styremøte
Legg opp til ein valomgang i Bergen
Uansett kor mange kandidatar som stiller til val som rektor ved Universitetet i Bergen, er planen å ha berre ein valomgang. Sjå styremøtet direkte her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
2021 er hovudvalår ved Universitetet i Bergen. Det betyr at det både skal veljast ny rektor og nye medlemmer til universitetsstyret. Fakulteta skal òg ha nye styre, og det skal veljast nye instituttråd.
Det første som må veljast, er rektor. Deretter må det gå fire veker før ein kan ha neste va, heiter det i valreglementet.
Universitetsstyret skal difor i møtet torsdag både bestemma tidspunkt for det digitale rektorvalet, og i tillegg vedta ei endring i valreglementet: Universitetsdirektøren sitt forslag er at valet vert gjennomført som preferanseval.
Vil hindra at ein vert «valtrøytt»
I dag skal rektorvalet gjennomførast som fleirtalsval. Det betyr at dersom det stiller meir enn to kandidatar til val, og ingen av dei får meir enn femti prosent av røystene, skal det arrangerast ein andre valomgang. Men dette vil ta tid, og i saksframstillinga vert det òg peika på at to omgangar kan føra til at organisasjonen vert «valtrøytte».
Difor vert det føreslege å ha såkalla preferanseval. UiB skriv på eigne sider: «Dersom du vil stemme, må du velge en kandidat under prioritet 1. Du kan også velge en kandidat under prioritet 2 og videre nedover, men du trenger ikke».
Dette betyr altså at ein prioriterer mellom dei som stiller til val. Den eller dei med færrast røyster vert strokne, slik at det er to kandidatar att. Etter ei vekting får dei då røystene som allereie er gitt, fordi veljarane har rangert kandidatane.
Universitetet i Oslo har allereie rektorval som preferanseval dersom det er meir enn to kandidatar. Ved UiB har det ein gong i nyare tid vore tre kandidatar. Då fekk han som vart rektor, Sigmund Grønmo, meir enn femti prosent av røystene i første valomgang.
Til rektorvalet ved UiB neste år har det allereie meldt seg to kandidatar: Noverande prorektor Margareth Hagen og viserektor for utdanning, Oddrun Samdal.
Før påske
I sakspapira er forslaget at rektorvalet skal verta arrangert 22.-25.mars. Deretter er forslaget at val på medlemmer til universitetsstyret skal skje 22.-27.april. Fakulteta og studentparlamentet avgjer sjølv når dei skal ha val.
Møtestart er klokka ni torsdag, og første sak er budsjettet for 2021. Møtet ser du direkte her.
Studiestart og pandemi
Dette er resten av sakskartet:
107/20 Godkjenning av innkalling og saksliste
108/20 Godkjenning av protokoll fra møter i universitetsstyret 17. og 24.09.2020
109/20 Fullmakts- og referatsakersaker og diverse referater mv
110/20 Revisjon av universitetets masterplan for areal
111/20 Budsjett for Universitetet i Bergen 2021
112/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
113/20 Evaluering av studiestart
114/20 Status for studentopptaket 2020
115/20 Styrket satsing på livslang læring, ny organisering, ambisjoner og tiltak
116/20 Endringer i universitetets grads- og studieforskrift - Høst 2020
117/20 Endring av sammensetning i instituttråd ved Fakultet for kunst, musikk og design
118/20 Endring i valgreglementet for Universitetet i Bergen. Fastsetting av tidspunkt for rektorvalg og valg av medlemmer til universitetsstyret
119/20 BOTT økonomi og lønn. Oppstart tjenester fra DFØ
Orienteringer
Eventuelt
Nyeste artikler
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Skal drøfte omdømme- og merkevarebygging
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024