tilrettelegging

Medisinstudent blei utestengd. No innrømmer UiT feil og orsakar

— Eg har vore veldig fortvila og sint på at det var mogleg, seier Ludvik Ellingsen til NRK. Rektor Dag Rune Olsen seier til Khrono at han stiller seg bak orsakinga som helsedekan Gunbjørg Svineng har gitt.

Rektor Dag Rune Olsen og styreleder Marianne Johnsen ved UiT Norges arktiske universitet l
Rektor Dag Rune Olsen stiller seg bak orsakinga som Ludvik Ellingsen har fått frå UiT.

Hausten 2023 skulle medisinstudenten Ludvik Ellingsen (34) frå Lofoten ta fatt på det sjette og siste året av medisinstudiet ved UiT Noregs arktiske universitet.

Som følge av at Ellingsen har ADHD, hadde han fått løyve frå universitetet til å bruke meir tid på mastergraden sin utover det femte studieåret. Han skulle få skrive ferdig mastergraden parallelt med undervisninga det sjette året.

NRK har skrive ein større reportasje om Ellingsen og historia hans.

Då hausten 2023 stod på trammen, kom kontrabeskjeden frå UiT: Ellingsen fekk likevel ikkje skrive mastergraden sin parallelt med undervisninga det sjette studieåret, som følge av ei vedtaksendring.

Ellingsen uttrykte overfor Det helsevitskaplege fakultet ved UiT at han kom til å klage på avgjersla og halde fram med å møte til undervisning.

Som følge av dette oppretta fakultetet ei skikketheitssak på Ellingsen og kasta han ut frå studiet, skriv NRK.

Krav på tilrettelegging

Statskanalen har intervjua Ellingsen, som fortel at han mista tilgangen til universitetet og slik sett blei tvungen til å slutte på studiet.

Etter ein lang klageprosess, fekk Ellingsen mellombels medhald frå klagenemnda ved universitetet 4. januar i år.

Ikkje før på kvinnedagen, fredag 8. mars, fekk medisinstudenten endeleg medhald, og klagenemnda ved UiT slo fast at det er naturleg at Det helsevitskaplege fakultet ber ansvaret og konsekvensane for feilen som var gjort.

Det viste seg nemleg at Ellingsen hadde krav på tilrettelegging som følgje av ADHD-diagnosen.

Dekan ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiT, Gunbjørg Svineng, erkjenner overfor NRK at UiT har gjort feil i saka. Ho legg til at UiT i etterkant har gjort det dei kan for at studenten skal få fullført studieløpet på best mogleg vis, mellom anna gjennom ekstra rettleiing og tilrettelagt eksamen.

— Me orsakar dei ulempene som dette har medført for studenten, seier Svineng.

— Fortvila og sint

Ellingsen sjølv uttalar at han er generelt skuffa over det som har skjedd.

— Eg har vore veldig fortvila og sint på at det var mogleg, seier 34-åringen til NRK.

Han legg til at han no ser for seg å bli ferdig med studiet innan sommaren 2025.

Ellingsen håpar at UiT vil kome med eit tilbod for å kompensere det han har tapt, men erstatningskravet han har stilt til UiT er førebels ikkje avgjort, ifølge dekan Gunbjørg Svineng.

Khrono har vore i kontakt med UiT-rektor Dag Rune Olsen, som seier at han ikkje har noko kommentar til saka utover det dekan Gunbjørg Svineng har sagt til NRK.

— Eg stiller meg bak det ho har sagt til NRK, og orsakar på same måte som henne, seier Olsen til Khrono.

Powered by Labrador CMS