UD-direktør: — Forskarane bør lære av influensaren Sophie Elise
Forskingskommunikasjon. — Forskarane må vere villige til å bevege seg meir utpå glattisen. Vi treng vitskapelege influensarar, seier Svein Bæra.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fagdirektøren for forsking i det norske utanriksdepartementet deltok nyleg på Bergen Summer Research School ved Universitetet i Bergen. Der var impact tema – korleis forskarane kan nå ut på ein måte som gjer at dei som bestemmer høyrer etter og kunnskapen faktisk spelar ei rolle.
— Det finst nokre «rockestjerner» i vitskapen, slike som Edvard og May-Britt Moser. Men det er ikkje mange som vinn Nobelprisen. Vi treng å få med alle.
Du må finne måtar å presentere fakta på som vekker kjensler.
Svein Bæra
Bæra trekte fram den såkalla influensaren Sophie Elise (Sofie Steen Isachsen) i foredraget sitt, ein av Noregs største på sosiale media, med 400 000 følgarar på Instagram og 200 000 på bloggen.
Ho bør inspirere vitskapelege miljø til nytenking, meiner Bæra.
— Må tenke radikalt nytt
Bæra peikar på at Sophie Elise ikkje berre bloggar om sminke og mote, men også om politikk.
— Forskarane bør lære av influensarane. Eg tenker ikkje at dei skal kopiere forma, men la seg inspirere til å tenke radikalt nytt om korleis dei kan nå ut med kunnskap, seier Bæra til Khrono.
Utfordringane står i kø, det gjeld klima, berekraft, intoleranse, populisme og press på demokratiske institusjonar. Samstundes er kjensler, ikkje kunnskap, den dominerande rettesnora for mange, tradisjonelle former for kunnskapsformidling stangar mot muren, meiner fagdirektøren. I 2016 kåra Oxford Dictionary «post truth» til årets nyord.
Motkraft mot populisme
— Populisme, fake news, post truth, det er berre vitskapen som kan stanse dette, vitskapen er motkrafta. Media og sivilsamfunn trengst også, men vitskapen er viktigast i denne kampen. Migrasjon er eit godt eksempel. Debatten er ofte kjenslebasert. Då må forskarane kommunisere vitskapen på ein måte som viser at den er viktig og som fører til handling, seier Bæra.
Det er ikkje nok, seier han, at forskarane publiserer i tidsskrifta sine og snakkar med seg sjølve.
— Det er endå viktigare enn før at forskarane når ut i alle kanalar der ein kan påverke folk. Forskarane må setje agenda, bruke sosiale media, setje avtrykk i samfunnet. Dei må ha større ambisjonar enn få artikkelen sin på trykk i eit anerkjent vitskapeleg tidsskrift.
— Fakta må vekke kjensler
For å kunne nå like mange som Sophie Elise må forskarane kjenne målgruppene, meiner Bæra.
— Du må tenke på korleis ein kan få folk utanfor dei vitskapeleg miljøa til å bli interesserte. Du må finne måtar å presentere fakta på som vekker kjensler.
— Er det ikkje ein fare for å vulgarisere bodskapen om ein brukar influensarar og Sophie Elise som modell?
— Jau, men samstundes er den typiske forskaren si frykt for å bli oppfatta som useriøs av sine medforskarar for stor, seier Bæra.
Medievitar: — Influensar blir feil
Medievitar og retorikkekspert ved Universitetet i Bergen, Jens Elmelund Kjeldsen, synest det er ein dårleg idé å la seg inspirere av Sophie Elise eller andre influensarar.
— Å bruke ordet influensar blir villeiande. Influensarar er folk som sel ting på bloggsidene sine. Det er ikkje forskaren si oppgåve, seier Kjeldsen.
Kjeldsen seier han ikkje kjenner seg igjen i Bæras karakteristikk av forskingsmiljøa som konservative og redde for å prøve nye kommunikasjons-former. Han understrekar derimot at han er heilt einig i at forskarane bør anstrenge seg for å delta og nå ut med kunnskapen og forskinga si utover sine eigne miljø.
Får for mykje tyn
— Forskarar får mykje tyn for ikkje å nå ut. Men det er ikkje heilt rettferdig. Mykje av kommunikasjonen skjer utan at det blir lagt merke til: Forskarar som er ute på skular og eldreforeiningar. Mi eiga forskingsgruppe arrangerer «Ta ordet», ein konkurranse i vidaregåande skule, der elevane blir kursa i retorikk og får ta opp saker dei meiner er viktige for å gjere verda betre. Der handlar det om alt frå klima til situasjonen i Venezuela, seier Kjeldsen.
Han kjem ikkje til å bli influert av verken Sophie Elise eller andre influensarar.
— Det finst langt betre måtar å kommunisere på, seier Kjeldsen.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!