Frå Dolph Lundgren til Camilla Stoltenberg. I ein mannsalder har Fulbright-programmet løfta studentar og forskarar. Men no blir grunnleggaren viska ut.
J. William Fulbright leia utanrikskomiteen i Sentatet i 24 år. Bildet er frå 1971, då han starta ei garnsking hemmelege dokument om Vietnam-krigen (Pentagon Papers).Foto: AP Photo/Henry Griffin)
Han var talsmann for fred og forsoning.
Sterk motstandar av Vietnam-krigen. I klinsj med kommunistjegeren McCarthy. Han
var president Kennedys favoritt til utanriksministerstolen. Ein progressiv
intellektuell, ein internasjonalist.
James William Fulbright (1905-1995).
I 78 år har utvekslingsprogrammet som ber
namnet hans gitt opna karrieredører for forskarar og studentar i 160 land. Nær 5000
nordmenn er blant dei, mange av dei prominente forskarar og leiarar i dag.
Fulbrightprogrammet har fostra statsleiarar i 40 land. 61
nobelprisvinnarar. 75 mottakarar av Pulitzer-prisen.
«Eg beundra han. Eg likte han».
Det var tidlegare president Bill Clintons
attest, då han i 2002 heldt ein tale ved Universitetet i Arkansas, staten dei
begge kom ifrå. Ein statue skulle avdukast ved institusjonen der Fulbright ein
gong var rektor.
Likevel.
FAKTA
Fulbrightprogrammet
25. mai er det 75 år sidan Fulbright-programmet kom til Noreg.
Fulbright Noreg gir kvart år ca. 45 stipend innan alle fagområde til norske studentar og forskarar, og 30-35 stipend til amerikanarar.
Finansiert av Noreg (70 prosent) og USA (30 prosent)
Det erklærte målet er å gjennom utdanning og utveksling «styrke gjensidig forståing og støtte vennskapelege og fredelege relasjonar mellom folk i USA og folk i andre land».
Ca. 160 land har utvekslingsavtalar med USA gjennom programmet.
På verdsbasis har meir enn 370.000 mottatt stipend, blant dei mange nobelprisvinnararar og statsleiarar.
På Fulbrightprogrammets eigne amerikanske nettsider er han viska ut. Då det amerikanske Fulbrightprogrammet i 2021 skulle feire 75 år, var det tett mellom dei prominente gjestane — men eitt namn vart aldri nemnt i festtalane: Fulbright, grunnleggaren.
Fulbright var ein forkjempar for fred og brorskap over landegrensene.
Men han stemte også for å halde på rasistiske lover.
«I det stille legg Fulbrightprogrammet si
eiga historie i grava», heiter det i ein artikkel i Chronicle of Higher Education, ei avis som
dekker kunnskapssektoren i USA. Bak ligg ei forteljing frå dei
mørkare kapitla i amerikansk historie og samfunnsliv.
Frå Fayetteville til Oxford
Utgangspunktet var privilegert.
Faren var
velståande forretningsmann, mora journalist i familieeigd avis. Med oppvekst i sørstatane, Fayetteville, Arkansas, USA — var det likevel ikkje skrive i stjernene at James William Fulbright skulle bli ein av dei mest markante og progressive amerikanske
utanrikspolitikarane i etterkrigstida.
Det var nettopp eit utvekslingsprogram som vart kimen og staka ut kursen for den unge Fulbright.
20 år gammal reiste han til universitetet
i Oxford med stipend frå Rhodes scholarship i lomma — programmet som er
kalla opp etter Cecil Rhodes, den britisk-sørafrikanske politikaren og
imperialisten. Det var her, innimellom øktene med rugby og lacrosse, i
spagaten mellom Arkansas og Oxford, i midten av eit kultursjokk, at visjonen tok
form:
Utdanning og personlege møter
mellom menneske på tvers av landegrenser måtte bli resepten for å bygge ned fiendskap
og politiske motsetnader mellom land og folk.
Utdanning, kunnskap og empati var
motgifta mot konflikt og ideologiske konfrontasjonar. Med Fulbrights eigne ord
— «turning nations into people».
På 1930-talet kom han tilbake til
heimstaten. Og etter nokre år med undervisning på det juridiske fakultetet, tok
han som 34-åring steget opp som den øvste leiaren ved Universitetet i Arkansas,
den yngste som nokon gong hadde hatt ei slik stilling i USA.
