Valgt eller tilsett rektor?

Akademia har ein lang og god tradisjon med valg til sentrale leiarposisjonar. Det vil vere synd å skrote dette prinsippet berre av små pragmatiske omsyn, skriv Erik Døving i denne kronikken.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitets- og høgskolelova har ei pakkeløysing der normalordninga med valg av rektor medfører såkalla delt ledelse der høgskoledirektøren er øvste leiar for den «administrative søyla».

Det er ikkje fritt for at debatten blir rotete når argumenta for valgt rektor typisk legg vekt på sjølve valget, medan argumenta for tilsett rektor legg vekt på problema med to styringslinjer. Den siste tida har også spørsmålet om rekruttering og kompetanse sett saka endå meir på spissen.

Lova gjer det vanskeleg å få både i pose og sekk: Akademisk legitimitet og klare linjer. På same måte som Stjernø-utvalget (NOU 2008: 3) synest eg det er vanskeleg å forstå grunngjevinga for at ein valgt rektor ikkje kan vere administrativ leiar.

Roller og linjer

Klare roller og reine styringslinjer internt i høgskolens leiing er gode og relevante argument for enhetlig ledelse (og dermed tilsett rektor med dagens lov), slik NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) har gjort godt greie for i sin evalueringsrapport. Sjølv om valgt rektor er institusjonens øvste leiar, medfører arbeidsdelinga tvil om kven som er den reelle leiaren. NIFU understrekar at denne todelinga er særleg sterk og klar på HiOA.

Eg har problem med å forstå kvifor tilgangen til gode rektor-kandidatar skulle bli så mykje større og betre ved tilsetting enn ved valg

Erik Døving

Det er med andre ord rom for å gjere dette annleis enn slik vi kjenner det frå andre institusjonar med valgt rektor og same formelle arbeidsdeling. I tilfelle fortsatt valgt rektor foreslår NIFU endra arbeidsform slik at rektoratet blir meir involvert i den daglege drifta og det vil eit godt stykke på veg kompensere for ulempene. Vi bør ikkje stirre oss blinde på dei ulempene som ein har registrert med HiOAs 20 år gamle arbeidsform.

Rekrutteringsgrunnlag og kompetanse

Steinar Stjernø og Jan Grund har kanskje rett i at ein ved tilsett rektor får eit breiare rekrutteringsgrunnlag (Khrono 15. august og 7. september). Eg har likevel problem med å forstå kvifor tilgangen til gode kandidatar skulle bli så mykje større og betre ved tilsetting enn ved valg. Det er jo akkurat dei same personane som er moglege kandidatar ved valg og tilsetting, både interne og eksterne kan stille til valg (uhl § 10-2).

HiOA er proppfull av dyktige medarbeidarar, eg trur ikkje det er mangel på talent internt - såpass tru bør vi ha på eigne krefter. Forskjellen må vere at aktuelle kandidatar ikkje ønsker å stille opp i valg. Den som vil bli toppleiar for ein så stor og viktig institusjon som HiOA bør vel tåle såpass?

Stjernø har sjølv lansert ei liste med krav til ei god framtidig rektor ved HiOA (Khrono 4. september). Den kandidaten som ikkje tåler å stille til valg sviktar truleg på viktige punkt på Stjernøs liste.

Vi ønskjer naturlegvis ein rektor med alle gode eigenskapar. Stjernøs kravliste inneheld mange fornuftig punkt som det er lett å slutte seg til. Men som ellers i livet kjem det an på auget som ser. Det er ulike oppfatningar om kva krav vi bør stille og det er ulike oppfatningar om kven som oppfyller krava. 100 års forsking på området har heller ikkje gitt eit klart svar. Kven er det då som skal definere kva som er ein god rektor? Skal styret definere det? Ein innleigd konsulent? Valg er ein enkel måte å avgjere dette.

Eg er redd diskusjon om person og kompetanse kan bli ei avsporing. Det er fint med ein leiar som er omgjengeleg og lett å samarbeide med, men for meg er det viktigaste å vite kva kandidaten til høgskolens fremste stilling står for.

