søkjarliste

Leitar etter nokon som skjønar ein kompleks organisasjon

Både Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder skal tilsetja ny kommunikasjonsdirektør. — Spanande stillingar som krev rett person, seier universitetsdirektør.

Ein kommunikasjonsdirektør skal jobba tett med universitetsleiinga. Ved Universitetet i Bergen er det ein tidlegare kommunikasjonsdirektør, Robert Rastad, som er universitetsdirektør.

Både Universitetet i Agder (UiA) og Universitetet i Bergen (UiB) har for tida konstituerte kommunikasjonsdirektørar. Ved UiA vart kommunikasjonsdirektør Paal Pedersen utnemnd til statssekretær hos kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i fjor vår. Ved UiB gjekk kommunikasjonsdirektør Tor Godal til Bergensavisen i fjor haust. UiB har allereie lyst ut stillinga ein gong, utan å tilsetja nokon.

Øivind Moen Eskedal er konstituert kommunikasjonsdirektør ved UiA.

Må forstå eit universitet

I Agder ønskte ein å gjennomføra ei omorganisering av administrasjonen før ein lyste ut direktørstillinga. Dette er no gjort, og tolv søkjarar har meldt seg - ein av dei er unnateken offentlegheit. På søkjarlista står mellom andre konstituert kommunikasjonsdirektør Øivind Moen Eskedal.

— Me hadde ei god søkjarliste førre gong me tilsette kommunikasjonsdirektør, og lista er interessant no, seier universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen til Khrono.

Fristen for å melda interesse var 19.april, og dei første intervjua er snart i gang.

— Me ønskjer ein kandidat som forstår eit universitet, og har sett mastergrad som krav. Me ønskjer òg at den som vert tilsett har røynsle frå eit redaksjonelt miljø, seier Smith-Tønnessen.

— Vil de ha ein kandidat som kjenner akademia?

— Det er ikkje ein naudynt kvalifikasjon, men noko som er ønskjeleg.

Kommunikasjonsdirektør UiA

Marion Røst Heimlund (44)Arbeidssøkjande
Luca Arfini (25)Interreg Baltic Sea Region Programme
Dr. MD Kamrujjaman (38)University of Oviedo
Øivind Moen Eskedal (32)Kommunikasjonsdirektør (kst.)
Stian Rønvåg (48)Kommunikasjonsrådgivar
Anne Kirkhusmo (52)Sjølvstendig næringsdrivande
Geir Christian Johannessen (36)Universitetslektor
Heidi Helene Frivoll (50)Avdelingsleiar
Børge Jomaas (50)Leiar Berg-Hansen
Randi Røinaas Lomeland (42)Ansvarleg PR og kundekommunikasjon i LOS
Søkjar unnteke offentlegheitMann

16 søkjarar i Bergen

I fjor haust stod det 25 namn på søkjarlista då UiB lyste ut direktørstillinga, fleire av dei med kjennskap til UiB. Men ingen vart tilsett.

Olaf Erlend Gundersen er konstituert kommunikasjonsdirektør ved UiB.

— Me fann ingen med den profilen me ønska for stillinga, sa assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden til Khrono i november.

Då hadde UiB-leiinga gjennomført nokre intervju.

Også tidlegare har UiB valt å ikkje tilsetja kommunikasjonsdirektør etter utlysing.

No har det meldt seg 16 søkjarar, blant dei konstituert kommunikasjonsdirektør Olaf Erland Gundersen. To søkjarar har trekt seg.

— Spanande stillingar som krev rett person, seier universitetsdirektør ved UiB, Robert Rastad, til Khrono.

— Me får gode søkjarar. Godal, som gjekk til BA, gjorde ein kjempegod jobb. Også i fjor haust var det gode søkjarar, men då var me i ein fase der eg skulle byrja i stillinga ved UiB, og me valde difor å utsetja prosessen til no.

Rastad seier det er tre eigenskapar som trengs for å kunne leia kommunikasjonsarbeidet ved ein stor, kompleks organsiasjon som eit universitet:

— Ein må vera god på det kommunikasjonsfaglege, ein må ha forståing av ei kompleks verksemd, der formidling er ei viktig oppgåve, og ein må vera ein god leiar.

— Er det lettast å læra ein kandidat sektoren eller kommunikasjonsfaget?

— Eg begynte sjølv som kommunikasjonsdirektør i Bergen kommune utan å kunne kommunal sektor, seier Rastad.

UiB hadde søknadsfrist 11.april, og det er no sett ned ein komité som tek seg av gjennomgang av søknadane og innkalling til intervju.

Kommunikasjonsdirektør UiB

Reza Habibi (39)Ph.d.-stipendiat
Sverre Simen Hov (45)Seksjonsleiar
Ida Kvamme SchankeStudent
Luca Arfini (25)Interreg Baltic Sea Region Programme
Jean-Yves Gallardo (53)Kommunikasjonsdirektør Unicef
Søknad trekt
Trond Roger Nydal (39)Redaktør og dagleg leiar
Maria Schütz Fløisand (43)Kommunikasjonssjef i Salmon Group
Siw Wisth Holmboe (40)Mellom jobbar
Olaf Erlend Gundersen (45)Seniorrådgivar/fungerande kommunikasjonsdirektør
Sylta Candida (44)Konsulent
Anne Kirkhusmo (52)Sjølvstendig næringsdrivande
John Arthur Berg (44)Head of strategy
Siri Vågene (26)Høgskulelektor
Per-Arne Hvidsten Larsen (41)Rådgivar for byrådet i Bergen
Søknad trekt

Fleire med kommunikasjonsbakgrunn

På begge søkjarlistene finn ein personar som har kommunikajsonsfagleg bakgrunn. Anne Kirkhusmo har søkt begge stillingane. Ho står no som sjølvstendig næringsdrivande, og har tidlegare mellom anna vore kommunikasjonssjef i Kirkens nødhjelp. Ved UiA har Stian Rønvåg søkt. Han er kommunikasjonsrådgivar i PR-operatørene. Randi Røinaas Lomeland jobbar med kommunikasjon hos straumleverandøren LOS.

Ved UiB har kommunikasjonsdirektørane Jean-Yves Gallardo frå Unicef og Maria Schütz Fløisand frå Salmon Group søkt. Det same har Per Arne Hvidsten Larsen. Han er politisk rådgivar for finans- og næringsbyråd Erlend Horn (V).

Powered by Labrador CMS