omstilling

Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring

— Dei fleste akademikarar, meg sjølv inkludert, tenker i silo. Å vere professor eller ekspert gjer deg ikkje kvalifisert til å vere leiar, seier Rune Todnem By.

— Eg lurer på kvar dei har vore, når leiarane gir uttrykk for at dei ikkje veit korleis dei skal styre i nedgangstider, seier professor Rune Todnem By.
Publisert Sist oppdatert

— Det er blitt mykje ansvarsfråskriving og tåkelegging frå norske rektorar, seier Rune Todnem By til Khrono.

By er ein av deltakarane i paneldebatten «Omstilling i akademia» som er del av Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning 21. januar. Han har lada kanonen.

I eit innlegg på LinkedIn skriv han:

«Jeg ser ikke på reduserte budsjetter som sektorens største utfordring. Jeg anser heller underkvalifiserte toppledere, mangel på operasjonaliserbare strategier og økonomisk styring, institusjonell innavl og nepotisme (…) som de store truslene i omstillingen av norsk akademia».

Skal det vere håp om omstilling, er det ikkje til dagens «underkvalifiserte» rektorar ein må sjå, ifølgje By, som er professor i leiing ved Universitetet i Stavanger. 

Manglar leiarerfaring

— For mange rektorar har aldri vore andre stader enn der dei er rektor. Korleis skal ein kunne endre på noko ein alltid har vore ein del av? Til å begynne med må det vere eit krav at dei i det minste har erfaring som leiarar. Ein professortittel i seg sjølv er ingen leiarkvalifikasjon. I dag har vi rektorar som verken har akademisk eller anna leiarerfaring. Og vi snakkar om organisasjonar med fleire tusen tilsette og budsjett på fleire milliardar kroner, finansiert av skattebetalarane.

Han lanserer eit lite tankeeksperiment: 

Enn om ein dekan frå Bergen vart sett til å styre i Oslo — og slik kunne sjå ting utanfrå, meir frigjort frå faglege lojalitetar og maktkampar? By har også notert seg at det finst ein «dekanskole» i regi av Universitets- og høgskolerådet. 

— Kanskje vi skulle vurdere ein rektorskole? Eller kanskje til og med hente inn rektorar frå andre land og sektorar?

Sektor på nachspiel

— Dei fleste akademikarar, meg sjølv inkludert, er godt trente silotenkarar. Er det det vi treng for å utvikle morgondagens universitet? Eg trur svaret heller er meir samskaping på tvers. Kanskje er ikkje slike som meg, som er akademikarar først og fremst, dei som er best skodde, seier UiS-professoren. 

I staden for å sjå på eiga verksemd med eit ope og nytenkande blikk, har rektorar og direktørar på norske universitet kasta mesteparten av energien inn i kampen om pengane, ifølgje By. Men då tidlegare statsråd Ola Borten Moe i 2022 proklamerte at «festen er over» — burde det ikkje ha kome som ei overrasking, ifølgje Stavanger-professoren.

Tvert imot var sektoren langt inne i eit nachspiel leiarane ikkje heilt forstod at dei var på.

— Teikna har lenge vore i tida. Om ein hadde kasta eit blikk ut i verda, ville ein sett at mange land alt har vore gjennom mange av endringane som no kjem hit. Eg har sjølv sett dette i Storbritannia, der eg har bakgrunn. Der kom ikkje budsjettkutta som noka stor overrasking. Allereie i 1963 varsla ein rapport marknadsrettinga av høgare utdanning, seier By og legg til:

— Eg lurer på kvar dei har vore, når leiarane gir uttrykk for at dei ikkje veit korleis dei skal styre i nedgangstider. Då spørst det om dei er dei rette folka til jobben.

Skrikinga og peikinga

Han understrekar at han ikkje er tilhengar av å kutte i løyvingane til universiteta. Tvert imot — han ønsker meir satsing. Problemet er at budsjettmaset skuggar for å ta den nødvendige, og kanskje vonde, debatten om korleis ein kan rigge for røff seglas, meiner han.

— Denne skrikinga og peikinga på departement og ministrar frå rektorane skuggar for dei store utfordringane, seier han.

By trur altså ei av motgiftene er mindre «innavl», mindre «nepotisme» — meir mangfald i samansetjinga av rektorlag og i direktørstolar.

— Det blir farleg når alle tenker likt, tenker at ting alltid har gått seg til før. Og ingen finn grunn til å tenke annleis. 

Powered by Labrador CMS