Vitskapen og ekspertane skal vise veg ut av koronakrisa. Men kva skjer når «pilotfrue» mobiliserer og 30 000 protesterer mot å gjere barn til «prøvekaninar»?

Forskarar ved Oslo universitetssykehus held pressekonferanse om utvikling av medisinar mot covid-19, sjukdomen som følgjer av koronaviruset.

Med viten og uvilje

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— No er det veldig viktig at ein let seg styre av fakta, ikkje frykt, sa barneombodet, Inga Bejer Engh, på Dagsrevyen.

Fakta

Barnehage- og skuleopning

  • Regjeringa vedtok 7. april ei gradvis gjenopning av barnehagar og skular. I første omgang skal barnehagane opne, deretter småskulen opp til 4. trinn.
  • Ifølgje Folkehelseinstituttet blir bar i liten grad sjuke av covid-19, og svært få har utvikla sjukdom.
  • Folkehelseinstituttet vurderer «de samlede negative effektene av å holde barnehagene og skolene stengt langt større enn den mulige nytten for å begrense smittespredningen».
  • Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for smittevern i barnhagar. Det skal også lagast ein rettleiar for smittevern i skulen.
  • Kjelde: fhi.no

Regjeringa hadde nettopp bestemt, basert på innspel frå ei «samstemt ekspertgruppe», at tida er inne for å opne barnehagar og skular for dei minste. Samstundes klikka fleire tusen foreldre på like- og følgjeknappane på Facebook – ikkje på Barneombodets sider, eller på Folkehelseinstituttet eller andre faglege instansar – men på gruppa:

«Barnet mitt skal ikke være prøvekanin for covid-19».

Den gryande folkeaksjonen på Facebook nærmar seg 30 000 medlemmer, godt hjelpt av omtale i landets største aviser.

Bloggaren «Pilotfrue», alias Julianne Nygaard, blei raskt ringt opp av VG, Dagbladet og TV2 etter same bodskap. Den vesle guten hennar skal ikkje tilbake i barnehagen, litt fordi dei har au pair, men mest «fordi vi ikke ønsker at han skal være prøvekanin i denne pandemien».

Helga før gjenopning av barnehagane slår NRK til med ei spørjeundersøking frå Opinion: Ein av fire vil ikkje sende ungane i barnehagen. Dersom dei som svarar dei er usikre endar med det same, kan fire av ti komme til å gå motsatt veg av det statens ekspertar meiner er rett.

Er tilliten til ekspertisen, til forskinga og vitskapen, i ferd med forvitre – akkurat no når det trengst som mest?

Aksjonist og professor

Først, kva seier sjefsaksjonisten, Mohammad Derawi, mannen som har fått heile familien på framsida av Aftenposten som frontfigurar for ein kampanje mot statens opning av småskulen og barnehagane?

Han er sjølv ekspert, sjølv professor ved NTNU, ikkje i medisin, men smarteknologi.

— Nei, nei, eg er på forskarane si side, seier Derawi når Khrono ringer.

Facebook-aksjonist og professor ved NTNU, Mohammad Derawi.

— Dei eg kritiserer er dei som meiner vi har nok data. Som forskar er eg opplært til å dele vitskapelege konklusjonar når du har nok testdata. Utan nok data, har ein ikkje eit heilt bilde av det ein forskar på. Når du ser på koronasituasjonen i dag, er det veldig mykje forsking som står igjen å gjere, seier han.

På telefonen frå heimen i Raufoss må Derawi be om at vi ringer tilbake, han står på badet, skal straks undervise ungane, og telefonar er det blitt ein del av etter at protestaksjonen tok av.

Som far vel han å halde dei tre ungane sine heime frå skule og barnehage, også etter at dei blir opna opp. Han er kort og godt bekymra for dei, for at dei skal pådra seg smitte, at smitten skal bli overført til andre i familien – at den «samstemte ekspertgruppen» konkluderer på mangelfullt grunnlag, med for lite data, og dermed gjer ungane til «prøvekaninar» for det store pandemieksperimentet.

I mellomtida ringer vi Jan Reinert Karlsen, førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen – ein slags ekspert på ekspertar. Då han tar telefonen midt i det som før var arbeidstida, står han i eit vegkryss og ventar på grøn mann, med den vesle handa til sonen sin i si. Han er ein av dei som skal tilbake til barnehagen.

Karlsen trur ikkje på noko skarp og motstridane oppstilling av fakta mot frykt.

Visst og uvisst

— At folk skal føle meir tryggleik av at ein får meir fakta, er ikkje noko vi veit. FNs klimapanel valde den strategien, forsking og meir sikker kunnskap skulle føre til at motstanden gav seg. Det var ikkje nødvendigvis vellykka, og ein grunn til det er at ein underkommuniserer det usikre som heile tida ligg under, seier Karlsen.

— Vi kan ikkje predikere framtida hundre prosent, vi kan ikkje vite kva aksjekursen blir neste veke. Ein asteroide kan slå ned, det som er blitt kalla ein black swan kan komme seglande. Paradoksalt nok er det slik at dess meir vi veit, dess meir lærer vi om det som er usikkert.

Jan Reinert Karlsen, forskar ved Universitetet i Bergen

Som for Facebook-aksjonisten og NTNU-professoren på Raufoss, er pandemien noko som pregar tankane til forskaren Karlsen om dagen. Men også for han er det personleg, det pregar han som forelder.

— Vi veit at smitten i veldig liten grad rammar små barn. Men vi veit ikkje heilt i kva grad dei kan bere smitten vidare, for eksempel til foreldre. Eg er ikkje bekymra for at sonen min skal få korona, eg er meir bekymra for at eg eller sambuaren min skal få det hardt. Vi har eit spedbarn heime, og dersom ein av oss blir veldig sjuk, og den største då ikkje kan gå i barnehage, og heller ikkje vere hos besteforeldre, kva då? Slik sett er det heller foreldre og besteforeldre som blir prøvekaninane, slik eg ser det.

Fagekspertisen kan hjelpe han å bli sikrare, dei kan systematisere data og innsikter. Men det aller viktigaste, meiner Karlsen, er at dei ikkje underkommuniserer at også dei er usikre.

— Komplekse problem har ikkje ein fasit, sjølv etter at dei ulike omsyna og perspektiv er vekta mot kvarandre. Likevel må vi handle.

Død og drama

I den situasjonen vi er i handlar det også om mange andre ting enn den medisinske forskinga – for eksempel kva slags førestillingar som blir virvla opp, om kor dødeleg ein pandemi kan vere, meiner Karlsen.

— Vi blir bombarderte med informasjon som ikkje er sett i perspektiv. Folk får ein masse rådata i hendene og blir overlatne til å tolke dei. Daglege rapportar om dødsfall kan opplevast som dramatiske, sjølv om det kanskje ikkje vil døy fleire i år enn til vanleg. Kunnskapen endrar seg kontinuerleg. Då vi gjekk inn i krisa her, var skrekkscenarioa frå Italia og Kina i framgrunnen. Men konteksten i Noreg og Italia er svært forskjellig. Å måle kor dødeleg sjukdomen er må gjerast med enorme, og usikre marginar. Det er som eit eksperiment der du skal gjere ei måling, der du heile tida fiklar med det du skal måle.

Vi blir bombarderte med informasjon som ikkje er sett i perspektiv. Folk får ein masse rådata i hendene og blir overlatne til å tolke dei

Jan Reinert Karlsen, førsteamanuensis Universitetet i Bergen

Karslen trur ikkje eskalerande motstand på Facebook er nokon trussel mot tilliten til ekspertane eller vitskapen. Tilliten er som kjent unikt høg i det norske samfunnet.

— Men den må ikkje forvekslast med underkasting. Det viktige for samfunnet er at vi kan vere ueinige og fortsatt ha tillit til kvarandre.

— Men etterpå?

— Det er avhengig av at forskarane er audmjuke, viser at dei usikre og at problemstillingane er komplekse. Ein skråsikker strategi kan slå tilbake, særleg om det viser seg at ein tok feil.

Karlsen peikar på at sjølve omgrepet vitskap er problematisk.

— Vitskap med stor V er eigentleg eit litt utdatert omgrep. Det kan skape inntrykk av at det dreier seg om ein einaste ting, med det gjer det ikkje. I staden dreier det seg om veldig mange kunnskapspraksisar som studerer svært ulike fenomen. Spør du nokre forskarar uavhengig av kvarandre om å måle farten til lyset, vil dei truleg finne same svaret. Men skal dei kalkulere kor dødeleg koronaviruset er, der ein sit i Italia, ein i Kina og ein i Noreg, då får du ulike svar. Når vitskapen studerer enkle fenomen, kan han vere svært presis. Med ein gong fenomenet blir komplekst, er det ein fare for at funna verkar sikrare enn dei er.

Sosial polarisering

Dette er ein av grunnane til at han meiner sosiale medium ikkje alltid er den beste såjorda for fruktbare diskusjonar.

— Sosiale medium er designa på ein måte som genererer polarisering. Det er lett å kaste seg på, utan refleksjonar. Kommunikasjonen er i stor grad basert på emosjonell tilknyting eller avstøyting, med likes, sinnafjes og smilefjes. Det er legitimt å føle frykt, men dynamikken på desse plattformene kan fort skape unødig frykt, seier Karlsen, som understrekar at han uttalar seg generelt, og ikkje har sett verken pilotfrue eller den omtalte Facebook-aksjonen.

På lengre sikt kan polarisering føre til erosjon av tillit, og ekspertisen kan også bidra til at dette skjer, trur han.

— At folk har meiningar, eller kjensler, er ikkje eit problem. Det som hadde vore bekymringsfullt, ville vere om dei med makt og ansvar begynte å basere ytringar og avgjersler på eigne meiningar og kjensler utan å vise korleis ein kjem fram til konklusjonane. Men at nokon vil godt for barna, rokkar det ikkje ved institusjonane. Folkehelseinstituttet ringer ikkje bloggarane. Statsministeren ventar ikkje med å uttale seg til pilotfrue har sagt sitt.

Karlsen ser ikkje ein slik situasjon i sikte her på berget. Samstundes er scenarioet verkeleg nok til at det er verd å vere på vakt mot, også i dei skandinaviske annleislanda.

Mektig fornekting

I tillegg til å vere president i USA er Donald Trump kanskje verdas mest profilerte kunnskapsfornektar – synlegast og tydelegast når det gjeld haldninga til klimaendringane og klimaforskarane. Den lemfeldige omgangen med vitskapen, og dei massive kutta i forsking, har samanheng med både økonomiske interesser, ideologiske- og ikkje minst religiøse interesser. «Fullsette kyrkjer til påske», proklamerte Trump, i ein slags indirekte appell til sine støttespelarar i dei kristen-karismatiske, stadig meir omseggripande – og ofte vitskapsfornektande – rørslene.

Då var pandemien i ferd med å slå til for fullt, og Trump måtte snu kappa: Å halde fram med å neglisjere fagekspertisen og nøre opp under konspirasjonsteoriar kring koronaepidemien vart med eitt for farleg for Trump, politisk.

Brasils høgre-radikale president, Jair Bolsonaro, er det andre om mogleg enno meir spektakulære dømet på politisk, og religiøs, motstand mot vitskapen. «Ein lett influensa», «medieskapt», uttalte han medan han demonstrativt handhelste i store folkemengder. Bolsonaro gav uttrykk for at korona var pumpa opp som ledd i ein konspirasjon mot han som president, ifølgje The Guardian.

Ein av dei mest profilerte vitskapshistorikarane i USA, Harvard-professoren Naomi Oreskes, peikar på leiarskap som ein avgjerande faktor for vala folk vil ta, kva dei vil tru på, og korleis ei krise som koronakrisa kan utvikle seg.

Tom Hanks — og verdiar

Men det handlar om meir, ifølgje Oreskes, som har skrive fleire bøker om forholdet mellom vitskap og samfunn, seinast «Why Trust Science», som kom ut i 2019.

— Enten det er den amerikanske presidenten, andre politikarar, kjendisar, presten, rabbien elle imamen, kven som helst – så har vi alle nokon vi lyttar til i liva våre … Folk følgjer med på Instagram. Eg var i California då Tom Hanks annonserte at han hadde viruset, og det var det einaste folk i Los Angeles kunne snakke om … Når Tom Hanks seier han har det, følgjer plutseleg alle med, seier Oreskes i eit intervju med The New Yorker.

Oreskes har forska på kva som gjer at nokon avviser etablert vitskap det er all grunn til å stole på, som dokumentasjonen på klimaendringane. Det handlar svært ofte om ein verdikollisjon, eller ein innbilt verdikollisjon, meiner ho. Korleis kan tilliten til forsking og vitskap styrkast?

I mange tilfelle er verdiane til forskarane og dei som avviser forskinga mindre ulike enn ein trur

Naomi Oreskes, forfattar og professor ved Harvard University

— Ikkje ved å gi folk meir vitskapeleg informasjon, seier Oreskes.

— Forskarar bør heller snakke om kva verdiar som motiverer og formar forskinga deira. I mange tilfelle er verdiane til forskarane og dei som avviser forskinga mindre ulike enn ein trur. Og der verdiar overlappar, kan ein bygge tillit. Vi trur kanskje folk som avviser vaksiner som «heilt ute», men vi er alle glade i barna våre, seier Oreskes til The Guardian.

Fortent tillit

I Noreg har professor ved Universitetet i Oslo, Kristin Asdal, eit heilt anna galleri enn det amerikanske å følgje med på. Men ho spelar i høgste grad med på Oreskes refreng om opne forskarar. Asdals forskingsfelt er nettopp det som skjer i skjeringspunktet mellom vitskap og politikk. Ho følgjer derfor med intens fagleg interesse med på det som utspelar seg på pressekonferansar og nyhendesendingar.

— Som historikar ligg det mest interessante fram i tid når vi kan sjå meir på kva vurderingar politikarane gjorde og korleis dei handla med utgangspunkt i råda frå ekspertane, seier Asdal.

Her og no er ho, til liks med kollegaen i Bergen, Jan Reinert Karlsen, sikker på at tilliten til vitskapen er heilt avhengig av at forskarane viser at dei er usikre.

— I det norske tilfellet gjer ekspertane seg tilliten fortent gjennom også å uttrykke det usikre, gjennom å vere like tydelege om det dei veit som det dei ikkje veit. Bastante svar fungerer ikkje. Det å kombinere kunnskap om saka med å gi uttrykk for tvil og uvisse, er med på å gi forskarane autoritet i dag, meiner Asdal.

Det er ei heilt vesentleg side ved pandemien, og viktig for tilliten til forskarane, at deira råd ikkje er einerådande

Kristin Asdal, professor ved Universitetet i Oslo

Tida då forskaren kunne ta rolla som den opplyste som kunne dosere ein fasit til folket er med andre ord forbi. Derfor trur også Asdal at barneombodet oppnådde det motsette av det ho ville då ho bad foreldre tru på fakta, ikkje på frykt.

— Frykt er ein realitet. Å berre peike på fakta blir for enkelt. Frykta handlar jo om uro for det vi veit, og det vi ikkje veit. Det blir ein gammaldags måte å handtere saka på, som står i motsetnad til moderne forskingskommunikasjon.

Konkurrerer om plassen

Asdal peikar på korleis mange ulike ekspertisar konkurrerer om plassen, om å vere dei viktigaste.

— Vi ser at dei som jobbar tettast på dei sjuke, i intensiv, gjerne har andre oppfatningar og bygger autoriteten sin på andre former for ekspertise enn Folkehelseinstituttet. Vi må erkjenne at det finst ulike former for ekspertise, seier Asdal.

Asdal meiner det mest påtakelege i den norske situasjonen slett ikkje er fornekting av vitskap og ekspertise.

— Tvert om utmerkar både ekspertar og politikarar, som tar avgjersler på deira grunnlag, seg med å vere både audmjuke og å ta høgd for alt dei ikkje veit. Det ville vere overraskande, ja, urovekkande, dersom ingen stilte spørsmål eller diskuterte råd som har direkte følgjer for folks liv og helse. Det er forståeleg at det finst ei uro.

Asdal trur ikkje verken Facebook-aksjonar eller pilotfrue rokkar ved den grunnleggande tilliten vi har til forskarar og ekspertar i Noreg – så lenge dei held fram med å vise at råda deira er bygd på vurderingar som er gjort med ein viss grad av tvil.

— Men då må ein legge til at tvilen ikkje må gå for langt og bli lammande, seier ho.

Til sjuande og sist blir det eit politisk spørsmål i eit demokrati kva råd vi skal følgje, understrekar professoren.

— Det er ei heilt vesentleg side ved pandemien, og viktig for tilliten til forskarane, at deira råd ikkje er einerådande.

Fryktar fase 4

Frå basen på Raufoss sørger Facebook-aksjonist, far og forskar Mohammad Derawi, for at det ikkje skjer med det første.

— Eg meiner vi skal stole på fakta, problemet er at vi har mangel på fakta. Og det vi har, kjem frå ekspertar med generell virusforståing. Men dei som har forska på dette spesifikke viruset har sagt at vi ikkje har nok informasjon om det. Det er sjølvsagt at folk er bekymra for situasjonen når vi veit så lite. Det er naturleg for mennesket å kjenne frykt og bekymring.

— Men hadde det ikkje vore nok å halde barna dine heime, kvifor mobilisere på denne måten?

— Dersom regjeringa hadde halde fram med dei strenge tiltaka, ville eg ikkje ha gjort noko med det. Men eg vil at andre skal vite at det kan komme ein fase 4 av pandemien i delar av landet, og eg er uroa for dei. Eg er bekymra for mine barn og for andre sine barn, eg ønskjer at folk skal vakne og vere med i debatten.

— Du er sjølv professor, er du ikkje redd at du med den autoriteten kan undergrave fagekspertisen og faglege råd, og i siste instans forskinga og vitskapen, som du sjølv er del av?

Som forskar meiner eg det er altfor tidleg å konkludere om kva som er rett å gjere.

Facebook-aksjonist og professor ved NTNU, Mohammad Derawi

— Eg er ikkje imot forskarar generelt, men det er ei grense mellom forskinga og regjeringa. Som forskar kan eg generelt vere med å seie frå om at vi ikkje har nok data.

— Vil det ikkje alltid vere eit innslag av risiko og nødvendig kompromiss, eit behov for å ta avgjersler i ein slik situasjon som vi er i, sjølv om vi ikkje har så mykje kunnskap som vi ønskjer?

— Det store og vanskelege spørsmålet er når ein skal opne opp, og som forskar veit eg at uvisse i forsking kan komme fram til en viss grad. Men no er det veldig stor uvisse. Med tida vil vi vite meir, samstundes med at folk vil tilpasse seg å leve med viruset som ein del av kvardagen, seier Derawi.

— Uverkeleg lite data

Inntil vidare kjem han til å halde fram med å sjonglere undervisning av studentane sine digitalt med å undervise sine eigne ungar rundt kjøkenbordet – og oppmode alle andre til å gjere det same.

— Som forskar meiner eg det er altfor tidleg å konkludere om kva som er rett å gjere. Det er uverkeleg at vi kan bygge på så lite data. Uvissa plagar meg. Men eg respekterer fagpersonane som jobbar med dette kvar einaste dag.

«Kanskje norske forskere ikke veit best», skriv ein mann i ein av dei mange trådane på Fadebook-gruppa.

— Eg er på forskarane si side, forsikrar Derawi.

Powered by Labrador CMS