Det varte ikkje lenge før ein politisk strid, som involverte mor
hans, førte til at han mista jobben på universitetet. Det vart opptakta til ei
politisk løpebane der ideane han hadde med seg frå Oxford skulle få utvikle seg.
I 1942 vart han valt inn i den amerikanske Kongressen på demokratane si side.
Der vart han sitjande fram til 1974.
Med den tunge akademiske ballasten skilde
han seg ut i senatorklubben, han var ein som ikkje passa heilt inn, full av paradoks. Sober intellektuell
og sørstatsmann. Internasjonalist i eit isolasjonistisk miljø.
Tysdag 20. februar 1962. President John F. Kennedy (nr. 2 frå høgre) i ein lystig augneblink med kongressmenn frå Arkansas. J.W. Fulbright (nærast til venstre for Kennedy) låg an til å bli utanriksminister, men motstanden hans mot å oppheve segregasjonslover førte truleg til at det ikkje skjedde.Ap / NTB
Senator i Vietnam-strid
I politikken — han var i 24 år leiar for
utanrikskomiteen i Senatet — er det særleg kritikken mot USAs krigføring i
Vietnam som sette spor (Den unge Bill Clinton arbeidde ei tid for Fulbright i
utanrikskomiteens administrasjon).
Frå 1966 til 1971 leia Fulbright det som
er blitt kalla Fulbright-høyringane i Senatet. Der stod han hardt på kravet om at USA måtte trekke seg
ut. Debattane, kritikken og vitnesbyrda som kom fram i høyringane var med på å
tippe opinionen imot krigen.
Ein av dei som vitna var John Kerry, seinare
utanriksminister i Barack Obamas regjering.
I talar, og i boka «The Arrogance of
Power», som kom i 1966, tok Fulbright posisjonen som anti-imperialist og fredsforkjempar,
og gjekk til åtak på det amerikanske militære og stormaktspolitikken.
I 1954 stemte han, som einaste senator,
imot å forlenge mandatet til Joseph McCarthys etterforsking, eller heksejakt,
på kommunistar og innbilte kommunistar.
På eit tidspunkt skal han ha vore øvst på
John F. Kennedys ønskeliste som utanriksminister.
Då var Fulbrightprogrammet for lengst blitt
etablert.
Fulbright ville at programmet skulle bli
eit verktøy for å motverke kreftene han meinte hadde ført til den nyleg
avslutta verdskrigen: nasjonalisme og framandfrykt.
Forslaget om å etablere eit
utvekslingsprogram kom på bordet kort tid etter at han vart valt til senator
første gong. Det vart lagt fram i kamuflert form, som eit tillegg til
ei lov frå 1944. Lovtillegget sørga for at
inntektene frå sal av militært overskotsmateriell utanfor USA gjekk inn i
programfondet.
I 1946 signerte dåverande president Harry
S. Truman lova som opna vegen for programmet.
Noreg kom med i 1949, som det 11. landet i
rekka.
Stoltenbergs stipend
— Programmet har betydd veldig mykje for
utviklinga av norsk forsking, reklamerer Petter Næss, avtroppande direktør i
Fulbright Norway.
Blant meir eller mindre kjende namn som
har vore på utveksling gjennom Fulbright-programmet er statsvitar og tidlegare
statsråd Gudmund Hernes, samfunnsøkonomen Alexander Cappelen på Noregs handelshøgskole (NHH), tidlegare
direktør i Forskingsrådet John-Arne Røttingen, juristen Sofie Høgestøl og
filosofen Aksel Braanen Sterri.
Og Camilla Stoltenberg, mest kjend som
direktør i Folkehelseinstituttet under pandemien, i dag direktør i Norce.
Camilla Stoltenberg var Fulbright-stipendiat i California i 1982. Ho er i dag direktør for forskingsinstituttet Norce.Siri Øverland Eriksen
I 1982 var ho midt i
medisinstudiet, hadde oppdaga faget medisinsk antropologi og fekk stipend for å
reise og studere nettopp det, på Berkeley-universitetet i California.
— Kort tid etter at eg
kom dit, skjedde massakrane i Sabra og Shatila i Libanon, fortel Stoltenberg.
Fleire hundre, kanskje
fleire tusen, palestinske flyktningar vart drepne då kristne falangistar gjekk
til åtak, med israelske styrkar som passive tilskodarar.
— Eg hugsar eg såg
oppslaget frå New York Times henge på veggen der eg budde. Eg blei kjent med
mange libanesarar, og mange andre. Ein jøde frå Syria var også i den same
gruppa. Møtet med menneske frå Midt-Austen med ulike bakgrunnar, som var der
som venner, sjølv om dei ofte var djupt ueinige, gjorde stort inntrykk, fortel
Stoltenberg.
Slik sett stupte ho
nærast rett inn Fulbrightprogrammets formålsparagraf.
— Om programmet har
bidratt til fred, er vanskeleg for meg å vurdere. Men at det er ei fantastisk
ordning som har betydd enormt mykje, det er eg ikkje i tvil om. Eg har tenkt på
dette etter angrepet frå Hamas og krigen i Gaza, seier ho.
Stoltenberg er også ein
av dei som har knytt livslange faglege band til USA gjennom
Fulbright-utveksling.
— Eg kom nettopp igjen
derifrå. I alle år som forskar har eg hatt samarbeidspartnarar og nettverk i
USA, seier ho.
— Og så
trefte eg den norske mannen min der. Og vi er framleis gift!
5000 frå Noreg
Avtalen vart signert i Oslo, 25. mai 1949. Det overordna målet formulert i avtalen var å «fremje ytterlegare
gjensidig forståing mellom folk i USA og Noreg».
Sidan den tid har nærare 5000 reist til
amerikanske universitet frå Noreg. Om lag 1700 har kome frå USA til Noreg.
I år er endå ei gruppe norske mottakarar
av stipendet sendt til USA og nokre av dei mest prominente universiteta for å
jobbe med master- og doktorgradar i filosofi og medisin, psykologi og
matematikk. Tilbake får Noreg amerikanarar som er interesserte i å studere,
forske og undervise her.
Fulbright-avtalen blir underteikna 25. mai 1949 av ambassaderåd Henry S.Villard. Tilskodarar er Mrs. Margaret Hicks Williams, utanriksminister Halvard Lange (til høgre bak) og ståtsråd Lars Moen.Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
I 1949, med den kalde krigen i emning,
vart avtalen frå eit anna hald stempla som ein fordekt propagandaoperasjon i regi av amerikanarane.
Ikkje lenge etter
at avtalen var signert stod ein artikkel omsett frå det sovjetiske magasinet Novoje
Vremja på trykk i Friheten, organet til Det norske kommunistiske parti. Der
vart avtalen stempla som ein amerikansk propagandaoperasjon.
I forskingsmiljøa vart samarbeidet tatt
imot med glede.
På denne tida fanst det to universitet i Noreg, det i Oslo, og
det heilt nye i Bergen. Verdien av å få studentar og akademikarar frå stader
som Yale og Harvard var utan
tvil stor.
Sjølvtilliten, særleg i Bergen, var
likevel tilstrekkeleg til at ein meinte at også amerikanarane burde få noko igjen for
samarbeidet. Den framståande botanikaren Knut Fægri (1909—2001) kunne slå fast at
amerikansk pollenanalyse var på eit «relatively primitive level».
Soft Power
— Eg vil nyansere ideen om at det berre
var rein internasjonalisme som låg til grunn. USA var vinnar av krig. Der var
ein klar nasjonalistisk undertone, seier Joan Dassin, tidlegare Fulbright-stipendiat,
no professor og ekspert på utdanningshistorie ved Brandeis University i
Massachusetts.
Ho meiner Fulbrightprogrammet også er eit
instrument for å utøve såkalla mjuk makt, på engelsk «soft power».
— Utlendingar skulle komme for å ta til
seg vår kultur. Men amerikanarar skulle også spreie vår kultur i andre land. Vi
må sjå programmet i samanheng med etablering av andre multilaterale
institusjonar på denne tida, som Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet,
seier ho i eit BBC-program om Fulbright og utdanningsprogrammet.
Petter Næss, Fulbright-direktøren i Noreg,
meiner Fulbrightprogrammet skil seg ut nettopp ved å ikkje vere eit
instrument for «soft power».
— Det er ulikt alle andre lands utvekslingsprogram,
inkludert norske. For Fulbright var det sentrale at amerikanarane skulle forstå
korleis andre tenker. Det er ein viktig forskjell frå andre program der målet
er å få andre til å tenke som ein sjølv, seier Næss.
Næss kjenner godt til «den andre»
Fulbright. Det er det mange andre som ikkje gjer.
Fulbright var imot og stemte imot
oppheving av raseskilje, seinast i 1964 og 1965 (Civil Rights Act og
Voting Rights Act). Han var motstandar av å avskaffe segregering i skule og
utdanning.
«Rasistisk symbol»
«I love this program», sa utanriksminister
Anthony blinken i si helsing frå talarstolen, då 75-årsjubileet til Fulbrightprogrammet
vart feira med høge glas i Washington D.C. i 2021.
Den historiske grunnleggaren, mannen
og senatoren Fulbright, stod ikkje på programmet. Han var blitt mannen som ikkje
må nemnast.
Eit PR-byrå skal ifølgje Chronicle of
Higher Education ha gitt råd til Fulbright-styret om ikkje å fokusere på historia,
ettersom det ikkje blir tatt godt imot hos generasjon Z (dei unge).
Det var berre eit års tid sidan studentar
hadde demonstrert på universitet i Arkansas, og ikkje berre der, over heile
verda. Borgarrettsrørsla hadde fått ein renessanse, ein avleggar, som gjekk
under namnet Black Lives Matter.
I Arkansas marsjerte 120 studentar og
forlangte at Fulbright-statuen, som Bill Clinton avduka i 2002, måtte fjernast.
«Alle rasistiske symbol og statuer må fjernast frå Universitetet i Arkansas,»uttalte ein av aksjonistane.
Drapet på George Floyd (og andre
politidrap på svarte) sette fyr på rasismedebatten, også i Noreg.
James Fulbright stemte i mot oppheving av raseskiljelovene og segregering i skulane. Det berømte bildet viser Elisabeth Eckford som bli trakassert på veg mot inngangen til Central High School i Little Rock, Arkansas, 4. september 1957. Vakter frå Nasjonalgarden hindra henne i å sleppe inn på skulen.Will Counts
Studentar i Arkansas stilte spørsmål,
krav. Kvifor skulle dei måtte passere ein rasist på sokkel på veg
til forelesing? Ein som stod for ein politikk som ville ha gjort det umogleg
for dei å i det heile tatt studere på universitet.
Universitetsleiinga nedsette ein komité
for å undersøke den rasistiske arven og sjå på tiltak.
Var
Fulbright rasist?
«Slik han såg det var svarte han kjende
ikkje likeverdige med kvite (…)», skriv forfattar og
biograf, professor Randall B. Woods ved Universitetet i Arkansas.
Når Khrono tar kontakt,
vil han derimot ikkje bruke ordet rasist om Fulbright. Han seier også at synet
på svarte som mindreverdige var noko Fulbright la bak seg på 1940- og 50-talet.
— Fordommane hans var retta
mot dei utan utdanning og ignorantar, seier Woods.
Sjølv forklarte
senatoren seg seinare med at det var eit taktisk val: Hadde han stemt annleis
ville han ikkje blitt attvald.
Unnlatingssynd
— Dersom ein fjernar Fulbright, slettar
han frå programmet, fryktar eg at babyen blir skylt ut med badevatnet. Ein går
glipp av heile hans visjon og fredstanke, som på mange måtar er radikal og
progressiv, seier Næss, som sjølv hadde store delar av oppveksten i USA.
Næss peikar blant anna på kritikken mot
Vietnam-krigen og militarisme generelt. Han minner også om at Fulbright vart
nominert til Nobels fredspris, mellom anna av dei norske statsvitarkjempane
Stein Rokkan og Henry Valen.
— Men dei var nok klar over den
problematiske sida av historia hans, og var kanskje derfor nøye med å nominere
programmet og ikkje personen.
Fulbrights motstand mot å gi avkall på
raseskiljepolitikken i sørstatane var truleg grunnen til at han ikkje kunne bli
Kennedys utanriksminister.
Næss hadde sjølv ikkje høve til å vere på
feiringa i Washington i 2021. Men før han no snart går av med pensjon, har han
i 2024 feira og markert 75 år for Fulbright-programmet i Noreg.
Næss kjem med ei tilståing.
Petter Næss, avtroppande direktør for Fulbright Norway, voks opp i USA og engasjerte seg tidleg i fredsaktivisme. Han beklagar at dei mørke sidene ved Fulbright ikkje har kome godt nok fram.Kevin McGuiness/Fulbright Norway
På dei norske nettsidene til
Fulbrightprogrammet er det idealisten det har handla om. Ein visjonær og
fredselskande utanrikspolitikar. Ingenting om raseskilje, om Fulbrights
støtte til segregering og undertrykking av svarte i sørstatane.
— Det har vore ei unnlatingssynd frå vår
side, heilt klart ein mangel seier Næss.
Etter intervjuet med Khrono har Næss endra
teksten som omtalar Fulbright på nettsidene. No er også den andre delen av
Fulbrights historie tatt med.
— Vi har dei siste 10—15 åra sett eit
veksande medvit kring einauga «monumentalisering» av historiske personlegdomar.
Det er eit fornuftig og rimeleg krav, at dersom nokon blir plassert på
pidestall, skal dei også kontekstualiserast.
Kanskje kan det vere noko å lære også av
dei sidene vi tar avstand ifrå, meiner Næss.
— Når det gjeld rasismen hans, er den
meir samansett og vanskeleg å begripe enn det ein kan formidle med ein enkel disclaimer.
Det kunne vere meir interessant å spørje korleis Fulbright kunne vere så
opptatt av «seeing the world as others see it» internasjonalt, og samstundes
vere så blind på heimebane. Er det noko vi kan lære av, seier Næss.
Universitetet i Arkansas let ikkje
Fulbright-statuen falle.
I staden konkluderte komiteen som leiinga hadde
nedsett med å flytte monumentet og gi det ei mindre framståande plassering. I
tillegg har informasjon om skuggesidene, kontekst, blitt festa til statuen.
Ein kveld, på ein nattklubb der han jobba som dørvakt, møtte han modellen og popstjerna Grace Jones.
Det balla på seg.
Den svenske muskelmannen er mest kjent som
han som kjempar mot Sylvester Stallone i Rocky 4 frå 1985, i rolla som den
sovjetiske boksaren Ivan Drago. Han var først ein skuleflink, allergiplaga gut
med draumar om Amerika, og talent for karate.
Denne kombinasjonen førte til at han kapra
eit Fulbright-stipend for å ta doktorgrad i kjemi ved MIT (Massachusetts
Institute of Technology). Men Dolph kom ikkje så langt.
Skodespelar Dolph Lundgren var Fulbright-stipendiat på MIT i 1983. Då han innleia eit forhold til popstjerna og sexsymbolet Grace Jones, bestemte han seg for å droppe ei lovande akademiske karriere. Bildet er frå ein premiere i 2018.Vianney Le Caer/Invision/AP
Lundgren har i eit intervju fortalt
korleis han ein dag, då han kom køyrande med motorsykkelen sin inn på campus, bestemte
seg for å droppe universitetet.
— Professorane ventar på stjernestudenten
frå Sverige. I staden ser dei meg passere utanfor vindauget med Grace Jones
sitjande bakpå, kledd i svart lær frå topp til tå.
Dei populærkulturelle digresjonane
Fulbrightprogrammet skulle føre til, kunne opphavsmannen knapt ha førestilt
seg. Heller ikkje at ein komite på universitetet han ein gong var rektor for skulle
hekte rasisme på ettermælet hans.
«Aren’t you the woman who was recently
given a Fulbright?», song Paul Simon på plata Graceland i 1986, og i refrenget, «I know
what I know».
«Ah, hell», ville kanskje Fulbright svart,
slik han gjorde då han på sine gamle dagar var spurt om å summere opp
livsverket. «I just wanted to educate these goddam ignorant Americans».
Medieprofessor Hans Fredrik Dahl blir 29. april utnevnt Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk samfunnsliv.
– Den betydningen Dahl har hatt for vår forståing av mediene, er ganske avgjørende. Han er en av de virkelig store på feltet i Norge, sier Rolf Werenskjold om sin tidligere kollega til Høgskulen i Volda, som melder utnevnelsen på sin nettside.
Han har gjennom over seksti år hatt stor innflytelse i norsk offentlighet. Blant annet har han vært kulturredaktør i Dagbladet (1978–1985), professor ved Universitetet i Oslo (1991–2009), professor II ved BI (2001–2003) og professor II ved Høgskulen i Volda (2012–2015).
Han har hatt stor betydning for utviklingen av mediestudier som akademisk fagfelt i Norge. Han har også satt dype spor ved Høgskulen i Volda, som foreleser, sensor og veileder i mange år.
– Jeg har bestandig betraktet meg selv som temmelig dissident, og ikke del av det gode selskap – men nå! Hvis meningen er å få mottakeren til å holde kjeft, er det ikke så dumt at denne æresbevisningen kommer når jeg er høyt oppe i alder, heller. Så altså: tusen takk, Norge! skriver Dahl i en SMS til høgskolen.
Hans Fredrik Dahl, fotografert 14. november 1970. Fra Dagbladets negativarkiv, overtatt av Norsk Folkemuseum i 2003.Foto: Kåre Nymark / Norsk Folkemuseum. NF.35570-007. Digitalt Museum. CC BY-NC-ND 4.0.
Driftsresultatet før skatt er på 3.595.000 kroner og driftsmarginen er på 98 prosent.
Inga Strümke (35) innehar både rollen som styreleder og daglig leder. Det finnes ikke informasjon om hvem som er den største aksjonæren. Eierne tok ikke ut utbytte forrige år.
Klas Pettersen blir direktør i SimulaMet fra 1.august 2025.
– Vi ønsker Klas velkommen som ny direktør, og er sikre på at han vil være en engasjert og ressurssterk leder. En som vil styre SimulaMet effektivt og legge til rette for fortsettelsen av fremragende forskning som er til nytte for samfunnet, sier Lillian Røstad, styreleder ved SimulaMet i en pressemelding.
Pettersen kommer fra rollen som administrerende direktør av Nora (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium).
– I SimulaMet gjøres det forskning på øverste nivå internasjonalt, og deres forskningsområder er av nasjonal viktighet. Jeg kjenner organisasjonen godt og er imponert over det høye nivået på forskningen og mulighetene som ligger i organisasjonen, sier Pettersen.
Klas Pettersen blir ny direktør i SimulaMet.Maria Louise Reichardt/norden.org
I høst ga ledelsen ved Högskolan Väst i Trollhättan i Sverige beskjed om at den ville si opp 50 ansatte som følge av dårlig økonomi.
Etter forhandlinger mellom ledelsen og de ulike fagforeningene ved institusjonen er det nå bestemt at 29 ansatte skal permitteres, skriver Universitetsläraren.
De berørte har varierende lengde på oppsigelsene. Noen får bli værende i opptil ett år. Noen av de permitterte for tiden er sykemeldt.
— Mange av våre ansatte har tatt dette hardt og følt seg veldig dårlige, sier Christina Karlsson, som er nestleder i Saco-S og fagforeningen SULF ved Högskolan Väst.
— At man da må kvitte seg med en så stor andel ansatte er selvsagt ekstremt negativt. Jeg er bekymret for de ansatte som forblir i virksomheten og hvordan dette vil påvirke deres arbeidsmengde og arbeidsmiljø, sier Mikael Brisslert, sentralombudsmann i SULF.
HR-sjef ved Högskulan Väst, Bettina Johansson, beklager at de har måttet gå inn i en permitteringsprosess og beskriver det siste halvåret som en vanskelig periode.
Resultatet etter årets studentvalg ved Universitett i Bergen (UiB) er klart.
I en pressemelding skriver Studentenes valgstyre at valgoppslutningen er på 12,74 prosent.
Sosialdemokratisk Liste har fått flest stemmer med sine 35,52 prosent og dermed ni mandater. Den nest største listen er Venstrealliansen med sine 22,45 prosent og fem mandater, etterfulgt av Moderat Liste som har fått 17,91 prosent og fire mandater. Reallista har fått 15,44 prosent og dermed fire mandater, mens Liberal Liste har fått 8,67 prosent og to mandater.
Når det gjelder kandidater til universitetsstyret ble Sigrid Vorland og Styrk Garang valgt. Første vara er Yimin Dong, andre vara er Victor Botnevik, mens tredje vara er Hedda Simonsen.
Valgoppslutningen til på styrerepresentant-valget var på 13,83 prosent.
Fra 1. mai vil fastrentene på studielån være 4,812 prosent for tre års bindingstid, 4,745 prosent for fem års bindingstid og 4,736 prosent for ti års bindingstid. Dette er en oppgang på mellom 0,038 og 0,048 studiepoeng.
Flytende rente som gjelder fra 1. mai, vil være 5,156 prosent.
De som ønsker å binde studielånsrenten fra 1. mai, kan gjøre det i perioden 10.–17. april, informerer Lånekassen.
Studentsamskipnaden SiO hadde en omsetning på 1,46 milliarder i 2024, noe som er en økning på 6,1 prosent fra året før. Årsresultatet endte på 28,4 millioner kroner før skatt for konsernet.
— Overskuddet bidrar til at SiO kan fortsette å bygge enda flere studentboliger og styrke velferdstilbudet til studentene, sier student og styreleder i SiO, Eilif Tanberg.
SiO investerte over en milliard kroner i studentboliger og annen infrastruktur i 2024.
— Vi har en historisk høy byggeaktivitet om dagen, og ferdigstilte 677 nye studentboliger bare i fjor. Jeg synes det er veldig bra at vi klarer å levere positive resultater, sier Eilif Tanberg.
SiO-leder Eilif Tanberg er glad for de gode resultatene.SiO