Har kandidaten eit program? Kvar står kandidaten fagleg-politisk? Kva ambisjonar har vedkommande for høgskolen? Kva meiner vedkomande om akademisk fridom? Kva perspektiv har kandidaten på mål- og resultatstyring i akademia?

Ein kan få inntrykk av at med ei ordning med tilsett rektor blir det berre ei praktisk utfordring å finne «den mest kompetente», at rektor berre skal vere ein nøytral teknokrat som skal sette ut i livet det styret vedtar. Ved tilsetting får rektorjobben meir preg av eit karrieresteg enn av ønske om å gjere noko bra for institusjonen, å ha ambisjonar for institusjonen. Drivkrafta for å søke rektorvervet bør ideelt vere ein forpliktelse overfor høgskolen og dens akademiske normer.

Sjølvstyre og mandat

Ved HiOA er i dag valg av rektor den einaste saka der alle tilsette deltek med lik og direkte stemme. Går vi over til tilsett rektor blir det akademiske demokratiet redusert til representasjon i diverse organ og uforpliktande diskusjonar på seminar og allmøter, det blir for tynt. Ved tilsett rektor blir det akademiske sjølvstyret også svekka ved at styreleiaren er ekstern og utpeikt av departementet. Denne breiare diskusjonen av demokrati og sjølvstyre legg dessverre ikkje høyringsbrevet opp til.

Ved valgt får rektor preg av å vere ein tillitsvalgt (eller eit «ombud» om du vil) for heile høgskolen, rektor står ansvarleg overfor oss alle. Ei valgordning understrekar at rektor skal vere lojal «nedover». Ved tilsetting står rektor ansvarleg overfor styret. Dette er ei god ordning i A/S Pølsefabrikken der styret er utpeikt av aksjeeigarane. HiOA har ikkje eigarar som krev avkastning, HiOA har lovfesta sjølvstyre, og HiOA har eit breidt samfunnsoppdrag og samansett målstruktur.

Det er uklart kva program styret er valgt på og med ekstern styreleiar blir det endå mindre forankra i institusjonen og dens verdigrunnlag. Ein valgt rektor står for eit program og truverde som person. For ein tilsett rektor er dette uklart. Skal rektor tilsettast på eit program og kven er det i så fall som skal ta stilling til dette programmet?

I pose og sekk?

NiFUs evaluering tar ikkje stilling til spørsmålet om valgt eller tilsett rektor, men det er klart at med det fokus og det datagrunnlaget som evalueringen har så blir det flest argument i retning av tilsett rektor. Når fokus er på klare linjer og effektive arbeidsformer er det ikkje overraskande at mykje peikar i retning av tilsett rektor.

Men ledelse handlar om mykje meir. Ikkje minst i vår sektor handlar det om legitimitet og mandat, om kven ein leiar skal stå til rette for. Internt i høgskoleledelsen blir kanskje linjene klarare ved tilsett rektor, men dei demokratiske linjene blir samtidig meir uklare.

HiOA bør vidareføre ordninga med valgt rektor, men då bør vi senke den formelle terskelen for å stille til valg - dei reglane vi hadde ved førre valg var altfor stivbeinte. For eksempel bør det ikkje vere formelle krav til samansetning av rektoratet. Det bør heller ikkje vere noko anna form for førehandsgodkjenning av kandidatane.

Dersom vi likevel endar opp med tilsett rektor, er eg også redd for ein lukka tilsettingsprosess med uklare premissar. Vi bør derfor sikre at tilsettingsprosessen er mest mogleg open og godt forankra, til dømes ved ei hybridløysing med ei rådgjevande votering.

Vi bør også vurdere nye ordningar som kompenserer for bortfallet av valgt rektor. Eit interessant forslag nemnt av NIFU er ei formalisering av allmøtet på fakultetsnivå, ein kan til dømes tenke seg at allmøtet har ein viss vetorett i store saker slik at dekanen med ei slik ordning må sikre formell tilslutning på fakultetets «generalforsamling».

Vi bør ikkje ofre demokratiet sjølv om det skulle stå i vegen for «handlekraft» og effektivitet. Men valgt eller tilsett rektor har truleg mindre å seie i praksis enn støyen tydar på. La oss heller brukt energien på det viktige: Delegering og ressursar til fakulteta, og godt samspel mellom administrasjon og institutt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS