Adventskalender

Meiner regjeringa stengjer dørene for internasjonal kompetanse

2022 har vist kor viktig det er med internasjonalt samarbeid, seier ANSA-president Anna Handal Hellesnes.

ANSA-president Anna Handal Hellesnes på førjulstur til Amsterdam.
Publisert

Bak den 8. luka i Khronos adventskalender er ANSA-president Anna Handal Hellesnes.

— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

Fakta

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Anna Handal Hellesnes, som er president i ANSA.

— Det har vore eit krevjande år for internasjonaliseringa av høgare utdanning. Særleg når regjeringa leverer eit framlegg til statsbudsjett som stengjer dørene begge vegar for internasjonal kompetanse, er det vanskeleg å oppsummera året som noko anna enn det. På same tid er det eit år som viser kor viktig det er med internasjonalt samarbeid, og i det ligg òg internasjonalt kunnskapssamarbeid.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Det aller beste var sjølvsagt å bli vald til president i ANSA. Utover det så skil statsbudsjettdagen seg ut, for det er ein heilt spesiell dag å vera med på. Det er ein dag med høgt tempo, ein dag ein har førebudd seg til i god tid og ein dag som betyr mykje og som skaper mykje engasjement i organisasjonen.

— Sjølv om me ikkje er nøgde med budsjettframlegget, var det veldig bra å møta på fleire i vandrehallen på Stortinget som var samde med oss i ANSA og reaksjonen vår til statsbudsjettet. Arbeidet me gjorde saman som organisasjon og sjølve dagen står att som eit høgdepunkt i 2022.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Eg opplever at det jamt over er semje partia imellom om at studiestøtta er for låg, men få greier å prioritera studentane når det verkeleg gjeld. Hovudutfordringa vert då å halde dei som kjem med store løfte ansvarlege for eigen politikk, og for å gjera prat til handling. Studentane er morgondagens arbeidstakarar, og utdanninga me tek førebur oss på å møta dei store samfunnsutfordringane me står overfor. Det er ei sikker og viktig investering, og eg opplever det som rart å måtta minna politikarane om dette såpass ofte.

— Kva er ditt juleynske for universiteta- og høgskulane?

— For utanlandsstudentane er mitt juleynske at me får økonomiske rammevilkår som gjer det reelt mogleg for alle å ta utdanning i utlandet, og at ein ikkje treng eigenfinansiering for å kunna velja studium i utlandet. Så håpar eg òg at alle dei som studerer profesjonsutdanningar i utlandet får ei skikkeleg bra julegåve ved at ein finn ei løysing på utfordringane rundt godkjenning og autorisasjon. Det vil vera ei julegåve til heile Noreg.

— Kva skal du gjera i jula?

— I år skal jula feirast på fjellet, saman med familien. Øvst på lista over tinga eg gler meg til, står å sjå på Disney saman med familien på julaftan og få slappa skikkeleg av, spela brettspel og eta god mat.

Powered by Labrador CMS