Debatt

Ludvig Holberg var verken slavehandlar eller rasist

Ludvig Holberg var ein føregangar for likestilling, likeverd og toleranse. Han var ein av dei fremste representantane for opplysningstida i Norden, skriv Gunnstein Akselberg.

Statue av Ludvig Holberg på Vågsalmenningen i Bergen.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Ludvig Holberg var verken slavehandlar eller rasist. Holberg var ein føregangar for likestilling, likeverd og toleranse. Han var ein av dei fremste representantane for opplysningstida i Norden. Gjennom all sin litterære og faglege aktivitet var han ein sann opplysningsfilosof som sette kunnskap og fornuft i høgsetet.

Som professor, rektor og kvestor (rekneskapsførar) ved Universitetet i København arbeidde han for å fornya den akademiske undervisninga og forskinga, høgja den faglege kvaliteten, gjera studentane handlekraftige, fremja studentane sin samfunnsmessige relevans, gjera studentane til kritiske og nyttige samfunnsborgarar, og frigjera universitet frå religiøs og fagleg dogmatisme.

Holberg var humanist og samfunnsvitar, men han hadde eit breitt fagleg perspektiv som gjorde at han interesserte seg for ulike faglege teoriar som dukka opp i samtida. Han formidla ofte vitskaplege resultat filosofisk og moralsk.

Holberg introduserte naturretten i Skandinavia med avhandlinga «Moralske Kierne» (1716), seinare kalla «Holbergs naturrett». Sjølv om Holberg i all hovudsak byggjer på den tyske naturrettsfilosofen Samuel von Pufendorf (1632–94), svekkjer ikkje det Holbergs store innsats med å gjera naturrettsleg tankegods kjent: Det finst visse grunnleggjande menneskelege rettar som retten til liv, fridom og eigedom. Holbergs naturrett vart vidkjend og nytta av juristane i Danmark-Noreg.

Les også:

I skjønnlitteraturen er Holberg både samfunnskritisk («Niels Klim»), oppteken av sosiale motsetnader og sosial urett («Jeppe paa Bierget»), akademisk jåleri («Erasmus Montanus») og politisk uforstand («Den politiske Kandestøber»). Elles har Holberg sympati for den stavnsbundne ufrie bonden, kvinnene sine gryande samfunnsrettar og han er oppteken av religionskritikk. Med Holberg fekk dessutan dansk tale- og skriftspråk gjennomslag innom mange samfunnsdomene, der latin, fransk og ikkje minst tysk hadde dominert tidlegare.

Hausten 1730 kjøpte Holberg éin aksje (eller han gav eit lån mot ein obligasjon, ein utlånsobligasjon) på 500–600 Riksdaler i Vestindisk-Guineisk Kompagni (1671–1754). Men alt før året var omme, var obligasjonen betalt attende. Dette var ein liten og kortvarig økonomisk transaksjon i Holbergs 70 år lange liv, men hendinga har lagt grunnlaget for den altoverskyggande myten om Holberg som slavehandlar, ein myte som sindige debattantar dei siste dagane ukritisk har slått stort opp i ei mengd norske aviser og media. Ein ørliten post sett i høve til det store og omfattande livsverket til Holberg, der han var med å leggja grunnlaget for eit moderne, ope og tolerant samfunn. Dén rolla til Holberg vert no usynleggjord.

Verdiar, haldningar og normer skiftar etter som tida går, men mange underslår dette og vil at fortida skal vera i samsvar med notida.

Gunnstein Akselberg, professor emeritus, Universitetet i Bergen

Grunnen til at obligasjonen til Holbergs vart innløyst etter knapt eitt år, veit vi ikkje. Truleg vart avkastninga for liten, berre 18–36 Rigsdaler. Eller kanskje kan årsaka rett og slett vera at Holberg vart medviten om at kompaniet dreiv med slavehandel, noko han vurderte å vera naturstridig. I boka hans om naturretten heiter det: «alle har den naturlige frihed i lige grad, så ingen kan tilegne sig herredømme over den anden uden han har givet sit samtykke dertil». Og Holberg held fram at «ingen er født frie, ej heller nogen født slave […] menneskene er af naturen lige og kan ikke skilles fra hinanden.»

Verdiar, haldningar og normer skiftar etter som tida går, men mange underslår dette og vil at fortida skal vera i samsvar med notida. Fortida skal friserast og homogeniserast. Normative og revisjonistiske vurderingar av historisk litteratur og kultur har i det siste hatt gode vokstervilkår. Ord som vi ikkje likar i dag, skal lukast ut av den eldre litteraturen, som «neger» og «negerkung». No skal også alle «stygge» «sokkelmenn» bort. Autoritære «sokkelrivingar» dresserer oss til å gå i takt, slik at vi står i fare for å utvikla ei einsidig og polert oppfatning av fortida.

I det ikonoklastiske perspektivet som no herjar intellektuelle og akademikarar etter politidrapet av afro-amerikanske George Floyd, høver ikkje Holberg inn. Myten om Holberg som rasist og slavehandlar set no munnbind og skylappar på dei mest røynde fagfolk. Resultat: Holberg skal statueveltast.

Universitetet i Bergen burde i staden reisa ein statue av Holberg på Muséplass som kvar dag kan minna oss om den store innsatsen til Holberg for eit opnare og meir demokratisk samfunn, større likeverd, større toleranse, eit dynamisk universitet fritt for ikonoklasme, fritt for moralsk fordøming, og med engasjerte studentar og forskarar frigjorde frå fagleg og ideologisk dogmatisme. Desse verdiane frå Holberg si eiga universitetstid, frå hans eigne akademiske leiarverv, og frå hans store sakprosa- og skjønnlitterære produksjon, er framleis grunnleggjande for akademiske institusjonar. Ein Holberg-statue på Muséplass ville dessutan – på denne solide holbergarven – styrkja Universitetet i Bergen si forvalting av den nasjonale Holberg-prisen.

Gunnstein Akselberg var norsk prosjektleiar av det dansk-norske prosjektet «Ludvig Holbergs skrifter» (2007–15)

Powered by Labrador CMS