Digital Undervisning

Kva gjer du når «Titties von Yolo Swag» møter til forelesing?

Både forelesarar og studentar er i puberteten når det gjeld digital undervisning, meiner Jessica P. B. Hansen. Ho tar doktorgrad om samtalar på skjerm.

— Blikkretning, nikk, ansiktsuttrykk, kroppsrørsler er viktig i all samtale og noko vi brukar for å skape meining og forstå kvarandre. Då blir det vesentleg om du har på kamera eller ikkje, seier Jessica P. Belisle Hansen.
— Blikkretning, nikk, ansiktsuttrykk, kroppsrørsler er viktig i all samtale og noko vi brukar for å skape meining og forstå kvarandre. Då blir det vesentleg om du har på kamera eller ikkje, seier Jessica P. Belisle Hansen.
Publisert Oppdatert

— Dette handlar om at mange av oss er usikre, både studentar og forelesarar, seier Jessica Pedersen Belisle Hansen.

Fakta

Svarte skjermar

  • Ei undersøking ved Høgskolen i Innlandet viser at 7 av 10 studentar skrur av kamera heilt eller delvis under digital undervisning.
  • Færre deltidsstudentar enn heiltidsstudentar skrur av kamera.
  • Studentene oppgir fleire grunnar til å skru av, blant dei personvern og frykt for misbruk av data og at dei ikkje har fått tid til å ordne seg på håret.
  • Fleire forelesarar har i Khrono kritisert studentane for å stille med svarte skjermar til undervisning.
  • Regjeringa vil måndag informerer om nye tiltak i kunnskapssektoren. Fleire universitet har alt varsla at dei vil forlenge tiltak, mellom anna digital undervisning, fram til 31. januar.

Samstundes med at digital undervising brått tok over, var ho i fjor ferd med å fullføre doktorgraden om samtalar på skjerm. Studien av «video-mediert tolking i sykehussamtaler», blei akutt relevant for eit langt breiare lag enn berre helsesektoren.

— I fjor underviste eg, og tok også nokre kurs, og slik sett vore både undervisar og student. Eg har brukt tid på å tenke gjennom korleis vi brukar teknologien til å skape eit interaksjonelt rom, skape samhandling, men også korleis vi skal tilpasse læringsaktiviteten til det rommet vi er i. Vi må omstille oss, men vi manglar kunnskap om digital undervisning, seier Hansen, som er knytt til Senter for flerspråklighet ved Universitetet i Oslo.

Hår og svarte hol

Diskusjonen om svarte skjermar i undervisninga har fått fart dei siste dagane, etter at ei undersøking frå Høgskolen i Innlandet viste at sju av ti studentar skrur av kamera i digital undervising, heile tida eller delar av tida.

I Khrono gav professor ved den same høgskulen, Sylvi Rørvik, uttrykk for at studentane ikkje tar ansvar og gjer undervisninga dårlegare når dei skrur av kamera. Ho var lei av stirre på eit «svart hol».

Mange av studentane som vart intervjua i studien, forklarte svarte skjermar med at dei ikkje kjende seg presentable, og at dei for eksempel ikkje hadde fått ordna seg på håret.

Det å kunne vere trygg i det uvante digitale rommet kan vere nøkkelen til å få undervisninga til å fungere, meiner Hansen.

— Og dette gjeld både student og forelesar.

Det er lett å skubbe ansvaret over på studentane når dei skrur av kamera, synest Hansen.

Den vanskelege samtalen

— Veldig mange forelesarar underviser digitalt for første gong, og mange kløner, meg sjølv inkludert. Eg veit ikkje heilt kva som er innanfor og utanfor. Det kan vi ikkje forvente at studentane heller gjer enno.

Ho samanliknar det digitale rommet med det fysiske. I begge handlar det om korleis vi handlar og samhandlar sosialt.

— Vi har vore på ein kafé tusen gonger. Vi veit nøyaktig kva vi skal gjere, vi går inn, stiller oss i kø, bestiller ein kaffi, finn oss eit bord. Slik er det også med ein stor forelesingssal, det er eit rom og ein situasjon vi kjenner, vi veit kor vi kan setje oss, har ei kjensle av kor aktive vi vil vere, og så vidare. Det er kanskje uvant første gongen, men så finn vi måtar å gjere det på. Der veit i det minste forelesar korleis vi gjer det. Men det digitale undervisningsrommet er fortsatt uvant for mange av oss, seier ho.

Det kan verke som om vi må minne oss sjølve på at undervisning først og fremst er ei sosial samhandling – ikkje berre ein teknologi, meiner Hansen.

I doktorgradsarbeidet har ho, ved bruk av samtaleanalyse, studert korleis samtalar utspelar seg og fungerer (eller ikkje fungerer) når ein tolk skal formidle mellom ulike språk. Det er i seg sjølv komplisert nok, ytringane våre, verbale og kroppslege, vev seg inn i kvarandre i intrikate mønster.

Analysane hennar understrekar kor avhengig samtalane er av samanhengen dei foregår i, og kva forventningar samtalepartane har til korleis det skal gjerast.

Og alt dette blir med ein gong endå vanskelegare straks vi flyttar frå det fysiske til det digitale rommet.

Er det nokon der ute?

— Når vi snakkar om fysiske handlingar, bestemmer vi kva rom vi skal bruke utifrå kva vi skal gjere. Det finst lite kunnskap om læringsaktivitet i det digitale rommet og korleis vi kan løyse utfordringane, seier Hansen.

Ho har sjølv erfaring som teiknspråktolk og har forska på tolking mellom talte språk. Det var erfaringa frå praksis som sette i gang det akademiske arbeidet. Som praktikar hendte det ofte at ho ikkje fekk sjå dei ho tolka for.

— Det gjer tolkinga vanskelegare. Blikkretning, nikk, ansiktsuttrykk, kroppsrørsler er viktig i alle samtale og noko vi brukar for å skape meining og forstå kvarandre. Det gjeld også i undervisning. Då blir det vesentleg om du har på kamera eller ikkje. På den andre sida, sjølv om 140 studentar skrur på kamera, ser du berre 140 knøttsmå boksar. Eg kan sjå at det er nokon der, men det er umogleg å vite om dei ler av vitsane mine.

Til våren skal Jessica P. Belisle Hansen disputere for doktorgraden med ei avhandling om tolking ved bruk av videosamtalar på sjukehus. Pandemien med nedstenging av fysisk undervisning har brått gjort materialet meir aktuelt enn ho hadde forestilt seg.
Til våren skal Jessica P. Belisle Hansen disputere for doktorgraden med ei avhandling om tolking ved bruk av videosamtalar på sjukehus. Pandemien med nedstenging av fysisk undervisning har brått gjort materialet meir aktuelt enn ho hadde forestilt seg.

Når det gjeld å forelese for store grupper, «knøttsmå boksar», trur Hansen at vi må tenke nytt om kommunikasjonen. Ein tommel opp, ein party-hatt, ei melding på chatten. Slikt kan bli verdifulle tilbakemeldingar, i alle fall når lærar og student saman skapar og knekker kodane.

Gjennom kursa ho har tatt i det siste har ho kjent på utfordringane frå studenten si side.

— Korleis skal eg prate, tilpasse meg det dei andre gjer? Det å sjå rørsler på ein skjerm er svært forskjellig frå å sjå rørsler i eit rom. For eksempel kan det vere vanskeleg å vite kven sin tur det er til å snakke – og kven som er kven.

I Zoom står namna på deltakarane på skjermen, det kan vere ei hjelp.

— Men ein kan jo ikkje alltid vite om deltakaren har oppgitt det rette namnet. Her om dagen var eg i eit læringsrom der studenten starta deltakinga si som «TittiesVonYoloSwag». Kva gjer du då når du vil at studenten skal svare på eit spørsmål? Eg kan jo ikkje bruke blikk slik eg vanlegvis gjer i klasserommet når eg vil at nokon skal seie noko og eg ikkje kjenner namnet deira.

Rett til å skru av

Utdanningsinstitusjonar og styresmakter har i liten grad kome med konkrete, kunnskapsbaserte råd om korleis arbeids- og studielivet på Zoom og Teams eigentleg bør gjennomførast på ein god måte, synest Hansen.

— Å ta i bruk denne teknologien inneber jo ikkje å berre flytte læringsaktiviteten. Det endrar nokre av dei grunnleggande premissa for undervisninga.

I vår vil ho halde fram med å utvikle kunnskap om digital undervising både teoretisk og i sin eigen praksis. Då har ho bestemt seg for å ikkje vere for streng, og ikkje stille for harde krav i det digitale rommet.

— Eg vil gå inn for å motivere, og prøve å forklare tidleg kvifor det er så viktig for meg at studentane er med og at vi er saman om undervisninga. Studentane er også ansvarlege for det interaksjonelle rommet vi skaper saman.

Ho meiner samstundes det kan vere gode grunnar til å slå av kamera. Sjølv har ho måtta ligge fleire månader på sofaen med beina opp etter ein menisk-skade.

— Då meinte eg at eg hadde rett til å skru av kamera, men eg prøvde å vise på andre måtar at eg var med. Eg trur undervisarane, meg sjølv inkludert, er tente med å vere litt rause.

Powered by Labrador CMS