Vi er heilt avhengige av å ha ein berekraftig økonomi i NSO dersom vi skal kunne fortsetje å ta dei viktige kampane, skriv eksternansvarleg for studentane ved NHH, Linn Antonie Vårdal Solheim. Foto: NHHS
Vi er heilt avhengige av å ha ein berekraftig økonomi i NSO dersom vi skal kunne fortsetje å ta dei viktige kampane, skriv eksternansvarleg for studentane ved NHH, Linn Antonie Vårdal Solheim. Foto: NHHS

NHHS: Dette går ikkje meir, NSO

#LMNSO. Det faktum at det er semesteravgifta til mine medstudentar som finansierer kalaset gjev ein kraftig bismak, skriv eksternansvarleg ved NHHS, Linn Antonie Vårdal Solheim, om NSOs pengebruk.

Publisert   Sist oppdatert

Der er mange bra sider ved Norsk Studentorganisasjon (NSO), men den økonomiske styringa i organisasjonen er ikkje ei av dei.

Når ein først har 16 millionar på bok, så kan ein forvalte dei på eit vis som gjev avkastning, og som gagner alle.
Linn Antonie Vårdal Solheim
Eksternansvarlig, NHHS

I dag startar landsmøtet. Eg føler derfor at det er på høg tid å setje søkelys på eit par saker og ting. Som student ved Norges Handelshøyskole og vordande siviløkonom har eg, og dette kjem kanskje ikkje som ei overrasking, ein del ting å ta opp om når det kjem til den økonomiske styringa i NSO.

I organisasjonen i dag snakker ein mykje om berekraft og om FN sine berekraftsmål. Det har ved fleire høve blitt ytra at desse skal ligge til grunn for dei vala som blir teke i ulike ledd og nivå av organisasjonen.

Mitt første møte med Norsk studentorganisasjon var under Høstkonferansen i 2018, så i ein NSO-målestokk er eg berre barnet å rekne. Inntrykket eg sat att med etter denne helga i slutten av oktober var todelt. På den eine sida hadde eg lært mykje, diskutert mykje, blitt utfordra på mine perspektiv og møtt veldig mange flinke folk. På den andre sida, var eg heilt enkelt sjokkert over nivået på forbruket.

Eg hadde sjølvsagt hørt eit og anna om kor hårreisande prioriteringane til organisasjonen var i forkant, men det som møtte meg tok kaka. Misforstå meg rett, eg personleg hadde det heilt supert. Maten var super, hotellet var av høg standard og det var meir eller mindre fri flyt av snacks og fingermat i mellom alle måltida som blei servert. Problemet her er ligg i stor grad i at eg har litt utfordringar med å rettferdiggjere det faktum at ein brukte meir enn 350 000 kroner på ei helg, av fleire årsaker. For det første gjev det faktum at det som finansierer kalaset er semesteravgifta til mine medstudentar ein kraftig bismak. Dersom ein i tillegg ser det generelle forbruket i lys av berekraftsmål nummer 11, som i stor grad går på å arbeide for ansvarlege forbruks- og produksjonsmønster, blir ikkje akkurat situasjonen noko enklare å forsvare. I lys av dei debattane som raser om dagen, blir det å fortsetje på same viset framover i beste fall dobbeltmoralsk.

Som eg var kort innom tidlegare, er brorparten av inntektene til NSO innhenta gjennom semesteravgifta til studentar tilknytt medlemslaga. I 2011 vedtok Landsmøtet å få eigenkapitalandelen i organisasjonen ned til 50 prosent av dei årlege driftskostnadene. I rammebudsjettet for 2018 tok ein sikte på å gå 740.000 kroner i overskot.

Ein endte på nesten 1,7 millionar kroner.

Dette er pengar henta rett frå studentane sine lommer. Sidan 2014 har eigenkapitalen auka med meir enn 3,1 millionar, og i 2018 utgjorde eigenkapitalandelen 89,17 prosent av totalt forbruk i organisasjonen. Dette er nesten 40 prosent høgare enn det som blei vedteke at ein skulle arbeide mot for åtte år sidan.

Korleis forsvarer ein dette, når medlemslaga fortel om tøffe prioriteringar og kutt i velferdstilbod for studentane lokalt? Det er frå mitt personlege perspektiv heilt uforsvarleg å sitje på ein så stor formue, og samstundes fortsetje å hente inn like mykje driftstilskot frå studentane tilknytt medlemslaga.

Dette fører meg over til det det tredje og siste, men truleg det viktigaste punktet i min kritikk. På ein god dag vil eg hevde at kapitalforvaltninga i Norsk studentorganisasjon er dårleg. Alle andre dagar derimot, vil eg hevde at dagens praksis er høgst klanderverdig og på grensa til skandaløs.

Skal ein tru rekneskapen, og det skal ein gjerne, har ein i skrivande stund 16.144.254 kroner i egenkapital. Med finansinntekter, det vil seie renteinntekter, på ca 185.000 har ein ei gjennomsnittsrente på rett i overkant av 1,1 prosent. Dette er langt under inflasjonsmålet som i 2018 låg på heile 3,6 prosent.

Pengane studentar og medlemslag har betalt inn til organisasjonen, misser med andre ord verdi. Noko av det som plager meg her, er at dette har vore tilfelle i ei årrekke, utan at ein har teke tak i det. Det å drastisk betre situasjonen er ikkje vanskeleg. Ein må sjølvsagt ta ei avveiing av kor stor likviditet ein har behov for å ha, og ta ei grundig vurdering på korleis ein ønsker å plassere dei midlane ein har.

Når ein først har 16 millionar på bok, så kan ein forvalte dei på eit vis som gjev avkastning, og som gagner alle. I det høvet vil eg utfordre sitjande og kandidatar til både sentralstyret og arbeidsutvalget til å ta grep. Vi er heilt avhengige av å ha ein berekraftig økonomi i NSO dersom vi skal kunne fortsetje å ta dei viktige kampane. Ein kan ikkje fortsetje slik som i dag. Det går rett og slett ikkje meir.

Siste fra Khronos forside: