Ein kan på nytt lokalisere all samlingsbasert grunnskulelærarutdanning og barnehagelærarutdanning i Nesna, skriv Kåre Fuglseth. Foto: Nord universitet

Det er sjølvsagt fullt mogleg å drive god lærarutdanning på Nesna

Nord. Det har jo Nesna-miljøet sjølv vist, skriver professor Kåre Fuglseth ved Nord universitet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I forslaget til ny struktur på studiestedene ved Nord universitet er det utan tvil nedlegginga av studiestaden i Nesna som er det mest dramatiske. Det er her omstruktureringa vil få dei største konsekvensane for lokalsamfunnet og for skular og barnehagar i distriktet.

Til sjuande sist er det snakk om kva ein vil prioritere, men samfunnsansvaret bør, slik eg ser det, vege tyngst.

Kåre Fugleseth

Argumenta både for og mot nedlegging gjeld både geografi og kvalitet, men ingen av motargumenta er særleg avgjerande argument. Sjølvsagt er det fullt mogleg å drive lærarutdanning på Nesna med høg kvalitet, om ein vil. Det har jo Nesna-miljøet sjølv vist.

Det er verd å merke seg i denne vurderinga at då Nord universitet sette i gang den nye femårige grunnskulelærarutdanninga i 2017, la Bodø og Levanger ned sine samlingsbaserte studiar og gav alle desse studieplassane til Nesna.

Nesna skulle få utvikle sin «Helgelandsmodell» (samlinger fleire andre stader enn på Nesna) og rekruttere frå heile Nordland og Nord-Trøndelag. Dette viste seg å vere eit godt grep. Som venta, gjekk rekrutteringa til Nesna kraftig opp, og utdanninga går godt. I ettertid har Levanger starta opp att sin samlingsbasert klasse, noko som på ein måte er undergravende for Nesna-miljøet.

Men Nord kan enkelt halde fram denne organiseringa med Nesna som samlingsbasert spesialmiljø, slik fleire av dei fagtilsette der òg har teke til orde for.

Ein kan på nytt lokalisere alle samlingsbaserte grunnskulelærarutdanningar og barnehagelærarutdanningar i Nesna og byggje opp miljøet med sikte på nasjonal rekruttering, om ein vil. Det kostar litt meir, kanskje. I forslaget frå rektor ønskjer Nord å prioritere annleis, til dømes vil ein kunne nytte pengane ein sparer til eit femte doktorgradsprogram.

Til sjuande sist er det då snakk om kva ein vil prioritere, men samfunnsansvaret bør, slik eg ser det, vege tyngst.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS