Statssekretærens legitimitet
Vil statssekretær Bjørn Haugstad ha eit «vokterråd» til å avgjere om kandidatane er gode nok til å stille til stortingsvalg, spør Erik Døving ved HiOA. Han meiner Haugstad si haldning til rektorvalg i akademia er oppsiktsvekkande.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Statssekretær Bjørn Haugstad skriv i Khrono 25. april om «tre forutsetninger for at rektorvalg har legitimitet». Dette er ein viktig og interessant diskusjon, men Haugstad snublar i sitt eige resonnement.
Han skriv at valget for det første må «kunne frembringe gode rektorer og rektorteam». Med andre ord har Haugstad som utgangspunkt at valg har legitimitet berre dersom det gir godt eller rett resultat.
Dette er ein oppsiktsvekkande påstand: Ved valg er det nettopp folket som avgjer kva som er bra og rett. Vil Haugstad ha eit «vokterråd» til å avgjere om kandidatane er gode nok til å stille til stortingsvalg? Eg kan garantere at mange politikarar ikkje ville blitt kvalifisert om krava i ei vanleg stillingsutlysing vart lagt til grunn.
For eksempel Donald Trump ville blitt avvist i første runde som opplagt ikkje kvalifisert om han hadde søkt på den utlyste stillinga som president. Demokrati er ikkje legitimt fordi det gir eit bestemt resultat, men fordi prosessen er legitim.
Haugstad sin logikk får meg til å tenke på Bertolt Brecht som foreslo å oppløyse folket når folket tok feil: Wäre es da Nicht doch einfacher, die Regierung Löste das Volk auf und Wählte ein anderes?
Statssekretær Bjørn Haugstad snublar i sitt eige resonnement.
Erik Døving
Under det tredje punktet skriv Haugstad at «dersom det bare handler om å finne den best skikkede, så finnes det bedre rekrutteringsmetoder enn valg». Haugstad legg til grunn eit tilsynelatande enkelt men eigentleg problematisk skilje mellom universitetspolitisk retningsvalg og det å finne den best kvalifiserte personen.
Ein viktig kvalifikasjon er jo nettopp å peike ut retning og å vere ein frontfigur. Dessuten er det slett ikkje opplagt kven som er den beste personen til ei slik leiarstilling. Endå viktigare er det at den vanlege metoden for å velje blant kandidatar, jobbintervju med utgangspunkt i vage og til dels lite relevante kriterier, er den minst pålitelege.
Rett som det er blir personar med solid utdanning og erfaring tilsett i leiarstilling, medan ettermælet handlar om idear, strategisk retning og moralsk integritet.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!