Nybø: «Sektoren har liksom vore nedi føretaksmodell-grøfta»

Publisert
— Venstre har liksom ikkje komme heilt i gang enno. Eg skal leggje fram mi store sak til hausten: Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, seier statsråd Iselin Nybø (V) til at ho nyleg fekk terningkast 3 i Dagbladet. Foto: Alf Ove Hansen

— Venstre har liksom ikkje komme heilt i gang enno. Eg skal leggje fram mi store sak til hausten: Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, seier statsråd Iselin Nybø (V) til at ho nyleg fekk terningkast 3 i Dagbladet. Foto: Alf Ove Hansen

Føretak. Statsråd Iselin Nybø vil ha debatten om føretaksmodell «opp av grøfta», og over til kva ein kan gjere for å skaffe større autonomi til universitets- og høgskolesektoren.

Forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, har lansert utvalet som skal sjå på lover og forskrifter i sektoren. Og utvalet som skal komme med forslag som kan gi universitet og høgskular meir autonomi, og kanskje føretaksmodell, er like rundt hjørnet.

Men debatten i forkant av utvalsarbeidet har vore for mykje fokusert på føretaksmodellen, synest Nybø.

Venstre har liksom ikkje komme heilt i gang enno.
Iselin Nybø
Statsråd (V) (om terningkast 3 i Dagbladet)

Det er På Høyden som har intervjua statsråden.

Føretak kom inn på Jeløya

— Kor kom ideen om føretaksmodell og behov for større autonomi frå?

— Eg var ikkje på Jeløya, og dette er noko berre dei som var der kan svare på. Men dette har det blitt snakka litt om i sektoren, og det er fleire rektorarar som har meint at det er ein god ide å sjå litt på tilknytingsformer.

Les også: Rektorer ønsker mer autonomi, men ikke nødvendigvis foretak

— Men føretaksmodellen kjem ikkje frå Venstres partiprogram, og har heller ikkje vore oppe i Utdannings- og forskingskomiteen i det siste?

— Når det gjeld Jeløya-erklæringa, er det eit initiativ til å sjå på ulike tilknytingsformer, for eksempel føretaksmodellen. Og så er poenget å sikre meir uavhengige institusjonar i den andre enden. Dette er ei ganske open formulering, men så har ikkje debatten vore like open i ettertid. Eg er opptatt av å halde på utgangspunktet vårt, og den opne formuleringa. Det er ganske mykje som ligg mellom føretaksmodellen og dagens modell, som vi kan sjå på, og eg er opptatt av å få debatten inn på det sporet.

Opnar for friare eigedomsforvaltning

— Kva kan vere andre aktuelle grep for å gi meir autonomi til sektoren?

— Det er nokre eksempel som dukkar opp i min kvardag: I dag er universiteta forvaltningsorgan under statsråden, og mange opplever nok at dei har stor fridom i dag. Det er eg veldig glad for. Men det skuldast òg at eg og forgjengarane mine har halde fingrane av fatet. Kvar gong det skjer noko i sektoren er det eit press utanfrå, til dømes frå Stortinget eller næringslivet, om at statsråden skal gripe inn. Men vi må vere medvetne om kva som skal vere statsråden sitt ansvar, og kva som er universiteta sitt, seier Nybø og held fram:

Kjenner at eg blir litt irritert når folk trekk inn skulepengar i debatten.
Iselin Nybø
Statsråd (V)

— På bygg-sida er det mogleg å sjå kva som er mogleg å få til i dagens modell. Samtidig er det slik at fridom og ansvar ofte følger saman. Og det er ikkje slik at denne sektoren kan få ein haug med fridomar, utan å ta det ansvaret som følger med. Men å kunne ta opp lån, eller sjølv å disponere eigedomane sine for å lage ei meir hensiktsmessig organisering av studietilbod og forskingsverksemd er noko eg meiner vi kan sjå på.

Les også: Vil teste ut foretaksmodell

Grøftedebatt

–- Er du overraska over kor kraftig motstanden mot føretaksmodellen har vore?

— Eg er ikkje overraska over at det blir debatt i denne sektoren. Men eg synest det er synd at det blir lagt nokre premiss for debatten som er feil: For eksempel kjenner eg at eg blir litt irritert når folk trekk inn skulepengar i debatten. Det har ingenting med debatten å gjere, men likevel er det folk som argumenterer som om det er ei sanning at det blir skulepengar dersom du får ein føretaksmodell, sier ho.

— Det er synd at debatten berre har handla om føretaksmodellen. Sektoren har liksom vore nedi føretaksmodell-grøfta. Då blir debatten for eller imot føretaksmodellen, i staden for at vi diskuterer om institusjonane har den fridomen dei skal ha.

— Korleis vil prosessen med lovutvalet og utvalet som skal jobbe med muligheitsstudien vere i høve til kvarandre?

— Desse to tinga heng saman. Ein muligheitsstudie kan vere ganske brei, og dersom ein treng å gå vidare med noko, så vil det vere mogleg for oss å sluse det inn i NOU-utvalet. Vi har ikkje konkludert med dette enno, men det er rett rundt hjørnet.

Generelt er eg opptatt av at folk må ha litt seinka skuldrer. (...) Her er ingen konklusjonar trekte på førehand.
Iselin Nybø
Statsråd (V)

— Vil det vere eit partssamansett utval?

— Det kan eg ikkje gå inn på før det er endeleg klart. Men eg kan forsikra om at det skal bli rikeleg med høve til å debattere. Det kan folk ta heilt med ro. Generelt er eg opptatt av at folk må ha litt seinka skuldrer. Alle ønsker det beste for sektoren, og så må vi berre sjå om vi har organisert oss i dag på ein måte som er optimal, eller om det bør gjerast justeringar, eventuelt tenkast heilt nytt. Her er ingen konklusjonar trekte på førehand.

Vil ha betre karakter

— I Dagbladet si karakterbok for regjeringa får du ein trear. Du får karakteristikkane kunnskapsrik, prinsippfast, stor arbeidskapasitet, men elles midt på treet: Kor skuffa er du?

— Eg las det i dag tidleg, og eg har jo gått på juss, der karakterar tel. Og ein kan ikkje slå seg til ro med ein trear. Samtidig blei eg kalla mellom anna kunnskapsrik og prinsippfast, og det er langt frå det verste eg har blitt kalla, så her er det berre å stå på. Eg ligg ikkje vaken på grunn av karakteren, sier Nybø og avsluttar:

— Men eg synest at oppsummeringa til Dagbladet er ganske god, for Venstre har liksom ikkje komme heilt i gang enno. Eg skal leggje fram mi store sak til hausten: Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Vi har brukt veldig mykje tid denne våren til å sette vårt stempel på denne, ved å meisle ut våre prioriteringar, våre satsingar og våre tankar rundt den vidare utviklinga av sektoren inn i den planen.

Les også: Flere saker om foretaksdebatten

Fakta

Regjeringen skal, ifølge siste regjeringserklæring: Ta initiativ til en mulighetsstudie for å se på ulike tilknytningsformer for universitets- og høgskolesektoren, som for eksempel foretaksmodellen, for å sikre mer uavhengige institusjoner.

Dette er nå under forberedelse.

Et nylig nedsatt utvalg skal foreta en grundig gjennomgang av Universitets- og høgskoleloven og være ferdig i 2020.

Samarbeid. OsloMet-rektor Curt Rice er redd U5-gruppen vil konkurrere med UHR, og dermed svekke interesseorganisasjonen. Studentene opplever deres speiling av samarbeidet som uproblematisk, men foreslår at rektorsamarbeidet tas opp i UHR.