Heidra opprykk og doktorgrad
Tirsdag kveld feira Høgskolen i Oslo og Akershus tilsette med ny doktorgrad eller opprykk. 8 doktorar og 30 med opprykk vart heidra og presentert. Her er oversikten.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Evna til kunnskapsutvikling er svært viktig for kunnskapssamfunnet, det er viktig for deg, det er viktig for oss og det er viktig for barnebarna våre, sa prorektor for forsking og utvikling, Morten Irgens til dei nye doktorane ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) då dei blei kreert tirsdag kveld.
Åtte personar blei heidra høgtideleg for sine doktorgradar, mens 30 tilsette hadde oppnådd opprykk det siste året.
Dei nyutnemnde doktorane
Dei nyutnemnde doktorane er:
Lars Klintwall, Richard Korley Nartey, Hanna Steinunn Steingrimsdottir, Magne Lindholm, Tone Dahl Michelsen, Tatanya Valland, Hanne Hagland og Inger Oterholm. I tillegg vart dei 30 opprykka ved institusjonen feira med blomar, brask og bram.
Det er ganske stort å oppdage noko ingen visste frå før.
Curt Rice
Dette krevjar tålmodigheit, og ei god dose staheit og vi sett pris på at dykk legg ned så mykje arbeid.
Nina Waaler
Akademisk toppnivå
Smila sat laust og superlativa var mange under arrangementet.
— Det er stort det vi markerer i dag, noen av dykk har teke ein doktorgrad, den høgaste graden som vert gjeve i akademia. Du har ikkje berre lært av andre, men du gir óg ny kunnskap til verda. Det er ganske stort å oppdage noko ingen visste frå før, sa Curt Rice frå talarstolen då han takka philosophiae doctorane for deira innsats for akademia.
Ny doktor, atferdsanalyse: Richard Korley Nartey
Tre av dei nyutnemnde doktorane hadde i løpet av fjoråret disputert på programmet atferdsanalyse. Dette var Lars Klintwall (ikkje til stades tirsdag) med avhandlinga « Reinforcers as Predictors of Outcome in Behavioral Interventions for Autism», Richard Korley Nartey med «Meaningful Stimuli and the Enhancement of Equivalence Class Formation» og Hanna Steinunn Steingrimsdottir og avhandlinga «Learning and Remembering in Older Adults and Older Adults with Neurocognitive Disorders»
Ny doktor, atferdsanalyse: Hanna Steinunn Steingrimsdottir.
Fem doktorar i profesjonsstudier
Innan profesjonsstudier vart fem doktorar kreert. Ein av dei var Magne Lindholm som hadde gjort si avhandling på Journalistikkens autoritet, der han hadde sett nærmare på yrkesideologi og autoritetsmarkering i norsk journalistikk frå 1954 til 2014.
Ny doktor i profesjonsstudier: Magne Lindholm.
Tone Dahl-Michelsen tok sin ph.d. etter å ha undersøkt kjønn i fysioterapiutdanninga, medan Hanne Hagland fekk sin grad på bakgrunn av avhandlinga «Å krysse fremfor å beskytte grenser. Om ergoterapeut-, fysioterapeut-, lege- og sykepleierstudenters deltakelse og læring i tverrprofesjonell praksis».
Ny doktor i profesjonsstudier: Tone Dahl-Michelsen.
Tatanya Valland vart kreert doktor for si studie av politiets mellomleiarar og forholdet mellom lojalitet og profesjonalitet i politiet. Inger Oterholm vart utnemnt doktor for sitt arbeid på kva det har å seie om tidlegare barnevernsbarn blir følgt opp av NAV eller barnevernstenesta etter fylte 18 år.
Ny doktor i profesjonsstudier: Hanne Hagland .
Ny doktor i profesjonsstudier: Tatanya Valland.
Ny doktor i profesjonsstudier: Inger Oterholm.
30 0pprykk
Mellom slaga opptredde Marthe Lea med song og saxofonspel. Før 30 opprykk til forskar I, dosent og professor skulle få sine talar.
— Dette krev tålmod, og ei god dose staheit. Vi sett pris på at de legg ned så mykje arbeid, sa prorektor for utdanning Nina Waaler. Ho meinte at med dei ambisjonane høgskolen har er det viktig at dei tilsette held fram med å utvikle seg.
Av dei 30 med opprykk, var 17 kvinner.
Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD)
Det var dekan på TKD, Egil Trømborg som heidra sine tre tilsette som hadde oppnådd opprykk i 2015 (bilete over). Dei tre er:
Finn-Erik Nilsen, dosent i bygningstekniske fag
Svein Gundersen, professor i drama og teater
Mikkel Wettre, professor, produktdesign
Fakultet for samfunnsfag (SAM)
På SAM var dekan Ann-Helen Bay til stades for å heidre og framheve sine tilsette med opprykk. Ho var dagens mest travle dekan med heile 6 opprykk.
Sissel Hovik, professor i organisasjon og leiing
Harald Hornmoen (tv), professor i dokumentar og journalistikk og Steen Steensen (th), professor i journalistikk.
Arne Krumsvik, professor i journalistikk
Kjell Ivar Skjerdingstad, professor norsk/norskdidaktikk/nordisk
Marit Haldar, professor i sosiologi
Fakultet for lærarutdanning (LUI)
Dekan Knut Patrick Hanevik var der for å gratulere sine fem tilsette med deira opprykk:
Jo Helle Valle, professor i sosialantropologisk utviklingskompetanse og Åse Røthing, professor i pedagogikk med vekt på mangfald og inkludering (bildet over).
Margareth Sandvik, professor i norsk (barnehagelærarutdanning)
Frøydis Oma Ohnstad, dosent i pedagogikk
Åse Marie Ommundsen, professor i norsk (grunnskulelærarutdanning)
Fakultet for helsefag (HF)
Dekan på helsefag, Gro Jamtvedt, tala varmt om sine to tilsette med opprykk:
Kjell Sverre Pettersen, professor i helsekommunikasjon
Miriam Lukasse, professor i jordmorfag
Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA)
Kåre Hagen, direktør på Senter for velferds- og arbeidslivsforskning hadde en travel kveld. På SVAs fire underliggjande insituttar var det til saman 13 opprykk å feire tysdag kveld.
Velferdsforskningsinstituttet (NOVA)
Marianne Takle, Forskar I
Marianne Dæhlen, Forskar I
Thomas Hansen, Forskar I
Forbruksforskingsinstituttet (SIFO)
Unni Kjærnes, Forsker I
Arbeidsforskingsinstituttet (AFI)
Ellen Marie Forsberg, Forskar I
Svenn-Erik Mamelund, Forskar I
By- og regionsforskingsinstituttet (NIBR)
Einar Braathen, Forskar I
Hege Hofstad, Forskar I
Marit Helgesen, Forskar I
Torunn Kvinge, Forskar I
Trond Vedeld, Forskar I
Gro Sandskjær Hanssen, Forskar I
Marit Ekne Ruud, Forskar I
Evelyn Dyb, Forskar I
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!