Lærarutdanning på avvegar

Forslaget om ei obligatorisk femårig lærarutdanning for grunnskolelærarar er kome frå ei regjeringsplattform utan ei grundig vurdering av konsekvensane på førehand, skriv kronikkforfattarane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsministeren har foreslått å utvida dagens lærarutdanning frå fire år til eit bachelor- masterstudium på fem år. Går dette forslaget igjennom, vil det ikkje berre ha konsekvensar for utdanningslengda, men også for andre sider ved lærarutdanninga.

Det er i dag mange lærarar med mastergrad som underviser i grunnskulen, og fleire er i gang med eit slikt studium. Dette er lærarar som gjer ein utmerka jobb, og som skulen har god bruk for. Det er derfor gode grunnar for å leggja forholda til rette og stimulera til at fleire lærarar får ein slik utdanningsbakgrunn.

Dette er likevel noko heilt anna enn å gjera eit masterstudium obligatorisk for alle som vil bli lærarar i grunnskulen. Ei slik ordning vil etter vår meining ha mange uheldige konsekvensar:

Eit obligatorisk forskingsbasert masterstudium vil føra til ei sterkare teoretisering av lærarutdanninga og dermed også av grunnskulen. Som eit resultat av pisatestane har dei teoretiske faga fått ein breiare plass både i grunnskulen og i lærarutdanninga. Dette har gått på kostnad av dei praktiske og estetiske faga. For mange elevar er dette ei uheldig utvikling. Skulen kan bli mindre engasjerande og relevant med tanke på allsidig personleg vekst, og få verknad for seinare yrkesval og yrkesutøving:

Ei obligatorisk masterutdanning vil også få konsekvensar for rekruttering av søkjarar. Det er tvilsamt om eit masterstudium på fem år vil vera særleg attraktivt for mange av dagens ungdom. Lønns- og arbeidsvilkåra i skulen blir ikkje opplevd slik at det verkar tillokkande å satsa på ei lang utdanning.

Når konsekvensane blir nærare vurderte, er det grunn til å tru at forslaget blir skrinlagt.

Sigmund Sunnanå, Åsulv Frøysnes, Per Østerud

Prognosane viser at vi i åra framover vil få stor mangel på lærarar. Med ei obligatorisk femårig utdanning må ein rekna med at opptakskapasiteten blir betydeleg mindre. Alt i dag er den for liten, spesielt for barnesteget. Det vil derfor bli behov for ekstraordinære tiltak, for eksempel kortare utdanningar som kvalifiserer for arbeid i skulen.

Etter vår meining vil lærarutdanningsinstitusjonane i næraste framtid verken ha kapasitet eller kompetanse til å ta seg av ca. 2000 masterstudentar årleg. Eit masterstudium krev undervisning og rettleiing på høgt fagleg nivå. Mange av våre utdanningsinstitusjonar vil mangla fagfolk på dette nivået. Resultatet vil bli at lærarutdanninga ved fleire institusjonar må leggjast ned, og utdanninga sentraliserast og byggjast opp ved dei største institusjonane. Dette vil kunne gå ut over rekruttering av studentar frå distrikta og skapa større problem med å få lærarar til grisgrendte strøk.

Igrunnskulen er det behov for lærarar med utdanning i ulike fag og med erfaringsbakgrunn frå ulike samfunnsområde. Vi bør derfor opne for nye vegar til læraryrket, prøve ut nye ordningar og gjera lærarutdanningssystemet meir fleksibelt. Vi kan for eksempel tenkja oss at søkjarar med ulik fagbakgrunn blir tekne opp til lærarutdanning basert på faglege og personlege intervju i staden for karakterkrav i enkeltfag frå vidaregåande opplæring. Det bør dessutan opnast for eit effektivt og yrkesinnsikta bachelorstudium som grunnlag for tilsetjing i grunnskulen, og for ei lærarutdanning med større vekt på praktiske og estetiske fag.

Lærarutdanninga må vere innretta mot lærararbeid i den skulen den skal kvalifisera for. Det er eit mål å gjera skulen til ein attraktiv og stimulerande arbeidsplass både for elevar og lærarar. Det viktigaste er ikkje lengda på lærarutdanninga, men å få interesserte, motiverte og fagleg godt kvalifiserte folk til å velja lærargjerninga. Det er først og fremst den gode læraren som kan skapa den gode skulen.

Forslaget om ei obligatorisk femårig lærarutdanning for grunnskolelærarar er kome frå ei regjeringsplattform utan ei grundig vurdering av konsekvensane på førehand. Når desse blir nærare vurderte, er det grunn til å tru at forslaget blir skrinlagt. Vi kan tenkja oss ei lærarutdanning på tre nivå: Bachelor, fireårig og master. Alle må kvalifisera for tilsetjing i grunnskulen. Vi trur at det med basis i ei god bachelorutdanning vil vera mange som ønskjer å ta ei vidare påbygging til masternivå når forholda ligg til rette for dette.

(Kronikken har vore publisert i Stavanger Aftenblad).

    

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS