Sommar i Khrono

— Kaktus går til svart-kvitt tolking av reglar og føringar

Alle studentane som jobbar hardt både med skulearbeid og i ulike deltidsjobbar for å få endane til å møtast fortener ei rose, seier Anna Chalachanová.

Anna Chalachanová. Ho er første førsteamanuensis ved fakultet for helsefag ved VID Vitenskapelige Høgskole
Anna Chalachanová er førsteamanuensis ved fakultet for helsefag ved VID Vitenskapelige Høgskole
Publisert Sist oppdatert

Gjennom sommaren vil du bli kjend med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du Anna Chalachanová. Ho er førsteamanuensis ved fakultet for helsefag ved VID Vitenskapelige Høgskole.

 — Korleis vil du oppsummera arbeidsåret 2022-23? 

FAKTA

Anna Chalachanová

  • Anna Chalachanová har saman med professor Inger Marie Lid leidd prosjektet med eit tilbod om høgre utdanning for personar med utviklingshemming.
  • VID vitenskapelig høgskole gjekk i gang med pilotprosjektet i 2021 og for kort tid sidan vart det klart at prosjektet får halda fram dei neste tre åra.

— Det har vore eit år fylt med nye arbeidsoppgåver, fortel Chalachanová. 

Det er oppgåver som er knytte til stillinga ved master masterprogrammet i medborgarskap og samhandling, men mest av alt arbeidsoppgåver som er knytte til utvikling av og gjennomføring av pilotprosjektet «Høyere utdanning i menneskerettar for studentar med utviklingshemming» ved VID Vitenskapelige Høgskole.

— Her måtte det både tenkjast nytt og kreativt, men også på individuell tilrettelegging og utvikling av nye former for undervisning, nye måtar å samhandla med studentar på, og mange andre aktivitetar er prøvde ut for fyrste gongen gjennom pilotprosjektet, fortel ho.

Året har også bydd på det Chalachanová kallar meiningsfulle møte med ti studentar som er opptekne av rettar og å få delta i samfunnet på like vilkår som alle andre. Ho meiner dette viset at høgre utdanning er noko mange interesserer seg for.

— Det har vore spanande å fylgja med på engasjementet og utviklinga til studentane, diskutera ulike tema med dei og få innblikk i hindringar dei møter i skulen og kvardagslivet elles, fortel ho.

Gjennom pilotprosjektet har dei også sett mange døme på at høgskulesystemet ikkje er rigga for studentar som deltek på ulike samfunnsarenaer med støtte. Avsluttinga på studieåret vart særleg fin då Stiftelsen Dam gav økonomisk støtte til å halda fram prosjektet om utvikling av høgskuletilbodet for studentar med utviklingshemming.

— Kva vert den største utfordringa i året som kjem?

— På jobb vert det å ikkje jobba for mykje, og å takka nei til ting eg likar veldig godt. Det er alltid utfordrande.

— Kva er ditt forhold til sjølvplagiering? 

— Når me forskarar skriv artiklar basert på eit prosjekt så er det naturleg å gjenbruka noko, sjølv om det å skapa noko nytt eller leggja til noko nytt både er viktig og kjekkare enn å gjenta seg sjølv. Dette er fordi tankeprosessar, forsking og så vidare heile tida er under utvikling, forklarar ho, og held fram:

Chalachanová meiner at det er viktig å diskutera sjølvplagiering vidare, gjerne saman med studentane, slik at dei kan skapa ei felles forståing av kvar grensene går, kva som er rett og gale og om kva sjølvplagiering inneber.

— Temaet heng også saman med forskingsetikk og dialog om kva som er føremålet med eksamen eller heimeeksamen, men òg pedagogikk og korleis me formar ut arbeidskrav og eksamenar slik at dei inviterer til å leggja på eit nytt lag av perspektiv eller diskusjon.

— Framlegg til ferielektyre?

— Lista er lang. Det vert for det meste skjønnlitteratur som har samla seg gjennom studieåret og som det ikkje vart tid til tidlegare. Eg gler meg til den siste boka av Zeshan Shakar, og til Julie Otsukas «Svømmerne». Eg skal også lese Dr. Lisa Mosconis «The XX Brain. The groundbreaking science empowering women to prevent dementia», og mange fleire. Og så vert det å lytta mange podkastar òg, seier ho.

— Kven fortener ei rose, og kven fortener ein kaktus? 

— Alle studentane som jobbar hardt både med skulearbeid og i ulike deltidsjobbar for å få endane til å møtast fortener ei rose. Kaktus går til svart-kvitt tolking av reglar og føringar som ikkje skapar rom for individuelt tilpassa ordningar, med andre ord til tronge rom som hemmar tilpassingar eller moglegheiter til å skapa noko nytt. 

Powered by Labrador CMS