23. oktober. Der ligg det an til ei litt anna tilnærming enn på SV og mat.nat.
– Vi ser at mat.nat. legg opp til ei individuelt orientert merittering. Vi har opna for at meritteringsordninga ikkje berre skal omfatte enkeltpersonar, men også undervisningsmiljø, seier dekan Jørgen Sejersted.
HF opprettar heller ikkje noko «pedagogisk akademi» der dei meritterte skal sitje , slik mat.nat. har gjort, men kan komme til å opprette ei liknande eining, ei «fagdidaktisk gruppe».
Ulikt SV og mat.nat. ligg det på HF-fakultetet an til at også mellombels tilsette kan bli meritterte.
Då mat.nat. inviterte til første runde i 2017, kom det inn tjue søknader. Av desse kom åtte til intervju, og fem fekk til slutt status som framifrå undervisar. Søknadsfristen for 2018 er 1. oktober.
I løpet av 2019 skal meritteringsordning for undervisarar vere på plass ved alle fakultet.
- Les også: Khronos samleside om merittering
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!